Portrettbilde av Lisa Nagel

Doktor Nagels dilemma

Det var noko i scenekunsthendinga som oppstod i møtet med barna, og som ingen snakka om. Det var to verder som ikkje snakka saman.

Lisa Nagel Foto: Lars Opstad / Kulturtanken

Dette seier Lisa Nagel som, med bakgrunn frå teatervitskap og dramapedagogikk, har sett veldig mykje scenekunst for barn gjennom mange år. Ho hadde lagt merke til at kontakten, eller  eventuelt mangel på kontakt, mellom scene og sal i lita grad blei teken med i diskusjonen om kunstnarisk kvalitet i scenekunst for barn. Denne observasjonen, og dessutan ei utlysing frå Norsk barnebokinstitutt, blei utgangspunkt for avhandlinga Kunst for barn som hendingar. Ein kritisk diskusjon av analytiske perspektiv i kunst for barn, med døme frå scenekunst, biletbøker og biletbokappar.

Problemstillingane og diskusjonane i avhandlinga er aktuell tematikk for alle som jobbar med kunstproduksjon eller -formidling til barn og unge. Derfor inviterte vi Nagel til ein prat.

Kunsten og barnet

Tittelen på avhandlinga er Kunst for barn som hendingar. Du skriv at med «hending» meiner du møtet mellom kunsten og barnet. Kan du utdjupe dette?

Dette er eit litt komplisert teoretisk-analytisk tankesprang, men eg skal prøve å forklare på ein lettfatteleg måte, byrjar Nagel.

- Tradisjonelt har kunst blitt vurdert som verk og objekt som eksisterer uavhengig av tilskodaren eller betrakteren. Dette kunstsynet knyter vi først og fremst til modernismen, ein periode der autonomien til kunsten, altså dens sjølvstende, har vore ein sentral dimensjon. Å vurdere kunst som ei hending inneber eit anna kunstsyn, der verkte ikkje blir forstått som eit objekt, men som ein relasjon mellom objektet/verket og tilskodaren eller betrakteren.

I dette ligg det at det er den som ser og opplever kunsten som skaper han, fordi det er betrakteren som gir liv til eller realiserer eit verk – gjennom sitt betrakterskap. Ein konsekvens av dette er at kunst for barn, vere seg scenekunst, biletbøker eller skulpturar, til dømes, må forståast som ein relasjon mellom verket og betrakteren, eller kunsten og barnet, om du vil. Det er dette som kan forståast som møtet mellom kunsten og barnet. Kunsten eksisterer ikkje i eit tomrom, men oppstår som eit møte mellom tilskodar og verk. Denne tenkinga er det som ligg til grunn for at eg kallar det «kunst som hendingar».

Barns opplevingar

Det overordna forskingsspørsmål frå avhandlinga er som følgjer: «I kva grad og korleis er det mogleg å vurdere kunstuttrykk for barn som kunst og samtidig ta inn over seg barns opplevingar og perspektiv i ein diskusjon av særdrag ved dei same kunstuttrykka?».

Kan du forklare med andre ord kva du var ute etter å finne ut?

I feltet kunst for barn eksisterer det ein seig og hardlivet myte om at kunstnarisk kvalitet og barns opplevingar ikkje har noko med kvarandre å gjere. Den som er oppteken av barns opplevingar, blir ofte skulda for å vere instrumentell, noko som alle i kunstfeltet veit at er noko ein ikkje skal vere.

Eg var likevel ute etter å vise at det er nærmast umogleg å diskutere kvalitet i kunst for barn utan å ta inn over seg barns perspektiv, forstått som barns opplevingar, og at det ikkje er instrumentelt å tenkje sånn, men kunstfagleg høgst nødvendig og relevant. For kunst eksisterer ikkje i eit vakuum, men oppstår i møtet med betrakteren, som tidlegare nemnd. Då må vi inkludere barn som betraktere i ein diskusjon av kvalitet kunst for barn. Men korleis? Dette var eg oppteken av å finne ut. For ein kan jo (og mange gjer nettopp det), innvende at barn er ulike og korleis kan ein då vite kva barn synest? Det er dilemmaet eg har freista å løyse ved å foreslå eit analytisk perspektiv som seier noko om korleis ein kan sjå på verk med tanke på relasjon. Kva for nokre kunstnariske val er gjorde, noko som formspråk er valt, og korleis står dette i forhold til kunnskapen vi har om barn? Derfor undersøkjer eg kunst for barn med vekt på verks ulike førespurnadsstrategiar, altså korleis verket adresserer betrakteren(e), og med vekt på interaksjonsformer, altså kva relasjonar og opplevingsformer verkte skaper.

