Foredrag: VR/AR i formidling av kunst til barn og unge
Med Kim Baumann Larsen.
Kulturtanken inviterer til ei ny seminarrekkje og opne samtalar om bruk av nye teknologiar i Den kulturelle skulesekken. Formålet med seminara er å ta opp utfordrande tema som påverkar og endrar barns og unges opplevingar av kunst og kultur. Seminara blir leidde av dei fremste forskarane på feltet. Deira bidrag og feltstudiar samlast og blir gitt ut som forskingsrapportar i Kulturtankens publikasjonskanalar og nettsider.
Tema i første runde er korleis den digitale kvardagen vår påverkar måtane vi ser og sansar kunst og kultur. Korleis påverkar den digitale kvardagen vår måtane vi ser og sansar kunstopplevingar? Gjennom smarttelefonar og nettbrett har barn og unge tileigna seg radikalt nye måtar å oppleve verda på. Det digitale utfordrar og endrar måten vi møter og erfarer livet. Der er viktig at vi debatterer problemfeltet gjennom kunnskap og innsikt, derfor inviterer Kulturtanken til seminar om temaet digital disrupsjon i kunst og kultur.
Først ut om temaet er Kim Baumann Larsen, som denne fredagen legg fram rapporten sin "VR/AR i formidling av kunst til barn og unge".
Når: Fredag 20. oktober 2017
Stad: Kulturtanken, Gullhaug torg 2