Portrettbilder av Nils Petter Mørland og Kari Ramnefjell

Seminar: Et institusjonsteatera DKS?

Med Nils Petter Mørland frå Brageteateret og Kari Ramnefjell frå Teater Joker.

På kva måtar ser DKS annleis ut for ein institusjon og ei frigruppe? Kven skal eigentleg kunne forvente å få plass med kunsten sin i DKS, og kvifor?

Covid-19 har sett ein gigantisk kulturarena på pause, og dei mange ramma institusjonane og frilansarar har gjort tydeleg omfanget og betydninga av DKS på ein måte vi aldri før har sett. Hundretusenvis av barn har mista kulturtilbodet sitt og ei rekkje utøvarar er kasta ut i uvisse. Gitt dagens situasjon, korleis kan institusjonane og frilansarane samspille om eit betre tilbod til barn og unge i DKS?

Samtale mellom teatersjef ved Brageteatret, Nils Petter Mørland, og dagleg leiar for Teater Joker, Kari Ramnefjell. Brageteatret har over mange år vore det mest aktive institusjonsteateret i DKS, med overordna ansvar for all scenekunst i DKS Buskerud. Teater Joker er eit fritt teaterkompani som har turnert i DKS sidan byrjinga av ordninga.