Fem musikere spiller i en gymsal. Barn og unge danser foran dem

Setesdalsfolk med Vegar – eit utvida prosjekt i DKS

Skulane i Bykle, Valle og Bygland har delteke i eit fleirårig DKS-prosjekt. Målet er å gi elevane stoltheit og kunnskap om den unike kulturarven i Setesdal.

Bilete frå bygdekvelden i Valle kommune. Foto: Harald Knutsen

I 2019 fekk folkemusikk, kveding og dans frå Setesdal plass på Unescos verdsarvliste. DKS-prosjektet «Setesdalsfolk med Vegar» er eit ledd i opplæring og formidling av kulturarven i dalen til kommande generasjonar - så musikk- og dansetradisjonane held fram med å leve og vere ein del av folks daglegliv. 

– Å bruke DKS er ein strålande måte å bidra til dette. Skulesekken opnar opp for det som er eit viktig prosjekt, i ei ramme alle kjenner, seier Anne Tone Hageland, som er avdelingsleiar for kultur, idrett og frivilligheit i Agder fylkeskommune.

Ho påpeikar at UNESCO-listinga betyr at song og dans i Setesdal er utryddingstrua, ergo er det viktig at barn og unge blir rekrutterte så tradisjonane ikkje døyr ut.

Skulesekken opnar opp for det som er eit viktig prosjekt, i ei ramme alle kjenner.

Anne Tone Hageland

Hageland sette i gang «Setesdalsfolk med Vegar» hausten 2021 og gav Vegar Vårdal det overordna kunstnariske og pedagogiske ansvaret. Vårdal er ein anerkjend folkemusikar, folkedansar og pedagog med lang erfaring frå DKS. Han og Hageland har samarbeidd sidan 1996.

– Vegar er ein dyktig musikar, dansar og pedagog, med inngåande kunnskap om denne viktige kulturarven. Måten han evnar å få med seg ein heil sal i dans og song, imponerer meg alltid. Vi har samarbeidd om eit liknande, stort prosjekt før, men då i éin kommune. Så det at vi no tok for oss tre kommunar, var hakket sprekare, forklarer avdelingsleiaren med eit stort smil.

Lågterskel og inkluderande

Anne Tone Hageland - portrett
Anne Tone Hageland Foto: Agder fylkeskommune

Til saman åtte skular – tre ungdomsskular og fem barneskular – deltok i prosjektet. Målet var at alle skulle oppleve meistringskjensle, med medfølgjande positiv haldning og nysgjerrigheit.

– Det var eit poeng at alle elevane i 1.-10. klasse skulle få smake på desse tradisjonane, seier Hageland.

Det at prosjektet var inkluderande og lågterskel, og at alle skulle ha det gøy òg sosialt, blir nemnde som viktige suksessfaktorar.

– Eg opplevde at vi fekk folkemusikken og folkedansen dit dei høyrer heime: blant folk flest, der alle kan delta og det ikkje er prestasjonspreget.

Drog fram den særeigne kulturarven

Skulane i dei tre kommunane fekk kvart sitt skreddarsydde opplegg. Skreddarsydd i den forstand at Vårdal tok utgangspunkt i musikk som hadde opphavet sitt eller var unik for kvart område. Han leita i arkiv og grov i kunnskapen til lokalsamfunnet. Eksempelvis blei elevars kjennskap til spesielle dialektord innlemma i ein eigen slått, skrive til kvar skule.

– Alt eg gjorde i prosjektet var knytt til kommunen eg jobba i, for det var viktig for meg at prosjektet var lokalt. I den forstand at identiteten i kvar kommune kom fram. Eg hadde ein grunnregel når eg grov i arkiv og til dømes vurderte om ein slått skulle vere med: «Gavner dette den lokale tradisjonen?» Dersom svaret var nei, blei det forkasta, fortel han.

Harald Knudsen, som jobbar på Agder folkemusikkarkiv, var ein viktig ressurs i arbeidet med å skape stadstilpassa opplegg. 

Hageland poengterer betydninga av at folk får kjennskap til lokale tradisjonar.

– Kanskje betyr det at dei får auga opp for tilgjengelege ressursar og verdiar i kommunen? Eit prosjekt som dette kan få større ringverknader ved at folk blir endå meir glad i plassen dei bur på.

Vegar Vårdal - portrett
– Det var fantastisk å få så mykje tillit frå DKS Agder til å lage eit så stort prosjekt. Eg gjekk inn i det med skrekkblanda fryd, for eg visste at vi måtte komme til eit resultat, seier Vegar Vårdal. Foto: Ingvil Skeie Ljones

Fører vidare prosjektet

Før prosjektet starta besøkte Hageland og Vårdal kvar skule for å forankre det hos skuleleiinga og lærarane. Dei ønskte å skape lyst og entusiasme hos dei vaksne, og la òg vinn på å vere på tilbodssida rundt det organisatoriske.

Hageland fortel at skulane og lærarane heilt frå starten av var veldig positive.

– Dei tok imot prosjektet med opne armar. Som elles i DKS, så tenkjer eg at jo betre forankra noko er, jo betre blir resultatet.

