Kulturbarn: Sunnfjord

Kulturbarn: Sunnfjord

Under Kulturbarn-konferansen delte de seks Kulturbarn-kommunene sine erfaringer med satsing på kunst og kultur for de yngste barna. Hva har de lært, og hva tas med i det videre arbeidet?

Fra Kulturbarn-prosjektet i Sunnfjord kommune. Foto: Skjermdump fra videopresentasjon under konferansen.

Hele 32 kommuner sendte inn søknad om å bli Kulturbarn-kommune. Noen kommuner som skulle slås sammen, søkte sammen om å bli Kulturbarn-kommune. Målselv, Sunnfjord, Røros, Øygarden, Fredrikstad og Kristiansand var de seks kommunene som ble valgt ut til å medvirke i Kulturbarn-prosjektet.

I november 2020 ble konferansen «Kulturbarn 0–8» avholdt. Under den digitale konferansen presenterte Kulturbarn-kommunene hver sin video for å vise hvordan prosjektet har gått. I etterkant tok vi en prat med kommunenes prosjektledere for å få deres tanker om å være en Kulturbarn-kommune.

Her får du vite mer om Sunnfjords erfaringer. Se også kommunens videopresentasjon nederst.

Sunnfjord (Vestland)

Trude Skarvatun-portrett
Trude Skarvatun. Foto: Sunnfjord kommune

Trude Skarvatun: Kulturskolerektor i Sunnfjord kommune.

– Vi søkte om å få vere med i dette prosjektet etter at vi hadde tilsette som var på Kulturbarn-konferansen i Oslo i 2018. Den inspirerte til å tenke nytt om formidling for dei yngste borna.

Hva har prosjektdeltakelsen lært dere?
– Vi har lært mykje og fått opna auga for barnehageborna og at der ligg eit stort potensiale for kunstnarisk arbeid. Mange barnehagar er flinke, men mange har god nytte av å samhandle med kulturskulen sine lærarar for å fylle på den kunstnariske verktøykassa. Vi i kulturskulen laga raskt ein løysing for kva vi ville tilby barnehagane. Vi såg at det måtte til eit samarbeid for å få forankring i barnehagen og for å sikre at det vi hadde tenkt passa i barnehagen. Prosjektet vart justert og vart mykje betre etter desse møta.

Hvilke tilbakemeldinger har dere fått?
– Vi har fått mange gode tilbakemeldingar frå alle leirar. Borna i form av glade ansikt og stor entusiasme, foreldre har meldt til barnehagen at borna syng nye songar ved matbordet og barnehagetilsette har vore særleg positive til kursa og kulturtiltaka vi har hatt i barnehagen. Spesielt syns dei det var kjekt å kome til kulturskulen og ha kunstworkshop med borna.

– Utøvarane har også hatt god driv og stor entusiasme. Dei har gledd seg over reaksjonar og lært seg ny metodikk for arbeidet med dei små borna.

Har dere noen kort- og langsiktige mål med deltakelsen?
– Eit langsiktig mål er å få vidareformidla dette gode arbeidet og metodikken til alle barnehagane i Sunnfjord, og gjerne i ein større region. Kortsiktig skal vi det neste halvåret besøke ti barnehagar som ikkje har tatt del i dette prosjektet med musikk og litteratur.

– Ein annan sak som er kome ut av dette prosjektet ilag med Kulturskule for framtida (Kulturskole 3.0-prosjektet), er at vi skal teste ut «overgang barnehage-skule». Vi vil sjå på om kunst og kultur kan fungere som eit samanhengssymbol som kan trygge borna i ein til dels krevjande overgang mellom barnehage og skule. Dersom 5–6-åringane i barnehagen syng og høyrer historier som ein 1. klasselærar også kan, vil dette trygge dei og skape ein samanheng.

Vi vil sjå på om kunst og kultur kan fungere som eit samanhengssymbol som kan trygge borna i ein til dels krevjande overgang mellom barnehage og skule.

Trude Skarvatun