Sol som skinner gjennom trær

Mottakarar av Kulturtankens masterstipend 2023

Berekraft og medverknad står sentralt i årets masterstipend-prosjekt.

Det er andre gong Kulturtanken delar ut masterstipendet sitt. Stipendet går til søkjarar med masterprosjekt som klargjer aktuelle utfordringar innan produksjon og formidling av kunst til barn og unge.

Portrett av Lise Lundh
Lise Lundh, seniorrådgivar i Kulturtanken

I årets utlysing vart søkjarar som arbeider med tematikk som medverknad til barn og unge, berekraft i
kunst og kunnskap og praksis som bidreg til å gi eit breiare tilbod og større mangfald av brukarar,
deltakarar og utøvarar
spesielt oppmoda til å søkje.

Seniorrådgivar i Kulturtanken Lise Lundh er ansvarleg for masterstipendet og fortel om ei rekkje gode søknader:

– Vi ser både ein auke i talet på søkjarar, og auke i kvaliteten på arbeida det blir søkt støtte til. Det er verkeleg inspirerande å sjå kor mange gode reflekterte kunstnarar og akademikarar som arbeider med kunst for barn og unge.

Årets mottakarar:

Dei to kandidatane som får Kulturtankens masterstipend i 2023 er Ellen Jerstad og Jorge Roberto Navarro Fica.

Ellen Jerstad, Teaterhøgskolen

Jerstads masterprosjekt skal undersøkje potensialet til scenekunsten til å kunstnarisk behandle berekraftsspørsmål.

Ho stiller spørsmålet kva er potensialet til scenekunsten til å styrkje sambandet mellom publikum og
ikkje-menneskelege organismar, gjennom leik, lytting og personifisering?

Prosjektet skal sjå nærare på korleis barn kan inkluderast i utviklinga av ei framsyning med fokus på berekraft i form av sambandet mellom menneske og andre organismar. Researchfasen for masterprosjektet skal nyttast vidare og inngå i ein reel framsyning for barn frå 4 – 7 år med premiere på Hamar i november 2023.

Ellen Jerstad ute i naturen sammen med barnehagebarn.
Ellen Jerstad gjer research til forestillinga Solsnu saman med barnehagebarn på Hamar. Foto: Kristin Bengtson.

Framsyninga skal heite Solsnu og utviklast som eit mysteriespel. Det mellomalderske kristne blir bytt ut med universet og forteljinga frå skapinga til dommedag, der naturelement frå det lokale landskapet får stemmer og karakterar, og skal fortelje historia si. Målet er å utforske personifisering, lek og reell lytting til naturelement som metodar for å samskape scenekunst med og for barn.

Universet til framsyninga skal utviklast i samarbeid med barnehagebarn på Hamar.

Jorge Roberto Navarro Fica, OsloMet

Prosjektittel: Ansiktet som lerret. Ansiktsmåling som estetisk kommunikasjonsform.

I Navarro Fica si forskingsstudie inviterer han barn til å vere medforskarar når dei saman med han undersøkjer kva som kan oppstå i møte mellom barn og barn, og mellom barn og vaksne når vi bruker ansikta kvarandres som lerret.

Han skal òg undersøkje kva som oppstår i mellomrommet når vi kommuniserer gjennom estetiske prosessar og finne ny forståing om korleis ansiktsmåling kan forståast og nyttast i barnehagen.

Jorge Navarro Fica ansiktsmales av to barnehagebarn.
Jorge Roberto Navarro Fica undersøkjer ansiktsmåling i sitt masterprosjekt. Foto: Per Flakstad.

I prosjektbeskrivinga beskriv han korleis estetiske kommunikasjonsformer også kan forståast som berekraftige relasjonsplattformer som vi skaper som medmenneske. Det handlar i denne samanhengen om korleis fridom til å kunne uttrykkje seg ved å bruke eigne og ansikta kvarandres som lerret, kan gi barn fridom til ei ny skapande uttrykksform som unike og kreative subjekt.

Den medverkande posisjonen til barna i forskingsprosessen kan vise oss korleis den estetiske fridommen, handlekrafta og uttrykksforma til barna også handlar om å gi barn reel medverknad som autonome skapande subjekt i prosessar som omhandlar dei.

Masterprosjektet skal etter planen leverast våren 2024.

Les meir om mottakarane av masterstipendet i 2022.

(Foto toppbilde: Kristin Bengtson)