Kulturminister Abid Raja sammen med elever og utøvere

Delte gla´nyheit med elevar

Kulturminister Abid Raja ønskte å dele nyheita om den auka satsinga til regjeringa på kunst og kultur til barn og unge. Kor betre å gjere det enn i samband med ei DKS-framsyning?

Kulturministeren med elevane My Ruud Pepin, Peder Stabrun Smith-Pedersen, Filip Undheim Dehli og Johanne Stokke Goplen, og dessutan utøvarane Nina Fjeldet og Silje Onstad Hålien.

Kultur for barn og unge er ei viktig prioritering for regjeringa, og derfor blir det sett av 20 ekstra millionar kroner til formålet i forslaget til neste års statsbudsjett. Fleire av satsingane er knytt til arbeidet med barne- og ungdomskulturmeldinga som blir lagd fram våren 2021. Blant tiltaka er fire millionar for å stimulere til fleire nyproduksjonar i Den kulturelle skulesekken.

Dette ønskjer kulturministeren å dele med det viktigaste publikummet i landet: barn og unge!

Andre trinn på Bolteløkka skule i Oslo har nettopp sett DKS-framsyninga «Danse sa fela». Rektor spør elevane om dei veit kva ein kulturminister jobbar med? Nei, ingen svar å få.

– Skal vi rope på kulturministeren og spørje han? «Kulturministeeeeer», roper 2. klassingane.

Kulturminister Abid Raja snakker med elever
Kulturministeren er som alltid engasjert i møte med elevar. Foto: Erik Brandsborg/Kulturtanken

Abid Raja, som nettopp har komme til festsalen på Bolteløkka skule og fått med seg siste finaledel av framsyninga, kjem når eleven roper.

–Hei. Har de sett meg før?

7-8-åringane sit måpande på golvmatter framfor Abid Raja. «Jaaa, på TV», seier ein. To. Mange. Det summar i gymsalen. Det må minnast om at skal ein ta ordet må ein rekkje opp handa – det gjeld kulturministrar òg.

Jobben min er å fikse det sånn at det er mange ting de kan drive med, dans, teater, musikk og film og at det fungerer bra.

Kulturminister Abid Raja

– Er det nokon av dykk som driv med til dømes dans, eller drama?

Nokon hender i vêret. «Musikalteater» seier ein av eleven som rekkjer handa høgt til vêrs på bakarste rad.

– Nokon som speler på instrument? Spør ministeren. Og då er det fleire hender i vêret. Piano. Sang. Kor er det mange som driv med på Bolteløkka.

– Jobben min er å fikse det sånn at det er mange ting de kan drive med, dans, teater, musikk og film og at det fungerer bra, fortel Raja.

Så spør han om dei veit kva eit statsbudsjett er. Men det veit dei jo ikkje.

Han forklarer at det handlar om pengar som går til ting vi treng i samfunnet, som politi, bussar og lærarar til dømes. Men også til til dømes kulturaktivitetar for barn og unge og Den kulturelle skolesekken. Og no skal det givast 20 millionar ekstra til endå meir og betre barne- og ungdomskultur, fortel Raja.


– Er det ein bra plan?

«Jaaa», roper 2. klassingane, før dei stiller drive opp i rekk klassevis og vinkar ha det til kulturministeren.

Kulturminister Abid Raja snakker til en forsamling elever
Kulturministeren spør om nokon av elevane speler eit instrument, syng i kor eller til dømes dansar. Foto: Erik Brandsborg/Kulturtanken