en elev med hatt og en eldre voksen dame sitter ved en pult med et kart bak seg

Skriv du masteroppgåve om kunst og kultur til barn og unge?

Då kan du søkje Kulturtanken om stipend på opptil 25 000 kroner.  

Illustrasjonsbilete: NTB

«Barn og unge skal ha eit kunst- og kulturtilbod av høg kvalitet. Dei skal få oppleve kunst og kultur som er laga for dei, som involverer dei og som dei kan ta del i. Dei skal få tilgang til dei arenaene dei treng for å utvikle skaparglede, engasjement og utforskartrong. Både i kultur- og fritidslivet, i barnehagen og skulen.» frå Stortingsmelding nr 18, Oppleve, skape, dele – Kunst og kultur for, med og av barn og unge.

Kulturtanken er ein statleg etat som jobbar med kunst og kultur for barn og unge.

Avdeling forsking og utvikling initierer forsking, utviklingsarbeid og byggjar kunnskap og kompetanse om kunst og kultur til barn og unge. Vi medverkar til at det blir forska i feltet, at forskinga blir delt og blir diskutert, og at ho blir lagt til grunn for vidare utvikling av Den kulturelle skulesekken (DKS).

Kulturtanken lyser no ut stipend til studentar som skriv masteroppgåve innanfor vårt virkeområde. Eit stipend er på opptil 25 000 kroner.

Krav til søkjar 

Søkjar må dokumentere opptak på masterprogram og betalt semesteravgift på universitet eller høgskule. Oppgåva skal vere knytt til aktuelle utfordringar innan produksjon eller formidling av kunst og kultur til barn og unge. Det er forventa at oppgåva òg har fagleg relevans for Kulturtankens virkeområde og mandat.

Stipendmottakarar forpliktar seg, etter avtale, til valfri formidling av sentrale funn i oppgåva, til dømes rapport, artikkel, foredrag/munnleg presentasjon eller intervju.

Søknaden skal innehalde ei kort prosjektskildring for oppgåva på 3-5 sider, som er godkjent av rettleiaren din.

Kulturtanken meiner at mangfald er ein styrke og gjer at vi løyser oppgåvene våre endå betre. Derfor ønskjer vi oss stipendsøkjarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og forskingsperspektiv.

Presiser gjerne i søknaden kva masteroppgåva di kan bidra med i eit mangfaldsperspektiv.

Søknaden blir merka «Masterstipend» og blir send på e-post til post@kulturtanken.no.

Har du spørsmål?
Ta gjerne kontakt med seniorrådgivar Solveig Korum: sk@kulturtanken.no 

Søknadsfristar

Første frist er 1. september 2022.

Meld deg på nyheitsbrevet vårt, og hald deg oppdatert om Kulturtanken, Den kulturelle skulesekken og kunst og kultur for barn og unge.