Foredrag med Peter Lee: Everyone is a player

Foredrag med Peter Lee: Everyone is a player

Korleis kan ein bruke spel og spelestrukturar til å formidle ei historie?

Frå verket "Being Faust - Enter Mephisto". Foto: Nolgong

Korleis kan ein bruke spel og spelestrukturar til å formidle ei historie? Kva for nokre nye roller kan skapast til unge publikummarar? Kva kan kunstformidling til barn og ungdom lære av teater og spel?

Peter Lee er ein internasjonalt anerkjend kunstnar og kjent frå arbeidet sitt med teaterkompaniet Nolgong, og har lang erfaring i å ta i bruk digital teknologi for å skape interaktive og spelebaserte kunstopplevingar. I dei seinare åra har han òg utvikla digitale formidlingsopplegg av biletkunst. Saman med Peter Lee vil vi utforske det tverrestetiske skjeringspunktet mellom spel, teater og biletkunst og sjå døme på korleis scenekunst og kunstformidling kan gi unge publikummarar nye roller gjennom å ta i bruk digitale teknologiar.

Foredraget er på engelsk.