Gruppebilde med representanter fra Kulturhjerte.

Statsbudsjettet 2023: Foreslår ytterlegare styrking av inkludering i kulturliv

Både DKS og tilskotsordninga «Inkludering i kulturliv» får positive signal i forslaget til statsbudsjett. Løyvingar til dei mellombelse tiltaka frå barne- og ungdomskulturmeldinga blir likevel ikkje vidareført.

Ungdommer fra Kulturhjerte var med da "Inkludering i kulturliv" ble lansert i 2020.

I forslaget til Kultur- og likestillingsdepartementets budsjett for 2023 har regjeringa ført vidare satsinga på«Inkludering i kulturliv». Tilskotsordninga blei etablert i 2020, og blei løyvd 12,6 millionar kroner i 2022.

Øystein Strand - portrett

– Vi er svært godt fornøgde med løyvinga på 13 millionar kroner for 2023 til tilskotsordninga «Inkludering i kulturliv», som er ei søknadsbasert ordning for få gi barn og unge auka tilgang til fritidsaktivitetar, seier direktør i Kulturtanken, Øystein Strand.

Det frivillige kunst- og kulturlivet har vist stor interesse for ordninga, og leverte heile 161 søknader om tilskot i 2022.

Ingen løyvingar til nyproduksjon, digital innovasjon eller kommunal planlegging

Då stortingsmeldinga om barne- og ungdomskultur, «Oppleve, skape, dele – Kunst og kultur for, med og av barn og unge», blei lagt fram våren 2021, blei det definert tre nye tiltak som skulle byggje opp under dei overordna målsetjingane:

  • stimulere til meir nyproduksjon i Den kulturelle skolesekken for at fleire barn og unge over heile landet skal oppleve profesjonell kunst og kultur av høg kvalitet
  • digitale satsingar på barne- og ungdomskulturfeltet for å bidra til løysingar for formidling, samspel, undervisning og samskaping
  • pilotprosjekt som skal utvikle modellar for inkludering av barne- og ungdomskultur i kommunal planlegging

Desse tiltaka har ikkje blitt vidareførte i forslaget til statsbudsjett, og blir foreslåtte i hovudsak avslutta.

– Vi registrerer at regjeringa ikkje har funne rom til å føre vidare løyvingar til dei mellombelse tiltaka. Dette betyr at tilskotsordninga for å utvikle modellar for inkludering av barne- og ungdomskultur i kommunal planlegging ikkje blir vidareført i 2023, og det same gjeld tilskotsmidlane til nyproduksjon i DKS og dei digitale innovasjonsmidlane, seier Strand.

Signal om at DKS-tilskotet skal styrkjast

Den kulturelle skulesekken (DKS) har gradvis fått auka tilskotet sitt frå speleoverskotet til kulturformål dei seinaste åra. I 2021 blei ordninga løyvd 306,5 millionar, og i 2022 blei det sett av 310 millionar til DKS. No kan det liggje an til ei ytterlegare styrking.

Førebels prognose frå Norsk Tipping tilseier at det vil bli 956,8 millionar kroner til fordeling til kulturformål i 2023, noko som i så fall er ein auke på 30,7 millionar kroner frå 2022. I tillegg vil utfasing av diverse tilskotsformål gi auka handlingsrom for tildeling av spelemidlar til andre kulturformål i 2023. Regjeringa skriv at det blir lagt opp til at tilskotet til Den kulturelle skolesekken frå spelemidlane til kulturformål skal styrkjast.

– Det er behov for ei framleis satsing på utvikling av nytt innhald i DKS-ordninga, så vi er glade for signalet i budsjettet om at tilskotet til Den kulturelle skolesekken frå spelemidlane til kulturformål skal styrkjast. Ein auke av spelemiddeltilskotet til DKS er nødvendig for å kompensere for kostnadsveksten, men vi håpar på ein stor auke som også vil gi rom for utvikling og nye satsingar på DKS i fylkeskommunar og kommunar, seier Øystein Strand.