DiSkometoden-logo og utøver som hjelper elev med en gitar.

DiSkometoden – dialogbasert kunstnar-lærarsamarbeid

Ein dialogbasert modell for samarbeid mellom kunstnarar, lærarar og elevar.

I den digitale verktøykassen på diskometoden.no finn du åtte ulike metodiske variantar av modellen. Dessutan finn du utdjupande informasjon om modellen, og dokumentasjon om forskinga bak ho (Disko-prosjektet).

Verktøykassen rettar seg mot både kunstnarar, lærarar og forskarar, og er delt i følgjande delar:

Praktisk arbeid på skular

I delen Praktisk arbeid på skular finn du åtte metodiske døme som viser korleis ein konkret prosess og produkt kan utviklast og gjennomførast. Kvar av dei seier noko om idé og intensjon, kontekst, relevans og arbeidsmåtar. Alle har glimt frå arbeidsprosessane i form av videoklipp, lydopptak og bilete. Didaktiske rammer og suksessfaktorar er tydeleg sett opp i punktvise listar for kvart døme.

Skjermdump fra diskometoden.no

Denne delen vil vere særleg nyttig for dei som ønskjer å arbeide i eit dialogisk partnarskap, som til dømes lærarar og kunstnarar, men også skuleleiarar, lærarutdannare og kunstnarutdannare kan finne dette interessant.

Kunstnar-lærarsamarbeid

Delen Kunstnar-lærarsamarbeid fordjupar seg i ulike aspekt ved partnarskap mellom skular og kunstnarar:

Skjermdump fra diskometoden.no

Følgjande spørsmål blir drøfta inngåande:

  • Relasjon, dialog og eigarskap
  • Kontekst, plan og struktur
  • Deltakerroller
  • Kunstneriske tilnærmingar
  • Didaktiske metodar

Denne delen er knytt til forskingsprosjektet DiSko, men gir òg innsikt i og grunngivingar for DiSkometoden og dei metodiske verktøya. Delen vil vere særleg interessant for dei som ønskjer å tileigne seg djupare kunnskap om desse spørsmåla, som til dømes forskarar, lærarutdannare og studentar.

Forskinga

Den dialogiske samarbeidsmodellen og dei metodiske verktøya i verktøykassen er innoverte gjennom forskingsprosjektet DiSko. Denne delen av verktøykassen er vigd informasjon om forskingas -

  • Intensjon
  • Bakgrunn, gjennomføring og resultat
  • Deltakere
  • Deltakerstemmer
  • Publikasjoner
  • Mediebidrag

Denne delen vil vere særleg interessant for dei som ønskjer å gå djupare inn i modellen, som til dømes forskarar, lærerutdannare, lærarar og kunstnarar.

Om DiSko-prosjektet

DiSko-prosjektet heitte opphavleg «Skule og konsert – frå formidling til dialog», og føregjekk i perioden 2016 - 2020. Forskinga blei utført av Høgskulen på Vestlandet, og blei finansiert av Forskingsrådets FINNUT-program.

Les meir om DiSko-prosjektet