Omslag for DKS Årsrapport 2021

DKS Årsrapport 2021

Årsrapporten for 2021 viser korleis den nasjonale DKS-ordninga oppfyller samfunnsoppdraget og målet sitt om å gi alle elevar i norsk skule eit profesjonelt kunst- og kulturtilbod av høg kvalitet.

Årsrapporten er ei oppsummering av DKS-året 2021, der vi kunne feire at DKS har vore ei landsdekkjande ordning i 20 år. Samtidig var det andre året med koronapandemi.

Sjå video-presentasjon og les heile årsrapporten her

– I tillegg til kunstnarar og kulturformidlarar så har lærarar og skuleleiarar, og dessutan byråkratar på alle forvaltningsnivå i både kultursektoren og skulesektoren jobba med engasjement og kreativitet for at alle skuleelevane i landet skulle få kulturelle opplevingar i skulekvardagen sin òg i 2021. Eg vil nytte høvet til å takke dykk kvar især for innsatsen, og for at de på ulike måtar har bidrege til å gi elevane kunst- og kulturopplevingar i endå eit år som har vore prega av pandemi og smittevernrestriksjonar, skriv Kulturtankens direktør Øystein Strand.

Som i 2020 blei omfanget av DKS-ordninga i 2021 stort redusert som følgje av smitteverntiltak i samband med covid-19-pandemien. Trass i lågare aktivitet og mange avlysingar fekk DKS-ordninga i samarbeid med utdanningssektoren likevel sett kunst og kultur på dagsorden til alle landets 820 859 elevar i dei til saman 3191 skulane i Noreg.

– Rapportering for 2021 viser at DKS-ordninga har stått seg relativt godt òg gjennom det andre året med koronaviruset. Trass i nye utfordringar og endringar både i kunsten og verda verkar ordninga som solid og relevant for alle brukargrupper, seier Ståle Stenslie, avdelingsdirektør Forsking og utvikling (FoU) i Kulturtanken.

Sjå video-presentasjon og les heile årsrapporten her