Kva implikasjonar bør dette ha for dei som produserer og formidlar kunst til barn og unge?

- Det aller viktigaste, tenkjer eg, er at kunnskap om barns opplevingar av kunst blir inkludert i produksjonen, formidlinga og diskusjonen av kunst for barn. For gjennom forskinga veit vi faktisk mykje om korleis barn ser og opplever kunst, og då er det viktig at denne kunnskapen blir nytta og blir anerkjend av dei som produserer og formidlar kunst til barn. Mange gjer det allereie, men det eksisterer òg ein eksplisitt motvilje mot å tileigne seg eller ta inn over seg desse perspektiva, truleg av frykt for å verke instrumentell. Eg meiner at å vite noko om barn når ein lagar kunst for barn er det motsette av instrumentalitet, det er i staden presisjon. Det er å ta høgd for kompleks resepsjon, tverrkunstnerisk kompetanse hos barn, kunnskap om dramaturgien til leiken og barns ekspertise knytt til fiksjonsforståing, til dømes. Eg kan ikkje sjå at det er noko instrumentelt ved dette.

Fri kunst eller målgruppetenking

Kan vi snakke om målgruppetenking i kunst utan at det går på bekostning av kunstnariske kvalitetar?

-Førestillinga om universaltilskodaren står framleis sterkt i feltet kunst for barn, og kunst for menneske og allalderskunst blir gjerne løfta fram som viktigare og betre kunst enn målgrupperetta kunst. Men med SKAM såg vi jo at det å drive målretta research av ei bestemd aldersgruppe (jenter, 16 år) ikkje nødvendigvis betyr at noko blir instrumentelt, men kanskje heller at det når fram og opplevast som vesentleg. Og det blei ikkje vesentleg berre for 16-åringar, men også for veldig mange andre. Det er med andre ord ingen motsetnad mellom kunnskap om dei du vil nå og det å lage noko kunstnarisk interessant og nyskapande. Snarer tvert imot!

Grunnen til at eg tenkjer det er viktig med målgruppetenking, er at eg meiner det er vesentleg å vite kven ein vender seg til, og sjå kunsten i relasjon til dei.  Det er eit parakoks at "kunst for barn" finst som eit eige felt, men helst skal vi ikkje snakke om barn i det feltet, for det er eit slags tabu. Det synest eg er veldig rart. Viss det ikkje var for barna, ville det jo ikkje vore eit eige felt som heit kunst for barn. Då er det eit paradoks at vi ikkje kan snakke om desse barna, i frykt for å verke instrumentelle. Det fell litt på sin eigen absurditet, synest eg.

Kan det vere noko i statusen til kunst for barn og unge som er årsaka til fråværet av denne diskusjonen i kunstfeltet?

- Ja, kanskje det. Og eg trur òg det har med synet på autonomien til kunsten å gjere, som eg har beskrive allereie. Men eg opplever at både kunstformene og kunstsynet i feltet er i endring. Ta til dømes den posisjonen performance har fått i det visuelle kunstfeltet. Det legg opp til openheit, både på tvers av kunstformer og målgrupper. Det er lov å lage noko for barn, såg noko for vaksne, noko stramt, noko løyst. Jennie Bringaker er til dømes ein kunstnar som sorglaust tek omsyn til ei slik allsidigheit. Her trur eg kanskje ein ser ein tendens, altså at kunstnarane opererer på tvers av kunstformer, målgrupper og også kategoriane kunst, kultur og kommersiell kultur. Og då kan det hende at dei aldersinndelingane eg driv med ikkje er formålstenlege lenger. For då ligg det i naturen til kunstnaren å tenkje "kven er det eg vender meg til no?". Dette ser eg at ein del kunstnarar handterer med ein lettheit og selvfølgelighet i dag, og det lovar godt framover.

Eg trur det er ei misforståing at kunnskap om barn gjer kunsten dårlegare. Eg trur snarer tvert imot at han gjer kunsten meir presis, unik og viktig!

Kunstnarar eller pedagogar?

