Fire menn står på rekke og smiler til kamera. Den ene holder en gitar.

Vestland vil vise veg for DKS-samarbeid i vidaregåande skule

Då representantar for 64 vidaregåande skular i Vestland fylkeskommune deltok på den årlege skulemiljøkonferansen sin i november, var DKS eitt av to hovudtema.

Musikeren dePresno, Bjørn Lyngedal (Vestland fylkeskommune), Øystein Strand (Kulturtanken) og Per Morten Ekerhovd (Vestland).

– Kunst er ekstremt viktig for at skulen skal no dei overordna måla i læreplanen – danningsbiten. Då må kunst vere i førarsetet, sa Bjørn Lyngedal, avdelingsdirektør for opplæring og kompetanse i Vestland fylkeskommune, då han opna konferansen i Bergen.

Skulemiljøkonferansen 2021 gjekk føre seg over to dagar på to ulike stader, med tilnærma likt program. Det overordna temaet var: «Kva kan Den kulturelle skulesekken - og livet på sosiale medium - bety for læringsmiljøet?». Rektorar og elevrepresentantar frå 64 vidaregåande skular deltok, til saman var det rundt 180 deltakarar i Bergen og 70 på Skei.

– Å bli invitert inn på skulemiljøkonferansen gav DKS eit optimalt høve til dialog med skulane og opplæringsavdelinga. Vi fekk presentere DKS for rektorane og utfordre elevane til å engasjere seg, poengterer Øyvind Høstaker i DKS Vestland.

DKS-administrasjonen sydde saman eit program som kunne vise korleis DKS kan forsterke intensjonen i skulens overordna del og den nye læringsplanen (LK20), og som baud på eit kunstnarisk innslag og gav eit konkret døme på elevmedverknad.

– Vi ville vise kva moglegheiter som er der om vi samarbeider og får ein best mogleg symbiose mellom kunst og kultur og skulen, korleis DKS kan betrast og korleis skulen kan bruke tilbodet betre, seier Høstaker.

Øyvind Sunde Høstaker - portrett
– DKS-administrasjonen er eigentlig katalysatoren for å få kunst og kultur til å fungere i dei rammene som er i skulen. Då må vi spele på lag, seier Øyvind Høstaker i DKS Vestland.

"Vi ville vise kva moglegheiter som er der om vi samarbeider og får ein best mogleg symbiose mellom kunst og kultur og skulen."

Øyvind Høstaker

Eit konkret døme på medverknad

Tidlegare elevrådsleiar ved Bø vidaregåande skule, Jon Engravslia Aarebakk, var invitert for å fortelje om rolla si som medlem av ressursgruppa til skulen for DKS. Pilotprosjektet «Ressursgruppe for elevar og lærarar i vidaregåande skule» er eit resultat av Kulturtankens utviklingsprosjekt DKS-skule. Målet med piloten var finne ut om slike ressursgrupper kan gi betre forståing for DKS og ei oppleving av at tilbodet har større relevans for læreplanane i skulen.

Jon Engravslia Aarebak - portrett
Jon Engravslia Aarebakk var medlem av skulens ressursgruppe for DKS.

– Det eg ønskte å få fram på skulemiljøkonferansen, er at det ikkje krev mykje jobb for å få stor effekt, seier Engravslia Aarebakk.

Han fortel at i tillegg til sjølv å ha lært mykje om DKS, så resulterte arbeidet i ressursgruppa i ei merkbar endring blant elevmassen samla sett i kor mange som visste om DKS og også brydde seg om DKS-tilbodet til skulen.

– Det var ei fin endring å sjå. Eigentleg er det ganske enkelt: ein må berre ha nokon som gjer det. Det vil seie å ha elevar som blir med på visningsarenaer, er med og bestemmer tilboda og vidarebringene til skulen info til medelevar.

Alle skulane som deltok på skulemiljøkonferansen, fekk kvart sitt eksemplar av verktøyarket utarbeidd frå elevmedverknadsprosjektet. Det gir konkrete tips til korleis å opprette ei ressursgruppe og deler erfaringar som blei gjorde under pilotprosjektet.

Jon Engravslia Aarebak holder en mikrofon og snakker foran folk
Jon Engravslia Aarebakk på Skulemiljøkonferansen 2021. Foto: Guro Høyvik

Inspirerande

– Det er veldig bra at Vestland fylkeskommune løftar fram DKS som eit sentralt tema på ei samling som dette, og eg er veldig glad for at Kulturtanken blei invitert til å delta, seier Øystein Strand, Kulturtankens direktør.

Han understrekar betydninga av å informere om DKS, og å løfte fram moglegheitene som ligg i denne unike ordninga, også for dei vidaregåande skulane. – Skulemiljøkonferansen er verkeleg eit døme på godt samarbeid mellom skuleavdelinga og kulturavdelinga i fylkeskommunen.

Vi veit at samarbeid på tvers av sektorane har mykje å seie for at DKS-ordninga skal fungere optimalt, og det var inspirerande for meg og avdelingsdirektør June Mariann Breivik å sjå engasjementet for DKS frå skuleleiarar og elevar desse dagane. Dette vil heilt sikkert kunne vere til inspirasjon òg for andre fylkeskommunar.

