4 millionar til integrering av barne- og ungdomskultur i kommunal planlegging

4 millionar til integrering av barne- og ungdomskultur i kommunal planlegging

15 kommunar får til saman fire millionar til pilotprosjekt.

Illustrasjonsbilde: NTB

– Ei satsing på barne- og ungdomskultur er ei investering i gode oppvekstmiljø for barn og unge. Kultur bidreg til å vekkje nysgjerrigheita og fantasien hos den enkelte, samtidig som han skaper levande og inkluderande lokalsamfunn, seier kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen.

Anette Trettebergstuen - portrett
Kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen. Foto: NTB Kommunikasjon/Statsministerens kontor

I budsjettet for 2021 er det avsett fire millionar til pilotprosjekt for å utvikle modellar for inkludering av barne- og ungdomskultur i kommunal planlegging, jf. Prop. 1S (2020-2021) og Meld. St. 18 (2020-2021Oppleve, skape, dele. Kunst og kultur for, med og av barn og unge.

Kulturtanken samarbeider med KS, Norsk kulturskuleråd og Norsk kulturforum om innretting av ordninga.

– Desse pilotane kan styrkje struktur, medverknad og planmessigheit i kommunane. Det igjen kan føre til gode, tilgjengelege og relevante kulturaktivitetar for barn og unge, påpeikar Kulturtankens direktør Øystein Strand.

Målet med ordninga er å bidra til ein betre koordinert lokal kultursektor ved auka samarbeid mellom ulike aktørar, og utvikling av gode møteplassar for deltaking og inkludering. I tillegg er lokale og regionale planar ein viktig og sentral del av dei nasjonale føringane og prioriteringane på kulturfeltet.

Kommunar som ønskjer å utvikle modellar for samarbeid og samskaping der barne- og ungdomskultur inngår i kommunal planlegging, har søkt om tilskot.

Ved utløpet av søknadsfristen var det komme inn 37 søknader frå 36 kommunar. 15 søkjarar får tilskot. Tildelte midlar varierer frå 237 000 kroner til 274 000 kroner.

Strand understrekar at kommunar landet rundt sende inn sterke søknader.

– Vi har sett etter heilskap og breidd i aktørbiletet, og har mellom anna vektlagd grada av barn og unges medverknad i utveljingsprosessen, seier Strand.

– Innsatsen til kommunane er kjempeviktig for at barn og unge skal få tilgang til kunst og kultur, uavhengig av kven dei er, og der dei bur.

Samtidig er det heilt avgjerande at barn og unge sjølv er med på å bestemme, slik at vi får eit kulturtilbod som både er ope, inkluderande og mangfaldig, avsluttar kultur- og likestillingsministeren.

Oversikt over dei 15 kommunane som får tilskot:

(Lenke til Excel-dokument) (Lenke til PDF)

Fakta om tilskotsordninga

  • Ordninga skal gi tilskot til kommunar som ønskjer å utvikle modellar for samarbeid og samskaping der barne- og ungdomskultur inngår i kommunal planlegging.
  • I Meld. St. 18 (2020–2021) Oppleve, skape, dele — Kunst og kultur for, med og av barn og unge blir spesielt trekt kulturskulen fram som ein viktig aktør i dette arbeidet. Kunnskapsutvikling og erfaringsdeling er viktig i pilotprosjektet.
  • Modellar og erfaringar frå arbeidet i kommunane i piloten, konkrete planar som blir laga og dei prosessane som leiar fram til dette må dokumenterast og kunne delast med andre. Dermed kjem resultat og erfaringar fleire til gode.
  • I løpet av prosjektperioden vil Kulturtanken i samarbeid med KS, NOKU og Norsk Kulturskoleråd leggje til rette for delings- og kompetansearenaer for tilskotsmottakarane.
  • Ein avsluttande delingsarena blir arrangert i 2023.

Relaterte artiklar

Foreslår 12,6 millioner til inkludering i kulturliv

I statsbudsjettet for 2022 foreslår regjeringen en betydelig økning for tilskuddsordningen «Inkludering i kulturliv», som forvaltes av Kulturtanken. – Veldig gledelig, sier direktør Øystein Strand.

Satser på barne- og ungdomskultur i kommunen

Fire millioner kroner avsettes til et pilotprosjekt for å integrere barne- og ungdomskultur i kommunal planlegging.

Oppleve, skape, dele

Historiens første stortingsmelding om barne- og ungdomskultur er lagt fram.