Nye kriterium for direktekommunar
Det er utarbeidd nye kriterium for direktekommunar i Den kulturelle skulesekken (DKS).
Direktekommune blir brukt som nemning på kommunar har heile ansvaret for administrasjon og programmering av DKS-tilbodet for elevar i grunnskulen og eventuelt barnehagebarn. Det er i dag 11 direktekommunar i DKS. Etter dei nye kriteria må kommunar som ønskjer å vere direktekommune søkje om dette. Dette gjeld òg eksisterande direktekommunar.
Les dei nye kriteria her (PDF)
Søknadsfrist
Frist er 1. oktober 2022.
Søknadsbehandling
Kulturtanken skal behandle søknader etter kriterium fastsett av Kulturdepartementet og Kunnskapsdepartementet.
Berekning av tilskot
Tilskotet til direktekommunane vil bli berekna av Kulturtanken ut frå gjennomsnittleg kronebeløp per elev i den nasjonale fordelinga av spelemidlar til DKS, pluss eit tillegg for utvikling på 12 prosent.
Søknad
Søknad blir sendt til postmottak@kulturtanken.no