Trine Skei Grande med barn og unge

Gir råd til kulturministeren

Barn og unge i heile landet har sagt sitt. I dag blei rapporten «Barn og unges stemmer – kunst og kultur» overlevert kulturminister Trine Skei Grande, som grunnlag for den første stortingsmeldinga i historia om barne- og ungdomskultur.

Foto: Knut Sørhusbakken

Dei to festivalsjefane på Miniøya, Amy Jallow (12) og Abdullah Talib (12) og representant frå Kulturtankens ungdomsråd, Gabriel Aaron Normann Bruun (17), stod i dag for overleveringa av rapporten, og dessutan mange hundre brev og ei kjempestor kulturmeldingsbok, skrive av barn og unge frå heile landet.

Trine Skei Grande med barn og unge
Med rapport, brev og ein kjempestor Kulturmeldingsbok. frå v.: Amy Jallow (12), Lin Holvik, Abdullah Talib (12), Trine Skei Grande. Foto: Knut Sørhusbakken

- Tusen takk, og oi, så mange brev har eg aldri fått før, heller ikkje ei så stor bok, sa ein overvelda kulturminister, då ho tok imot dei aller viktigaste innspela til barne- og ungdomskulturmeldinga, måndag morgon i Kulturdepartementet.

Kulturtanken, som er ein etat under Kulturdepartementet, fekk i vinter i oppdrag å involvere barn og unge ( 3-19 år) frå heile landet i arbeidet med stortingsmeldinga. Formålet er at barn og unge skal påverke politikkutforminga som gjeld dei.

- Vi gjer dette for aller første gong, og det har vore viktig for meg at barn og unge skulle delta i arbeidet med stortingsmeldinga på sine eigne premissar. Eg er kjempeglad for det arbeidet Kulturtanken har gjort med å samle alle innspela, og at de har teke barn og unge på alvor, sa Skei Grande.

Konkrete tiltak

Involveringa av barn og unge har gått føre seg i samarbeid med mellom anna Ung Kultur Møtes (UKM), Miniøya, Norsk kulturskuleråd, og ei rekkje barne- og ungdomsorganisasjonar. Innspela har komme frå Kristiansand i sør til Tana i nord, i samband med samtalar på skular og i barnehagar, på festivalar og kulturskular, som brev, på padla og gjennom ei spørjeundersøking. Resultatet er innspel frå rundt 1000 barn og unge, samla i rapporten Barn og unge sine stemmar– kunst og kultur, som mellom anna legg fram 23 konkrete tiltak.

Trine Skei Grande med barn og unge
Boka “Barn og unges kulturmelding”, med teikningar og innspel, fekk ei heidersplassering på kulturminsterens kontor. Foto: Knut Sørhusbakken

- Eg veit du meinte det frå inst i hjartet når du bad om reell involvering av barn og unge, sa Kulturtankens direktør, Lin Marie Holvik til statsråden, og takka for oppdraget.

- Det har vore eit fantastisk morosamt arbeid, og de som skal lese rapporten har mykje å gle dykk til, sa Holvik under overrekkinga.

Statsråden var klar på at kunst- og kultur er sentralt og viktig i livet til barn og unge.

- Kulturtilbodet til barn og unge må sjølvsagt barn og unge sjølv vere med på å forme ut! sa Skei Grande.

På spørsmål om kulturministeren trodde hun fikk plass til den store kulturmeldingsboka på sitt kontor, var svaret klinkande klart.

- Å ja, eg har eit stort kontor. Og eg har 7 etasjar med folk i dette huset som skal lese i han!

Deretter trilla ho boka, rapportane og breva til kontoret, der Amy, Abdullah og Gabriel fekk vere med å gi den store boka “Barn og unges kulturmelding” med innspela til barn og unge ei fin plassering.

Barne- og ungdomskulturmeldinga er eit samarbeid mellom Kulturdepartementet og Kunnskapsdepartementet, og er venta hausten 2020.

Rapporten Barn og Unges Stemmer – Kunst og kultur kan lesast her:

Last ned BUSK-rapporten