tre barn med vr-briller

Foredrag: Når kulturfeltet møter digitalisering – kva står på spel?

Med Tonya Nelson, direktør for Museer og samlingar ved University College London (UCL).

Nye digitale teknologiar endrar kulturbruken vår, deltakingsformer og forventningar som publikum. Kva står på spel for kulturinstitusjonane i møte med moglegheitene og utfordringane i den digitale kulturen? Korleis vil digitaliseringa innverke på kunst- og kulturformidling til barn og unge?

Tonya Nelson er direktør for Museer og samlingar ved University College London (UCL), og styreleiar for The Bomb Factory Art Foundation, ei stifting som arbeider for å skape synergiar mellom nabolagsengasjement, kunstnaratelier, offentlege visningsstader og læringsrom. Tonya Nelson deltok i prosessen med å lage ein digital strategi for det britiske kulturfeltet og vil dele erfaringar frå dette arbeidet på Kulturtankens lunsjseminar. Ho bidrog i arbeidet med rapporten Culture i Digital (2018) som ein av fleire leiarar frå den britiske kultursektoren, på oppdrag frå den britiske regjeringa. Ho vil drøfte døme på politiske tilrådingar utarbeidde for å støtte oppom ein effektiv bruk av digital teknologi for å nå nye publikumsgrupper og til å formidle kunst og kultur til barn og unge.

Foredraget blir halde på engelsk og blir organisert i samarbeid med Munchmuseet.

Formålet med lunsjseminarrekkja er å ta opp tema som påverkar og endrar opplevingane til barn og unge av kunst og kultur. Seminara blir innleidde av fremståande forskarar og kunstnarar på feltet.