Ny avtale som styrkjer barne- og ungdomskulturfeltet

Ny avtale som styrkjer barne- og ungdomskulturfeltet

Kulturtanken har inngått ein ny intensjonsavtale med Norsk kulturskuleråd, UKM og Ungdom og Fritid.

Illustrasjonsbilde: Scanpix

Avtalen understrekar viktigheita av samordning, heilskapstenking og dialog partane i mellom i arbeidet med å løfte satsinga på barne- og ungdomskultur.

– Eg er glad for dette initiativet og ser fram til å bidra til gode prosjekt, dialog og heilskapstenking på barne- og ungdomskulturfeltet. Barn og unge fortener best mogleg kulturtilbod og eg håpar at vi kan jobbe systematisk for å skape endå fleire gode og relevante møte med kunst- og kultur for dei unge, seier Kulturtankens direktør Øystein Strand.

Mål for avtalen

Dei fire avtalepartane er alle aktørar i det offentlege kulturtilbodet og har primært barn og unge som sluttbrukarar. Partane vil med utgangspunkt i denne avtalen, saman og kvar for seg, arbeid for å forankre dei same måla hos andre aktørar i offentleg, frivillig og privat sektor.

Målet til avtalen er å:

• Gi barn og unge fleire, betre og meir relevante møte med kunst- og kultur.

• Byggje meistringskjensle, sjølvtillit og sjølvkjensle hos barn og unge.

• Gi barn og unge høve til å påverke oppvekstmiljøet sitt, kulturelle tilbod og innhaldet i kulturomgrepet.

• Skape eit inkluderande og mangfaldig kulturtilbod til målgruppa ved å motverke marginalisering, utanforskap og diskriminering, og gi alle barn og unge like moglegheiter uavhengig av bustad, bakgrunn, funksjonsnivå og sosiokulturelle forhold.

Last ned intensjonsavtalen (pdf)

Om avtalepartane:

Kulturtanken er ein statleg fagetat for kunst og kultur til barn og unge, underlagd kultur- og likestillingsdepartementet. Etaten har det nasjonale ansvaret for DKS, der alle skuleelevane i landet møter profesjonell kunst og kultur. Kulturtanken forvaltar fleire oppdrag og ordningar som skal modernisere og utvikle barne- og ungdomskulturfeltet og forbetre moglegheitene for deltakinga til barn og unge i kulturlivet.

Norsk Kulturskoleråd er ein nasjonal organisasjon for kulturskuleutvikling eigd av kommunane, og med finansiering mellom anna over Kunnskapsdepartementets budsjett. Opplæringsloven pålegg alle kommunar i Noreg å ha eit kulturskuletilbod. Som lokalt ressurssenter skal kulturskulen òg medverke til å styrkje kulturell kompetanse og utfalding i lokalsamfunnet gjennom forpliktande samarbeid med skule -, kultur-, fritids- og helsesektoren.

UKM Noreg er ein utviklings- og koordineringsaktør for Ung Kultur Møtes, finansiert av Kultur- og likestillingsdepartementet. UKM er landsdekkjande, forankra i kommunar og fylke; ein møteplass som omfattar alle kulturuttrykk, der eigenaktivitet og meistring står i fokus, og der ungdom er aktive i alle prosessar. Samordning, medverknad, digitalt ungdomsarbeid og datakultur er spesielle satsingsområde.

Ungdom og Fritid (UoF) er ein demokratisk barne- og ungdomsorganisasjon for brukarar, frivillige og tilsette i fritidsklubbar, ungdomshus og opne møteplassar. Fritidsklubbane er landets nest største fritidsarena for barn og unge. Dei utgjer eit heilårs kulturtilbod både som øvingsstad og visningsarena, og blir kjenneteikna av at ungdom utviklar og skaper kulturuttrykk på eigne premissar. UoF fordeler frifondsmidlar frå Kultur- og likestillingsdepartementet.

Meld deg på nyheitsbrevet vårt og hold deg oppdatert om Kulturtanken, Den kulturelle skulesekken og kunst og kultur for barn og unge.