ei jente ser på mobilen, hun smiler

Utlysing: Såkornmidlar til utviklingsarbeid

1.5 millionar kroner skal styrkje det digitale kulturtilbodet til barn og unge.

Illustrasjonsbilete: NTB

Viktig informasjon

Denne ordningen er ikke videreført i statsbudsjettet 2023, les mer her.

Som oppfølging av Meld. St. 18 (2020-2021), Oppleve, skape, dele. Kunst og kultur for, med og av barn og unge, lyser Kulturtanken ut såkornmidlar til utviklingsarbeid som skal bidra til at fleire barn og unge får tilgang til å oppleve og skape kunst og kultur digitalt.

Såkornmidlane er vidareførte frå 2021, der beløpet var 1,5 millionar kroner.

Målsetjing

Målet med midlane er å stimulere til utviklingsarbeid i relevante fagmiljø som skal gi ny kunnskap og kompetanse. Midlane skal bidra til at fleire barn og unge får tilgang til kunst og kultur av høg kvalitet og høve til å oppleve og skape kultur på eigne premissar, uavhengig av bakgrunn og bustad.

Søknadskriterium

Det kan søkjast om såkornmidlane til å:

  • utvikle, teste og ta i bruk nye digitale tilbod og verktøy, metodar og teknikkar som omhandlar kunst og kultur med barn og unge som målgruppe.

eller,

  • forbetre eller vidareutvikle eksisterande digitale tilbod og verktøy, metodar og teknikkar som omhandlar kunst og kultur med barn og unge som målgruppe.

Skalering eller rein marknadsføring av allereie etablerte tilbod, verktøy, metodar og teknikkar fell utanfor formålet med utlysinga.

Søknadskrav

Søknaden må innehalde:

  • kortfatta prosjektplan som beskriv formålet for prosjektet, varigheit, framdriftsplan, finansiering, budsjett, prosjektleiar, prosjektdeltakarar og eventuelle samarbeidspartnarar
  • skildring av korleis prosjektet kan bidra til målsetjinga om at fleire barn og unge får tilgang til kunst og kultur av høg kvalitet og høve til å oppleve og skape kultur på eigne premissar, uavhengig av bakgrunn og bustad.
  • skildring av om, og i så fall korleis, barn og unge vil involverast i utviklingsarbeidetvurdering av den antekne overføringsverdien for prosjektet og betydning for barne- og ungdomskultursektoren nasjonalt.

Prosjektet må vere gjennomført i løpet av 2023.

Målgruppe

Private, frivillige eller offentlege organisasjonar og verksemder kan søkje kvar for seg, i nettverk eller anna samarbeid. Offentlig-privat samarbeid og samarbeid på tvers av etablerte strukturar vil vektleggjast. Prosjektet må omhandle kunst og kultur med barn og unge i Noreg som målgruppe.

Søkjebeløp

Det er sett av minimum 1,5 mill. kr. til formålet. Det blir teke sikte på å tildele mellom 300-500 000 kr per prosjekt og søkjer, som inneber mellom 3 og 5 tildelingar. Beløpet kan justerast avhengig av søkjeomfanget.

Søknadsfrist

Søknadsfrist 2021: 9. november.

Tildeling og utbetaling

Tildeling vil gjerast seinast 6. desember 2021 og midlane vil utbetalast innan 31.12.2021.

Rapportering

Det skal leverast sluttrapport som beskriv:

  • gjennomføringa av prosjektet i samsvar med formål, varigheit, framdriftsplan, finansiering, budsjett, prosjektleiar, prosjektdeltakarar og eventuelle samarbeidspartnarar
  • korleis prosjektet har bidrege til ny kunnskap og kompetanse
  • om, og i så fall korleis, barn og unge har vore involvert i utviklingsarbeidet
  • korleis prosjektet har bidrege til at fleire barn og unge får tilgang til kunst og kultur av høg kvalitet
  • korleis prosjektet har bidrege til at fleire får høve til å oppleve og skape kultur på eigne premissar, uavhengig av bakgrunn og bustad

Sluttrapport må sendast Kulturtanken innan utgangen av første kvartal 2023.


Har du spørsmål om utlysinga?

Send e-post til post@kulturtanken.no