Dei tre musikarane Jostein Rørmark, Stian Dalen og Anders Hefre foran ei vegg

Identitet, språkleg mangfald og nasjonal kulturarv

Tre musikarar, som også er lærarar, har skapt framsyninga «Hått sa’ru». Utgangspunktet er ein delt lidenskap for språk og dialekt.

Dei tre musikarane Jostein Rørmark, Stian Dalen og Anders Hefre står bak «Hått sa'ru» Foto: Grete Schia Kaasa

Ein mann i gul T-skjorte fell pladask ned i gymsalen på Jordet barneskule utanfor Larvik. Elevar bøyer seg over han med store auge. «De må seie eit spesielt ord til han: ‘Kom deg opp, din måsåbjønn’!» forklarer makkeren hans, der han sit i ei eirgrøn T-skjorte framfor eit keyboard. Trommeslagaren i blått held takta frå sidelinja.

«Kom deg opp, din måsåbjønn! Kom deg opp, din måsåbjønn!» roper elevane. Eitt auge blir opna, så det andre. Mannen i gult sprett opp og tek til å synge att.

Produksjonen Hått sa’ru er på besøk for å teste korleis ei tilsynelatande hyperlokal framsyning om Bø-dialekten vil fungere utanfor Midt-Telemark.

Og visst fungerer det! Det er entusiastisk allsong, dans, spørsmål og svar, ja, til og med ein song på bikkjedialekt (!) – før det heile blir avslutta med at elevane ligg på blå matter medan ein nattasong smyg seg over dei. 

Dialektar under press

Stian Dalen, Anders Hefre og Jostein Rørmark har kjent kvarandre sidan ungdomsskulen, og har spelt i diverse band og konstellasjonar opp gjennom. Anders omtaler Hått sa’ru som «eit koronaprosjekt».

– Bakgrunnen for framsyninga ligg i interessa og omsorga vi har for dialekten vi sjølv pratar og vaks opp med, fortel han.

Hått sa’ru er ei musikalsk framsyning som tek for seg dialektbruk med utgangspunkt i Bø-dialekten.
Musikken er originalskriven til produksjonen.

Målgruppe: 1.–4. klasse

Dei er alle frå Bø i Telemark. Men sjølv i heimbygda, der det har vore ein sterk dialekt og identitet knytt til han, blir dialekten viska ut i stadig større tempo. Dialektar under press er ein trend på landsbasis.

– Det er trist at det språklege mangfaldet i landet vårt blir forflata, men samtidig blir det gjort mykje bra arbeid for å verne om dialektane og oppmuntre til dialektbruk. Vi ønskjer å vere ein del av dette på ein direkte og involverande måte. Hått sa’ru er det vesle bidraget vårt

Fornøgde elevvertar og kulturkontakt

Kulturkontakten til skulen, Heidi Eriksen Hem, byr på begeistra tilbakemeldingar etter første framsyning:

Tre ungdommer sitter på rad og rekke foran en vegg med tall
Dei tre kulturvertane på Jordet barneskule: Ava, Jonathan og Oskar.

– Både vi lærarar og elevane er kjempefornøgde. Dei spelte på lag med ungane, samtidig som dei greidde å ‘halde dei’ der. Framsyninga var morosam, sat godt og hadde ei god oppbygging. Stemninga på lærarrommet var veldig god etterpå. Alle syntest de var både flinke og pedagogiske, samanfattar ho.

Også dei tre kulturvertane til skulen er rause med rosen.

– Det var spennande å høyre om andre dialektar, samanfattar Oskar (12).

Jonathan (13) nikkar.

– Det var veldig bra. Også er eg veldig imponert over kor god du er til å spele gitar! seier han til Stian.

Målgruppa til framsyninga er 1.–4. trinn, noko 7.-klassingane meiner er midt i blinken. Dei rosar måten musikarane inkluderer publikum på, og trekkjer fram Jobbelåta som særleg fin til å synleggjere dialektar.

– Nokre låtar har ein pedagogisk baktanke knytt til tematikken, medan andre låtar har ei meir laus tilknyting, men passar inn musikalsk i heilskapen. Vi har tenkt på kva som kan vere gøy og engasjerande for elevane samtidig som det er nokre små kunnskapsdrypp, poengterer musikarane.

Bilete frå testkonserten:

Hått sa’ru_Foto Marte Glanville (8)
Hått sa’ru_Foto Marte Glanville (27)
Hått sa’ru_Foto Marte Glanville (15)
Hått sa’ru_Foto Marte Glanville (9)
Hått sa’ru_Foto Marte Glanville (10)
Hått sa’ru_Foto Marte Glanville (22)
Hått sa’ru_Foto Marte Glanville (12)

Læreplanen støttar opp under målet

Dei tre musikarane

Stian Dalen er gitarist, songar og låtskrivar frå Bø, og jobbar som lærar ved sida av å vere musikar med eige soloprosjekt og som medlem i bandet Ugras.

Anders Hefre er saksofonist, arrangør og komponist frå Bø og Gvarv. Han trakterer fleire instrument og jobbar som lærar og frilansmusikar, og spelar med grupper som Maridalen, Akkerhaugen Raid og Flaata/Busk. 

Jostein Rørmark er trommis, musikklærar og frilansmusikar frå Bø.

Dei fargerike T-skjortene har ord på Bø-dialekten både framme og bak, og blir brukte aktivt i framsyninga. I tillegg til å vere musikarar jobbar alle tre som lærarar. Den doble erfaringa og kunnskapen deira kjem fram både i den pedagogiske oppbygginga til produksjonen og i materialet dei har utvikla i tilknyting til produksjonen.

