digital illustrasjon av Spilltanken

Opptak frå Spilltanken

Sjå dataspel-konferansen 17. september 2019 i opptak.

Korleis kan dataspel sjå ut i Den kulturelle skulesekken? Kan vi presentere mediet som ei estetisk oppleving for barn og unge?

17. september 2019 arrangerte Kulturtanken spelkonferansen Spilltanken for å utforske dette nærmare, og som ein møteplass for bransje, kunstnarar og alle med interesse for dataspel.

Program

10.00:
Opning og kunstnarisk innslag
v/ Sara Chen og Ole Christian Haagenrud

Videohilsen
v/ kulturminister Trine Skei Grande

10.05:
Velkommen til Spilltanken!
v/ direktør Lin Marie Holvik, Kulturtanken

10.10:
Dagen og ettermiddagen, teori og praksis
v/ Kristin Stoltz Thomassen, Kulturtanken

10.15:
Kva skal DKS bety? Introduksjon av ordninga
v/ Kyrre Bjørkås, Kulturtanken

Ein engasjert gamerkid: Kva betyr det eigentleg for barn og unge
at interessa deira blir introdusert i DKS?

v/ Laila Voll, Hyperion

Samfunn, makt og dataspel som kanarifuglen i kolgruva
v/ Emil Lundedal Hammar, UiT

Pilotprosjekt i DKS – My Child Lebensborn
v/ seksjonssjef Kristin Falck, Oslo kommune

11.40: LUNSJ i Klubbscenen med introduksjon til spel

12.30:
På DKS-turné med dataspel. Tips og erfaringar
v/Catharina Due Bøhler, Sarepta Studio

13.00:
Kva kan spel vere i DKS?
Vi presenterer utvalde innspel til Kulturtanken

13.25: PAUSE

13.40: Frå den levande spelekulturen:
Dataspel for alle: Inklusjon i speledesign og skulekvardag
v/Kristine Ask, Spillpikene

The gathering og læring: Korleis kan dataparty brukast til å inspirere
til læring og engasjere barn og unge innan kunst og kultur?

v/Kristian Lyngstøl, KANDU

Dataspel i det frivillige: Når spelinga går frå kjellaren til ungdomsklubben
v/Habiba Stray, Hyperion

Dataspel i samspel med læreplanane i skulen
v/Magnus Sandberg, Spillpedagogene

14.55: PAUSE

15.10:
Paneldebatt: Dataspel utgjer ein stadig større del av barne- og ungdomskulturen.
Korleis møter DKS denne moglegheita?

v/Emil Lundedal Hammar, Habiba Stray, Kaja Hench Dyrlie, Steinar Pleim Johansen og Lise Forfang Grimnes. Debattleiar: June Breivik

16.00:
Statssekretær Jan-Christian Kolstø i Kulturdepartementet samanfattar dagen
og ønskjer velkommen til fordjuping i spel.