Foredrag: YouTube – leik, estetikk og danning

Foredrag: YouTube – leik, estetikk og danning

Med Stine Liv Johansen, lektor ved Aarhus Universitet.

I foredraget sitt gir Stine Liv Johansen, som forskar i barns mediebruk, døme på korleis YouTube fungerer som ein del av barns leikekultur – og kanskje som ein del av danninga deira som kritiske og kreative mediebrukarar.

Omkring 70% av danske barn i alderen 7-12 år er på YouTube kvar dag. Mange foreldre lurer nok på kva som er så fascinerande ved å sjå andre barn og unge spele spel, sminke seg eller opne esker med leikar. Men YouTube er meir enn tom underhaldning, og sett frå barna sitt eige perspektiv, gir plattforma tilgang til å dyrke interesser, til å bli underhalden og til å fordjupe seg i estetiske uttrykk som vaksne kan ha vanskeleg med å forstå.

Stine Liv Johansen, f. 1974, er lektor, ph.d. på "Center for Børns Litteratur og Medium" ved Aarhus Universitet. Ho har gjennom snart 20 år forska på små og større barns bruk av medium i kvardagslivet, og er forfattar av ei rekkje artiklar og bøker om emnet. Johansen er dessutan medlem av det danske Medierådet for Børn og Unge.