bilde i u-fokus av en ung dame på telefonen

Foredrag med Petr Svarovsky: Appar og spel for smarttelefon

Kan smarttelefonar òg vere utgangspunkt for kunsterfaringar?

I Kulturtankens seminarrekkje om bruk av nye teknologiar, er det denne gongen smarttelefonen som skal på radaren. Medietilsynet talfestar at 81% av norske barn mellom 9 og 11 år har ein smarttelefon og vi veit at mykje tid går med føre skjermen. Men kan smarttelefonar òg vere utgangspunkt for kunsterfaringar? I så fall, korleis artar eigentleg ei kunsterfaring på smarttelefon seg? Kva er spesielt ved dette mediet og korleis kan vi bruke det i kunstformidling til barn og unge?

Desse spørsmåla og meir vil vere på dagsordenen når kunstnar Petr Svarovsky gjestar Kulturtanken og legg fram feltrapporten sin «Art experience in apps and games for mobile medias». I møtet mellom kunst og teknologi oppstår nye moglegheiter, og Svarovsky vil gi innsikter og døme på korleis smarttelefonar gjennom interaktiv leik gir barn høve til å oppøve eit kritisk blikk.

Petr Svarovsky (fødd i 1962 i Mlada Boleslav, Tsjekkoslovakia) er ein internasjonalt anerkjend kunstnar som bur og arbeider i Oslo. Han starta kunstkarrieren sin på 90-talet som ein av grunnleggjarane av ‘Silver’, ei samhandlingsplattform for ‘new media art.’ Han har arbeidet med interaktive lydinstallasjonar, avansert VR og undersøkt internett og mobiltelefonar som kunstmedium. I 2012 grunnla han Carrot Pop, eit selskap som har blitt kjent for ‘mixed reality’ apper for mobil. Blant desse er den verdskjende S.M.T.H. (Send me to heaven) og #1 i App Store - game FoldSwallow.

Formålet med seminarrekkja er å ta opp tema som påverkar og endrar barns og unges opplevingar av kunst og kultur. Seminara blir leidde av dei fremste forskarane og kunstnarane på feltet. Deira bidrag og feltstudiar samlast og blir gitt ut som forskingsrapportar i Kulturtankens publikasjonskanalar og nettsider.

Når: Fredag 6. april 2018
Stad: Kulturtanken, Gullhaug torg 2