Øyepå - logo og grafikk

Øyepå 2020 – digital formidling av visuell kunst

Opptak frå nasjonal møteplass for visuell kunst i DKS.

Øyepå blei etablert i 2019 som ein nasjonal møteplass for visuell kunst i Den kulturelle skulesekken, og er eit samarbeid mellom Nordland fylkeskommune, Viken fylkeskommune, Oslo DKS, Kulturtanken og Nasjonalmuseet.

Årets Øyepå 1. september tok form som ein heildags nettsamling via Zoom.

Sjå opptaket her:

I år gjorde ein visningsarenaen om til ei plattform for erfaringsdeling der det overordna temaet var digital formidling av visuell kunst for barn og unge. Programmet var eit resultat av refleksjonane i programgruppa om spennet mellom 1) Beredskapsrommet: Ein felles samtale om erfaringar produsentar og fagansvarlege har gjort i den første fasen til pandemien: Kva blei gjort? Korleis blei initiativa tekne imot? Kva kan vi ta med oss vidare av gode erfaringar?

Og 2) Moglegheitsrommet: Vi ser framover og undersøkjer nye formidlingsformer for visuell kunst. Korleis kan eller bør kunstformidlinga bruke digitale kanalar og format til å skape nye uttrykk på premissane til kunsten?

Program Øyepå digital formidling

Zoom / Kulturtanken:

09:00: Velkommen!

  • Øystein Strand og Kyrre Bjørkås frå Kulturtanken ønskjer velkommen
  • Kurator og moderator Nicole Rafiki presenterer årets Øyepå

09:15: Beredskapsrommet - Tre produksjonar frå Den kulturelle skulesekken

  • Kristina Junttila frå Nordnorsk Kunstnersenter presenterer Ein god stad å vere
  • Marit Bakken frå DKS Trøndelag presenterer Tilfeldigheter sett i system
  • Camilla Sune frå Henie Onstad Kunstsenter presenterer New Visions
  • Spørsmål og innspel

10:30: Nye rom, ny praksis del 1:

  • Tin Phan, arkitekt, om digital innovasjon og den menneskelege faktoren
    Spørsmål og innspel
  • Tore Vagn Lid, regissør og professor ved KHiO og NTNU om forskingsprosjektet Analogiseringen av det digitale og framsyninga 03:08:38 Tilstandar av unntak
    Spørsmål og innspel

11:30 Lunsj

12:30 Nye rom, ny praksis del 2:

  • Håkon Lillegraven frå Fotogalleriet om digital kunstproduksjon og formidling under pandemien
  • Charlotte Blanche Myrvold frå Kulturtanken om Font-prosjekta (Formidlingsmodellar og ny teknologi)
  • Ådne Obrestad og Isha Nabi, lærer og elev ved Etterstad VGS om erfaringar med Celledeling av Hanne Ramsdal og Rebekka Nystabakk
  • Spørsmål og innspel

13:40 Pause

13:50 Moglegheitsrommet

  • Nicole Rafiki utforskar moglegheitsrommet i samtale med kunstnarane Yohannes Mekonnen og Ilavenil Jayapalan
  • Spørsmål og innspel

15:00: Avsluttande refleksjonar frå Øyepås programråd

Programgruppa består av:

Nicole Rafiki, gjestekurator
Inger-Johanne Molven, DKS Oslo
Jeanette Steen Kristensen, DKS Nordland
Mei Silja Szetu, Nasjonalmuseet
Vibeke Kirkebø Hegg, DKS Viken
Rami Maktabi, DKS Viken

Om Nicole Rafiki: Nicole Rafiki (f. 1989) har ein BA i internasjonale utviklingsstudiar frå Oslomet og ein MA i samfunnskommunikasjon frå Universitetet i Agder. Ho har tidlegare jobba som journalist og dokumentarfotograf og med einslege mindreårige flyktningar. Prosjektet «Descendants» er eit bidrag til FNs tiår for menneske med afrikansk opphav, og har blitt vist i offentlege utstillingar i Oslo, Trondheim, Kristiansand og Bergen. Rafiki har jobba med kunstfotografi sidan 2018. Dei kunstnariske arbeida hennar har blitt viste i internasjonale gruppeutstillingar, inkludert ein av Afrikas største kunstmesse Turbine art fair i 2019. I 2020 debuterer Rafiki med sine første to soloutstillingar på Fotografiens hus og Kunstplass Contemporary Oslo.