"Skulemiljøkonferansen er verkeleg eit døme på godt samarbeid mellom skuleavdelinga og kulturavdelinga i fylkeskommunen."

Øystein Strand

DKS blir inkludert på overordna nivå i fylket

At DKS blei ein så stor del av denne dagen, kan vi takke fylkessamanslåinga for. Då Sogn og Fjordane og Hordaland skulle slåast saman, skulle såkalla DPO-delprosjekt konkretisere kva som var viktig å ta med inn i storfylket.

DKS blei invitert inn i prosjektet som omhandla vidaregåande skular – og prosjektet poengterte DKS rolla si for å nå måla i LK20.

Då den nye kulturdirektøren i fylket og opplæringsdirektør møttest i september 2021, blei tankane i delprosjektet konkretisert.

Det blei nedsett ei arbeidsgruppe med fem områdeleiarar for vidaregåande, som skal vere med i prosessen for DKS-programmeringa.  I tillegg skal dei to direktørane møtast årleg i mai månad for å sjå tilbake på DKS-året som gjekk, og diskutere kva signal om ordninga dei skal gi vidare.

DKS er altså teke med på overordna nivå i heile organisasjonen.

Stemma til skulen inn i programmeringa

Den nye arbeidsgruppa skal brukast inn i silinga av dei totalt 1100 innmelde forslaga DKS Vestland fekk for neste skuleår. Faggrupper skal vurdere forslaga som normalt, så skal arbeidsgruppa frå opplæringsavdelinga komme med innspel til kva som fungerer eller ikkje fungerer med utgangspunkt i rammeverket til skulen. Er det til dømes best med små eller store elevgrupper? Kva tenkjer dei om transport av elevar? Kva slags storleik på scena er optimal for vidaregåande skular/-elevar?

– Det er første gong vi gjer dette, men eg trur uansett at resultatet blir betre fordi skulen trass alt får ei stemme. DKS er eigentlig skulen sitt kulturtilbod. Ein må halde seg til det og til at tilbodet skjer innanfor nokre rammar på skulen, poengterer Høstaker.

Inviterer til samarbeid

Dag to av skulemiljøkonferansen blei halde på Skei i Sunnfjord kommune, av reint praktiske grunnar. Fylket er stort, og det var ønskjeleg med maks to timar reiseveg for skulane. Også på Skei blei programdelen om DKS godt motteke.

Det er ein fornøgd Øyvind Høstaker vi snakkar med dagen etter.

– Vi fekk vist det vi ønskte: at DKS er aktuelle inn i skulen sitt arbeid i forhold til læringsmål og fagplanar – og at vi inviterer til samarbeid for å få til dette best mogleg. Det er fantastisk dersom vi i tillegg kan vise andre DKS-administrasjonar døme på at dette kan fungere og at eit slikt samarbeid vert teke positivt opp frå både kultur og skole.

En mann står foran en skjerm og snakker til en forsamling
Øyvind Høstaker på Skei, 3. november 2021. Foto: Guro Høyvik

I innlegget sitt «Den Kulturelle Skulesekken (DKS) som verdifull ressurs i danning og utdanning», understreka Per Morten Ekerhovd, avdelingsdirektør for kultur, idrett og inkludering i Vestland, at DKS skal vere eit samarbeid mellom kultursektoren og utdanningssektoren på alle nivå.

Vi avsluttar med eit sitat frå presentasjonen hans: «DKS er godt kopla til læreplanane. Som regional DKS-ansvarleg og skuleeigar bør Vestland fylkeskommune vise veg!»

FAKTA:

  • Skulemiljøkonferansen 2021 blei halden 2. og 3. november i høvesvis Bergen og Skei.
  • 64 skular deltok, med seks deltakarar frå kvar skule: elevrådsleiar, nestleiar, to styremedlemmer, rektor og elevrådskontakten til skulen.
  • Tidlegare elevrådsmedlem og ressursgruppe-medlem Jon Engravslia Aarebakk presenterte pilotprosjektet «Ressursgruppe for elevar og lærarar i vidaregåande skule».
  • Anders Fitje, lærer i vgs. og tidlegare medlem i arbeidsgruppe for DKS i vgs. i Sogn og Fjordane, sydde DKS saman med læreplanane, danningsomgrepet og overordna læremål gjennom innblikk i DKS-produksjonen «Fuckings Adopted».
  • Musikaren dePresno (Bjarte de Presno Borthen) opna konferansen og baud seinare på ein minikonsert. Han er frå Bergen, gjekk på ein av skulane som var representerte, og kjende skulerektoren. dePresno var klar for DKS-turné då pandemien ramma landet våren 2020.

Les meir:

Øystein Strand - portrett

Kunsten å pakke sekken

– At lektor Sarromaa mener at en sekk kjennetegnes av at du ikke vet hva som kommer ut av den, er virkelig pussig, skriver Kulturtankens direktør Øystein Strand.

Plakat for konferansen Veien videre

Veien videre: Program

Les hele programmet til “Veien videre. Neste generasjons kulturpolitikk” som arrangeres 17-november.

Et barn skriver med brun tusj på et ark.

Utlysning: Ressursgruppe for medvirkning i DKS

DKS-administrasjoner fra fylker, kommuner og direktekommuner inviteres til å delta.