Som kunstnarisk og pedagogisk ansvarleg, var det viktig for Vårdal å ikkje setje lokalkulturen på ein pidestall. Han tenkte heller på materialet som ein ball han kunne leike med og forme slik at elevane i ettertid eksempelvis ønskte å gå ut i friminuttet og hoppe «pjokkum», ein gammal fruktbarheitsdans som tek typ ti sekund å danse frå start til slutt. Dansen kan då også bli eit morosamt mini-avbrekk i ein mattetime, når elevane først kan han.

– Målet er at lærarane i desse tre kommunane sjølv kan føre vidare kunnskap og entusiasme for Setesdals folkemusikk og folkedans.

For å bidra til dette blei det arrangert eigne dansekurs for lærarar og førlærere slik at dei opplever meistringskjensle uansett førehandskunnskap eller interesse. Skulane har òg fått eit hefte med bakgrunnsinfo, notar og QR-kodar til videoar (PDF) så dei kan halde fram arbeidet på eiga hand no som prosjektet er avslutta.

Fem musikere i en gymsal. En mann står på hendene foran dem.
Bilete frå bygdekvelden i Valle kommune. Foto: Harald Knutsen

Samla heile bygda

Våren 2022 blei det arrangert bygdekveld i kommunane Bygland, Bykle og Valle, der elevane viste songar og dansar som dei hadde lært via prosjektet. I tillegg deltok profesjonelle musikarar, songarar og dansarar. Vårdal komponerte og urframførte ein unik slått på kvart arrangement.

– Mitt etterlatne inntrykk er at elevane fekk ein personleg identitet til prosjektet sitt. Eg håpar dei sit igjen med auka stoltheit til eigen kultur, som dei tek i bruk med eit smil, samanfattar Vårdal.

–Det er eit privilegium å bruke DKS til eit slikt langsiktig tiltak der ein byggjer noko over tid. Eg håpar prosjektet bidreg til at Setesdals rike kulturarv blir ein sjølvsagd og naturleg del av kvardagen i lokalsamfunnet også i åra framover, avsluttar Anne Tone Hageland.

Fakta om «Setesdalsfolk med Vegar»

  • Eit DKS-prosjekt i dei tre Setesdalskommunene Bykle, Valle og Bygland frå hausten 2021 til og med hausten 2022.
  • Kombinerte uttrykka kulturarv, musikk og scenekunst (dans).
  • Anne Tone Hageland tok initiativ til prosjektet og var ansvarleg frå DKS Agder si side. Vegar Vårdal hadde det pedagogiske og kunstnariske ansvaret.
  • Dei besøkte alle skulane i forkant for å forankre prosjektet hos lærarane og leiinga.
    Åtte skular var ein del av prosjektet. Kvar skule fekk eit digitalt opplegg, og i tillegg fekk dei tre eller fire fysiske besøk og ei framsyning på bygdekvelden.
  • Musikar Viktor Bomstad og songar Unni Løvlid deltok henholdsvis fysisk og digitalt på kvar sin runde med skulebesøk og var med og forma ut det pedagogiske opplegget.
  • I tillegg deltok følgjande kunstnarar på bygdekveldane: Kirsten Bråten Berg, Birger Mistereggen, Henrik Sandstad Dalen, Tone Ingvaldsen og Ådne Geicke Kolbjørnshus.
  • Vårdal var totalt fem veker i Setesdal med dette prosjektet.
  • Prosjektet blei vidareført hausten 2022 med verkstad på alle skulane, i tillegg til kveldskurs for lærarar og kurs i barnehagane.
  • Eit hefte med informasjon, notar og QR-kodar til videoar (PDF) blei utarbeidde og delt ut til skulane.
  • Fylkeskommunen finansierte prosjektet. Den har òg bidrege med midlar til innkjøp av klassesett med munnharper, hardingfeler i barnestorleik og stevbøker.
  • Satsinga på Setesdals kulturarv held fram i kommunen, mellom anna gjennom DKS-produksjonen Folkemusikk for alle 2023-24 med Vegar Vårdal.

Les meir

To utøvere i videovinduer på skjerm strekker hendene i været, elever i auditoriet klapper.

Tester ut DKS på skolens digitale plattformer

Vil elever og lærere få et nærere forhold til DKS-ordningen hvis den er synlig på læringsplattformene de allerede benytter? Et pågående utviklingsprosjekt leter etter svar og digitale muligheter.

En ung og en eldre kvinne holder rundt hverandre og smiler

Veileder for kulturkontakten

Her finner du anbefalinger om kulturkontaktens praktiske oppgaver. Veilederen synliggjør også hvordan ansvaret for Den kulturelle skolesekken (DKS) er fordelt mellom kulturkontakten og samarbeidspartnere.

Irene Brodshaug, Synne Sagstad Imeland, Ingvild Margrethe Birkeland og Gry Uhlin-Engstu under lanseringen av den første rapporten om SKUP.

Kunstmøters betydning for livsmestring

Gir dybdelæring, estetiske læreprosesser og tverrfaglige temaer nye, fruktbare muligheter for samspill mellom DKS og skolen? En ny forskningsrapport tar for seg SKUP (Skolenes eget utviklingsprosjekt) og overgangen til nytt læreplanverk.