Kulturtanken har stor spennvidd. Etaten skal kommunisere fridommen og lekenheten som finst i kunst- og kulturutrykk for barn og unge, og samtidig understreke betydninga av samfunnsoppdraget med tyngd og seriøsitet. Bruken av dei ulike elementa og fargane kan varierast for å tilpasse etterlate inntrykk, avhengig av flate og formål.
Den kulturelle skulesekken (DKS) har eigen grafisk profil, basert på same uttrykk.
Kulturtankens logo
Kulturtankens logo finst på bokmål, nynorsk, samisk og engelsk. Logoen har to ulike namnetrekk (med og utan «Den kulturelle skulesekken Norge»), og kvart namnetrekk har ein ståande og ein liggjande variant i grønt, svart og kvitt. Logoane er tilgjengeleg i høgopplausleg vektor-versjon (AI-fil) for bruk på trykte flater, og i lågopplausleg versjon (PNG-fil) for bruk på skjerm.
Logoikonet er felles for Kulturtanken og DKS, og er bygd opp på det gylne snittet. Dette kan brukast som profilbilete i sosiale medium, eller som eit «kvalitetsstempel» på flater der namnetrekket ikkje må inkluderast.
Ikon og grafiske former
Det er teikna seks ikon som representerer dei ulike kunst- og kulturuttrykka i DKS: kulturarv, film, visuell kunst, litteratur, musikk og scenekunst. Ikona kan brukast for å forsterke kva for eit av områda som blir kommuniserte, og kan også brukast samla for å vise breidda av uttrykk.
Ikona finst i grøn, svart og kvit variant, og som farga sirkelikon, der kvart uttrykk har fått tildelt ein eigen farge frå fargepaletten for DKS. Ikona er tilgjengeleg i høgopplausleg vektor-versjon (AI-fil) for bruk på trykte flater, og i lågopplausleg versjon (PNG-fil) for bruk på skjerm.
Grafiske former
Ikona kan også brytast opp i ulike grafiske former for å skape eit kreativt og leikent uttrykk tilpassa bodskapen. Sirkel (og «smultring») blir mest nytta, men også firkant og likesidet trekant er former som kan nyttast. Under ser du eit døme på korleis formene kan brukast kreativt til å understreke ein bodskap eller ei meining. Sjå fleire døme under Trykte flater og Digitale flater.
Typografi
Kulturtanken har ein profilfont for trykte flater og nettsider, og ein systemfont (som finst som standard i dei fleste tekstverktøy) for Office-dokument. Det vart innført nye fontar i 2022, mellom anna for å forbetre lesbarheit i samband med universell utforming.
Profilfont
Fonten Merriweather Sans blir brukt til alt trykt materiale, som rapportar, brosjyrar og plakatar, og til nettsider. Fonten er tilgjengeleg for nedlasting frå Google Fonts, og kan nyttast fritt.
Systemfont
Fonten Calibri blir brukt i alle Office-dokument og -presentasjonar, som Word og PowerPoint, og andre stader der det er unaturleg eller komplisert å nytte profilfonten. Fonten er tilgjengeleg som standard i alle Office-program.
Outline
Som eit verkemiddel for å variere og skape eit lettare og meir luftig uttrykk, så kan ein også bruke typografien med outline. Dette blir brukt sparsamt. Sjå døme på bruk av dette under avsnittet om Trykte flater.
Fargar
Primærfargar
Primærfargane skal alltid prioriterast i generelt materiell. Det blir jobba i hovudsak med grønt i ein meir fyldig og ein lettare variant. I kontrast til desse blir lilla brukt. Primærfargane kan brukast i ulik mettingsgrad basert på opacity: 80% - 50% - 20% eller i Hex-verdiane under.
CMYK: 90 47 47 41
Pantone: 3165 C
RGB: 0 78 87
Hex: #004e57
#3c7179
#85a6ab
#cedbdd
CMYK : 65 0 42 0
Pantone: 3258 C
RGB: 76 191 171
Hex: #44c4ad
#69d0bd
#a1e1d6
#daf3ef
CMYK: 56 84 0 0
Pantone: 258 C
RGB: 133 75 157
Hex: #854b9d
#9a6ca4
#bea2c5
#f3ecf4
Sekundærfargar
Sekundærfargar blir brukte til å skape variasjon og framheve ulike element i kommunikasjonen. Desse fargane skal brukast sparsamt i generelt materiell, til dømes til Call To Action-element, men kan brukast i meir utstrekt grad i prosjekt- og arrangementsmateriell for å få eit særeige uttrykk. Sekundærfargane kan også brukast i ulik mettingsgrad basert på opacity: 80% – 50% – 20%.
CMYK: 2 57 89 0
Pantone: 715C
RGB: 240 135 56
Hex: #f08738
CMYK: 2 6 92 0
Pantone: 115C
RGB: 255 227 46
Hex: #ffe32e
CMYK: 87 40 40 9
Pantone: 3145C
RGB: 18 177 133
Hex: #127585
CMYK: 0 98 93 0
Pantone: 1788 C
RGB: 237 33 41
Hex: #ed2129
I tillegg blir svart og kvitt nytta som sekundærfargar i profilen.
Foto
Kulturtanken har eit rikt biletarkiv som dekkjer mange uttrykk og behov. I designet er det lagt opp til stor variasjon av både bilete og illustrasjonar. Vi bruker ofte bilete med mykje glede, energi og engasjement, gjerne i fargar som harmonerer med fargepaletten. Særleg barn og unges møte med kunst og kultur, og utøvarar som brenn for det dei driv med, er tema som går igjen.
Bileta i arkivet DKS-illustrasjonsbilder kan nyttast vederlagsfritt av DKS-administrasjonar til nettsider og anna informasjonsmateriell om DKS, fortrinnsvis med kreditering. Ta kontakt med Kulturtankens kommunikasjonseining for annan type bruk, eller viss du ser etter spesifikke bilete eller tema.
Trykte flater
For trykt materiell kan grafiske former, fargar og foto kombinerast på ulike måtar. Foto blir gjerne brukt som eit stort, utfallslende element. For å strukturere innhaldet blir nytta grafiske former som sirklar og firkantar. Det er som regel ideelt å nytte 2-3 profilfargar i samspel, då uttrykket skal opplevast fargerikt og leikent, men ikkje for utflytande. Horisontale linjer/kantar kan setjast heilt vassrett, men kan også skråstilles med 5-10 gradar der det passar.
Under er to dømeannonsar som illustrerer prinsippa.
Digitale flater
Kulturtankens primære digitale flate er nettstaden kulturtanken.no. Prinsippa frå grafisk profil blir også implementerte i andre digitale element som Powerpoint-presentasjonar, annonsering og sosiale medium.
Nettsider
Sosiale medium
Powerpoint og Teams
Har du spørsmål om den grafiske profilen?
Ta gjerne kontakt med kommunikasjonseininga i Kulturtanken.