barnetegning av mennesker i en gymsal

Etikkseminar: Ver varsam, utøvar!

Sjå halvdagsseminaret i opptak.

Kvar dag er hundrevis av utøvarar - musikarar, forfattarar, formidlarar og kunstnarar av alle slag,  ute på besøk i skular og klasserom landet rundt. Kva for nokre potensielle etiske problemstillingar kan utøvarane komme opp i når dei møter elevane?


Etikkseminaret "Ver varsam, utøvar"
Tid: Onsdag 5. september 2018
Kvar: Kulturtanken, Gullhaug torg 2, Nydalen
Samarbeidspartnere: Østfold kulturutvikling og Scenekunstbruket

Kulturtanken arrangerer ei seminarrekkje med etiske problemstillingar knytt til Den kulturelle skulesekken. Det første i rekkja heiter: Ver varsam, utøvar! Vi har snakka med prosjektleiar Kristin Stoltz Thomassen om seminaret.

Kvifor set Kulturtanken i gang ei seminarrekkje for etiske problemstillingar knytt til Den kulturelle skulesekken?

- Fordi vi ser, gong etter gong, at det i skjeringspunktet mellom elevar, skule, utøvarar og tilskotsmottakarar er etiske utfordringar som kvar enkelt søkjar å løyse på best mogleg måte, men der det gjerne ikkje er eit overordna blikk eller regelverk å støtte seg til. Ved at vi i fellesskap klargjer desse utfordringane og tek samtalen om det, kan vi komme fram til løysingar som kjem alle til gode. Vi i Kulturtanken skal vere eit ressurssenter for alle med berøring av Den kulturelle skulesekken, og då er det òg på sin plass at vi av og til òg tek dei vanskelege samtalane, om det som kanskje ikkje er så lett å ta opp på tomannshand. At vi løftar det på eit meir prinsipielt grunnlag.

Kven er seminaret aktuelt for?

- Dette første seminaret har tema etiske problemstillingar som utøvarar står overfor i møte med elevar og skulen. Det betyr ikkje at det berre er aktuelt for utøvarar, men også tilskotsmottakarar som jo er arbeidsgivarar for alle desse utøvarane, og dessutan andre organisasjonar eller produksjonsmiljø som opererer i DKS-universet.

“Ver varsam, utøvar” er tittel på første seminar – kvifor utøvaren? Og kva tema vil de klargjere?

- Fordi utøvaren er førstelinja i utøvinga av DKS. Det er utøvaren som kvar dag, heile skuleåret gjennom, er ute i skular frå nord til sør, og møter elevane på heimebanen deira, skulen. Det er det viktig å ta på alvor. Kvifor er det til dømes slik at alle andre som har eit arbeidsforhold i skulen må leggje fram vandelsattest, medan DKS-utøvarar er unnatekne dette? Kvifor kan ein ikkje ta bilete av elevar og dele dei i sosiale medium? Kvifor kan ein ikkje selje boka eller plata eller kva som helst til elevar på skulen?

Kven har størst ansvar for å vareta eleven – læraren eller utøvaren?

- Heilt klart læraren. Men det fråtek ikkje utøvaren for ansvar. Som utøvar har ein det kunstnariske opplegget sitt, men korleis gjennomføre det på best mogleg måte og samtidig vareta eleven på arenaen deira? Kan du som utøvar til dømes bruke ein tilfeldig elev til å klargjere delar av opplegget ditt, utan å vite meir om eleven enn det du ser? Det er spørsmål vi kjem til å klargjere i løpet av seminaret.

Tema for debatten er «Korleis behandlar du som utøver sensitive opplysningar som elevar deler med deg?» Kan du seie noko om (gi døme på) kva situasjonar som fører til at elevar deler sensitiv informasjon med utøvarar i Den kulturelle skulesekken?

- Kunst og kultur opnar dører inn til det inste i oss menneske. Dette gjeld òg det yngste publikummet, som kanskje enno ikkje har dei tillærte grensene som vi vaksne har. Døme: Du er som utøvar ute på ein skuleturné med følgjande skrivekurs. Bøkene du er ute med tematiserer vald mot barn. Kva gjer du då med historiene som elevane skriv og som avdekkjer at dei sjølv bur i ein valdeleg heim? Har du som utøver ansvar overfor eleven eller er det skulen, tilskotsmottakar eller anna hjelpeapparat som står klar for å hjelpe? Dette blir i dag løyst på svært ulik måte, frå tilskotsmottakar til tilskotsmottakar og frå utøvar til utøvar. Kva er den beste måten? Er det éin beste måte å løyse dette på? Det er debatten vi håpar å kunne ta.