Kulturminister Abid Raja snakker med elever

4 millionar kroner skal stimulere til fleire nyproduksjonar i Den kulturelle skulesekken

Regjeringa aukar satsinga på barne- og ungdomskultur.

Kulturministeren med elever frå Bolteløkka skole i Oslo.

I forslag til statsbudsjett for 2021, set regjeringa av 20 millionar kroner ekstra til kultur for barn og unge.

Fleire av satsingane er knytt til arbeidet med barne- og ungdomskulturmeldinga som blir lagt fram våren 2021. Blandt dei er fire millionar kroner som skal stimulere til fleire nyproduksjonar i Den kulturelle skulesekken.

– Vi meiner barn og unge fortener like god tilgang til kunst og kultur som oss vaksne, og at dei skal ha eit godt og mangfaldig kunst- og kulturtilbod, seier kultur- og likestillingsminister Abid Q. Raja.

12 millionar kroner er sett av til tiltak som skal presenterast nærmare i barne- og ungdomskulturmeldinga våren 2021:

• 4 millionar kroner for å stimulere til fleire nyproduksjonar i Den kulturelle skulesekken

• 4 millionar kroner for å styrke digitale verkemiddel på barne- og ungdomskulturfeltet

• 4 millionar kroner for å stimulere kommunane til å integrere barne- og ungdomskultur i kommunal planlegging

Regjeringa vil at alle barn og unge skal ha høve til å oppleve kunst- og kulturuttrykk, uttrykke seg gjennom kunst og kultur og delta i kulturaktivitetar saman med andre. Dette skal skje innanfor trygge rammer og uavhengig av geografi, økonomi, religion, funksjonsnedsetting, seksuell orientering og kulturell bakgrunn.

Vi meiner barn og unge fortener like god tilgang til kunst og kultur som oss vaksne, og at dei skal ha eit godt og mangfaldig kunst- og kulturtilbod.

Kulturminister Abid Raja

Eit godt signal!

– Det er stort behov for middel til utvikling av nytt innhald i DKS. Fire millionar er sjølvsagt ikkje mykje når det skal delast på heile landet og alle kunstutrykka, men det er ein god start og eit godt signal om kor viktig dette er, seier Øystein Strand, direktør i Kulturtanken

Dagen før fremleggingen av regjeringsforslaget til statsbudsjett besøkte kulturministeren Bolteløkka skule.

Regjeringa foreslår i tillegg 1 million kroner til oppstart av arbeidet med ein nasjonal strategi for barn og medier, samt 2,7 millionar kroner til ulike verksemder som har søkt om støtte til målretta barne- og ungdomstiltak, som til dømes Operaen i Kristiansund og Norsk Revyfaglig Senter.

Regjeringa foreslår å sette av 4 millionar kroner til å vidareføre Talent Norge si juniorsatsing, der målet er å bygge bru mellom unge talent frå 13 til 18 år og dei profesjonelle kunstnarane. Målet er å stimulere norske talent og gjere vegen mot profesjonelt virke tydelegare for både talenta og dei som ønsker å hjelpe dei.

Klokka 13:30 presenterar kulturminister Abid Raja sitt første kulturbudsjett. Sjå det direkte.

Kulturminister Abid Raja og Kulturtankens direktør Øystein Strand. Foto: Erik Brandsborg/Kulturtanken
Kulturminister Abid Raja og Kulturtankens direktør Øystein Strand. Foto: Erik Brandsborg/Kulturtanken