Illustrasjonsbilde med rapportforside

Rapport: Barn og unges stemmer – Kunst og kultur (BUSK)

Kulturtanken har samla barna og unge sine eigne innspel til barne- og ungdomskulturmeldinga.

Rapporten Barn og unges stemmer - Kunst og kultur vart overlevert kulturminister Trine Skei Grande og Kulturdepartementet 30. september 2019, som del av arbeidet med stortingsmeldinga om barne- og ungdomskultur.

Kulturtanken, som etat under Kulturdepartementet (KUD) og med eit nasjonalt ansvar for Den kulturelle skulesekken (DKS), fekk i oppdrag å involvere barn og unge i arbeidet med meldinga. Oppdraget var å koordinere og gjennomføre opplegg for involvering av barn og unge, rundt temaa kunst- og kulturformidling, digitale kunst- og kulturuttrykk, kunst og kultur som ytringar og inkludering og sosial mobilitet.

Les meir om BUSK-prosjektet

Viss barn og unge fekk bestemme sjølv: 23 tiltak for å styrkje kunst- og kulturtilbodet

  1. Lage fleire tilbod tilpassa ulike aldersgrupper på offentlege kulturinstitusjonar
  2. Styrke samarbeidet mellom barn og unge og profesjonelle kunst- og kulturaktørar
  3. Vareta og styrke UKM og andre nasjonale og regionale møteplassar for kulturinteressert ungdom
  4. Styrke og etablere ordningar for talentutvikling og yrkesretta undervisning innan kunst- og kulturfag for barn og unge
  5. Innføre universell utforming på alle kunst- og kulturarenaer
  6. Styrke moglegheitene for utøving av kunst og kultur for barn og unge med nedsett funksjonsevne
  7. Lage meir, betre og lettare tilgjengeleg informasjon om eksisterande kunst- og kulturtilbod
  8. Styrke rabattordningar for billigare inngang for barn og unge på ulike kulturtilbod
  9. Fjerne ventetida på kulturskulane og senke prisen for deltaking
  10. Etablere offentlege støtteordningar for ungdom i distrikta slik at det blir enklare å ta del i større kulturarrangement
  11. Utvide og senke prisane på kollektivtilbodet slik at det blir enklare å reise til og frå ulike kulturaktivitetar
  12. Styrke kunst- og kulturtilbodet i barnehagar
  13. Gjennomføre fleire besøk av Den kulturelle skulesekken i skuletida
  14. Tilsetje fleire faglærarar i praktisk-estetiske fag
  15. Tilgjengeleggjere fleire fysiske møteplassar for gaming og LAN-arrangement
  16. Etablere fleire arenaer for opplæring i, og erfarings- og kompetanseutveksling innanfor, digitale medium og kunstuttrykk
  17. Løfte fram digitale medium og kunstuttrykk på lik linje med andre kulturformer
  18. Etablere fleire arenaer for kulturutveksling
  19. Vareta gamle og etablere nye fritidsklubbar og uformelle møteplassar
  20. Vareta og styrke breidda i lokale kulturtilbod
  21. Styrke alle bibliotek med relevant barne- og ungdomslitteratur og gratis utlånsordningar for utstyr for ulike typar kunstutøving og kreativ verksemd
  22. Styrke medråderetten til barn og unge i utforminga av kulturtilbod
  23. Leggje til rette for sjølvorganiserte aktivitetar i takt med endringar i barne- og ungdomskulturen