Kulturtankens årsrapport 2022 - omslagsbilde fra en konsert

Kulturtankens årsrapport 2022

Samanstilling av Kulturtankens aktivitetar og resultat i 2022, inkludert årsrekneskap og vurdering av framtidsutsikter.

Utdrag frå leiars melding

Basert på tildelingsbrev og andre styringssignal frå Kultur- og likestillingsdepartementet og Kunnskapsdepartementet, og dessutan behov i feltet og forventningar frå samarbeidspartnarar, har vi utarbeidd ein strategi for perioden 2022–2024 med seks hovudpunkt:

• Løfte stemmene til barn og unge
• Styrke Den kulturelle skulesekken
• Være ein god samarbeidspartnar
• Stimulere til kunnskapsutvikling
• Utvikle effektive fellesløysingar
• Redusere eige klimaavtrykk

Aktivitetane og resultata som er synleggjorde i denne årsrapporten, viser at vi er på god veg i arbeidet vårt med desse ambisjonane. Vi har løfta stemmene til barn og unge inn i ulike forum, ikkje minst gjennom vårt eige ungdomsråd. Vi samarbeider tett med andre nasjonale organisasjonar i barne- og ungdomskulturfeltet, og i fellesskap har vi løfta stemmene og perspektiva til barn og unge mellom anna under Arendalsuka. Vi har etablert eit tett og godt samarbeid med KS og Utdanningsdirektoratet som styrkjer DKS ved å bidra til betre forankring av DKS i skulen. Arbeidet vårt med ulike fagarenaer og nettverkssamlingar bidreg til å vidareutvikle Den kulturelle skulesekken, og vi har i 2022 òg fordelt fire mill. i tilskot til utvikling av nytt innhald i DKS gjennom nyproduksjonsmidla på kap. 325 post 78.

Vi får gode tilbakemeldingar frå fylkeskommunar, kommunar og andre på at vi er ein god og viktig samarbeidspartnar for dei. Vi stimulerer til kunnskapsutvikling gjennom fleire nye samarbeidsprosjekt med UH-sektoren med finansiering frå Forskingsrådet og Regionalt forskingsfond Oslo (RRF Oslo), i tillegg til at eksisterande prosjekt blir vidareførte. Vi bruker store ressursar på vidareutvikling av DKS-portalen og får gode tilbakemeldingar på at denne i stadig større grad blir vurdert av fylkeskommunar og kommunar som ei effektiv fellesløysing for DKS. Vi har dessutan gjennom heile 2022 jobba med å bli ei Miljøfyrtårn-sertifisert verksemd.