Det tilhøyrande materialet, som vart sendt til skulen i forkant av konserten, legg opp til at klassane kan grave litt i eigen dialekt og samtidig bli kjent med nokre av songane dei skal få høyre. Teljeord, spørjeord og kroppsdelar er ofte typiske språklege særtrekk, så Teljesongen og spørjeorda på T-skjortene deira går rett i kjernen.

Musikarane meiner LK20 gir mange moglegheiter for Den kulturelle skulesekken (DKS).

– Det at ein no fokuserer meir på forarbeid og etterarbeid kan auke samarbeidet mellom DKS og skule. Læreplanen er stor og mangslungen, men også ganske open. Vi fann fort delar av læreplanen som støttar opp under det vi prøver å gjere med framsyninga vår: vise fram identitet, språkleg mangfald og nasjonal kulturarv, kommenterer dei tre.

Vi fann fort delar av læreplanen som støttar opp under det vi prøver å gjere med framsyninga vår: vise fram identitet, språkleg mangfalg og nasjonal kulturarv.

Lokal vri

På Jordet barneskule strøymer ein ny gjeng inn i gymsalen, klare for konsert.

«Er det ord de berre seier i Larvik?» spør Stian, der han står i sokkelesten på eit persisk teppe. «Gummipæler!» blir det ropt frå høgre. «Gummipæler, ja! No skal vi lage ein song om det», seier Stian. Vips, blir det skapt ein song som inkluderer både «gummipæler» og «Larvik».

Ved å skru litt på originaltekstar og gi rom for det rådgivar og musikkprodusent Billy Lätt i DKS Vestfold og Telemark kallar «knaggar», kan ein tilsynelatande hyperlokal produksjon bli gjort allmenn og dermed potensielt turnere landet rundt.

Meld deg på vårt nyhetsbrev, og hald deg oppdatert om Kulturtanken, Den kulturelle skulesekken og kunst og kultur for barn og unge.

Dialektar i tida

Billy Lätt, DKS Vestfold og Telemark

DKS-rådgivaren har hatt trua på produksjonen heilt sidan kulturskulerektoren i Nome kommune tipsa han om at noko spennande var på gang. Då DKS Vestfold og Telemark arrangerte felles kulturtorg for kulturkontaktane i storfylket for første gong, stod Hått sa’ru på programmet.

– Grunnmaterialet, det å ta tak i dialektar, det ligg i tida. I tillegg er dei tre ikkje berre gode musikarar frå bygda, med eit musikalsk samarbeid som sit som støypt, men dei er òg opne for innspel. Dei les publikum og formar konserten etter dei. Det å gi elevane knaggar dei sjølv kan bruke, er ein veldig god pedagogisk vri. Dei tek råmaterialet og gjer det forståeleg for alle, påpeikar Billy.

På Jordet barneskule reiser elevane seg frå dei blå mattene. 45 DKS-minutt er over, og dei går tilbake til klasserommet nokre dialektord rikare. Og kven veit – neste gong dei til dømes høyrer bestemor seie eit ord dei ikkje har høyrt før – så spør dei kanskje kva det betyr og byrjar å bruke det sjølv?

– Dialekt er ein viktig del av identiteten din. Det er ei rotløyse i samfunnet i vår tid, men kanskje kan stoltheit over eigen dialekt setje ei lita rot? avsluttar Billy Lätt håpefullt.

Test deg sjølv – kor godt kjenner du Bø-dialekten?

Kjassen. Fubellføre. Stutebuve. Løddær. Gudag. Gvefs. Ikønn. Skryll. Gvanndags. Som’tir. Gløyre. Hesskleg. Brekjelone.

(Fasit under biletet)

Dei tre musikarane Jostein Rørmark, Stian Dalen og Anders Hefre står bak «Hått sa'ru»

Fasit

Kjassen: uvel, småsjuk, ekkel. «Kjenner meg færr kjassen te å gå på jobb i dag»
Fubellføre: Glatt, isete.  «Når det er fubellføre, så dett du fort på rumpeballane»
Stutebuve: Ein ufordrageleg person – «Huttetu, han e ein stutebuve!»
Løddær: Sokkar
Gudag: Goddag
Gvefs: Veps 
Ikønn: Ekorn
Skryll:  Litt. «Eg seier ja til ein liten kaffeskryll» 
Gvanndags: Daglegdags «De e’kje gvanndags»
Som’tir: Nokre gonger
Gløyre: Stire
Hesskleg: Veldig
Brekjelone: Veldig varmt vêr

Relaterte artiklar

Skjermdump fra introduksjonsvideo i Munch LÆR.

Hvordan gjøre Munch relevant for ungdom?

Munch LÆR er et gratis læringsopplegg som er utviklet for å gjøre Edvard Munch relevant, levende og lett tilgjengelig for ungdom.

Irene Brodshaug, Synne Sagstad Imeland, Ingvild Margrethe Birkeland og Gry Uhlin-Engstu under lanseringen av den første rapporten om SKUP.

Kunstmøters betydning for livsmestring

Gir dybdelæring, estetiske læreprosesser og tverrfaglige temaer nye, fruktbare muligheter for samspill mellom DKS og skolen? En ny forskningsrapport tar for seg SKUP (Skolenes eget utviklingsprosjekt) og overgangen til nytt læreplanverk.

Litteraturformidling for framtida

Fire forfattere går inn i et studio. Etter to dager kommer de ut med lemen mellom hendene, haistemme og hodet fullt av historier om mygg og krig. Er de klare for å redde verden OG styrke litteraturen i DKS?