I 2013 kom den såkalla Rokkan-rapporten som såg nærmare på Den kulturelle skolesekken (DKS), og mellom anna fastslo at elevane ønskte meir deltaking, og fleire workshops der eleven får medverke. Dette har først til ein del prosjekt i DKS som legg opp til nettopp dette – deltaking. Kva tenkjer du om det?

Eg tenkjer at det er veldig interessant at rapporten viser at barn og unge ønskjer å delta. Men eg lurer på om ikkje dei gjerne vil skape kunst sjølv, ikkje nødvendigvis medverke i alle framsyningar som kjem deira veg. For eg opplever at det er eit sakn etter skapande verksemd dei gir uttrykk for, ikkje trongen til å delta i alle slags verk.

Og rundt workshops, så er eg for, men må det alltid heite kunst? Det er ingenting som er betre enn at barn og unge får jobbe kunstnarisk og kreativt. Det som er synd er viss dette blir flytta vekk frå ansvaret til skulen, og over på Den kulturelle skolesekken, og at skulen blir utarma for estetisk- pedagogisk kompetanse. Mange kunstnarar er veldig redde for det pedagogiske, men jobbar samtidig med pedagogiske metodar. Kunstpedagogane kan kanskje ikkje nok om kunst til å jobbe kunstnarisk, men er gode på estetiske prosessar og estetisk erfaring.

Bør då barn få medverke meir i kunsten?

-Ja viss det er godt tenkt. Og dei må få medverke i kunstnariske prosessar, men ikkje nødvendigvis bli forstått som kunstnarar, kritikarar eller kuratorar, nokon eg synest å sjå at ofte skjer. Det er jo nettopp når det skjer at prosjekta eller kunsten gjerne blir instrumentelle, synest eg. Det er ein slags new public managements-tenking at så lenge folk er med og får delta, har dei det bra. Så enkelt er det ikkje. Det handlar om korleis dei deltek.

Vi bør by barn og unge på eit spekter av opplevingar. Men er ønsket om å få uttrykkje seg skapande det same som å delta i kunsten? Eg trur ikkje nødvendigvis det. Eg er jo veldig for at ein skal ta inn over seg barns perspektiv i produksjon og formidling av kunst, men det er ikkje det same som at ein ukritisk skal la barn få medverke i sjølve kunsten. Berre tenk over kvar sterkt det kan vere å lese ei bok heilt for deg sjølv! Då deltek du jo, fordi det er du som les, men ingen tvingar deg til å medverke i verket på nokon som helst måte. Det betyr at fysisk deltaking og medverknad er verkemiddel, ikkje ei demokratisk uttrykksform som garanterer sterke opplevingar. Derfor krevst det ei enorm forståing for kva ein driv med og kva ein vil når ein går inn i deltakarbaserte prosjekt. Det kan verke som ein god ide, men ofte tener det ikkje hensikta for prosjektet. Igjen; det er viktig å spørje seg og vere klar over korleis publikum i så fall skal medverke, og for å oppnå kva?

Ei oppsummering

Til sist, viss du skal samanfatte hovudbodskapen din i avhandlinga, kva vil du at vi skal sitje igjen med?

Eg vil at ein som kunstnar ikkje skal vere blind for kva kunnskap om barn kan tilføre kunstuttrykket. Eg trur det er ei misforståing at kunnskap om barn gjer kunsten dårlegare. Eg trur snarer tvert imot at han gjer kunsten meir presis, unik og viktig! Til det akademiske feltet vil eg seie at ein ikkje berre skal tenkje på kunst som objekt, skilt frå lesaren eller brukarar betrakteren eller tilskodaren, men som ein relasjon - og at det er vesentleg for at kunsten skal ha noka betydning. Ein ting er at det er gode verk. Men det er meir interessant om det er gode verk for barn i dag som opplevast som viktig og relevant for dei.

Fakta:
Lisa Nagel disputerte 22. mars med avhandlinga Kunst for barn som hendingar – ein kritisk diskusjon av analytiske perspektiv i kunst for barn, med døme frå scenekunst, biletbøker og biletbokappar.


Lisa Nagel tek no pause frå forskinga og jobbar som Forlagsredaktør i Aschehoug Barn og ungdom, der ho skal utvikle illustrert litteratur for dei yngste.

Nagel vil presentere delar av avhandlinga på eit seminar på Barnebokinstituttet og på Kulturtankens FoU-konferanse 8. november.