Jo Morten Weider, Lin Holvik og bunker med tegneseriemagasiner

Kronikk: Viss barn og unge får bestemme!

KRONIKK

KRONIKK

Viss barn og unge får bestemme, …

Lin Marie Holvik, direktør i Kulturtanken og Jo Morten Weider, prosjektleiar BUSK

…då vil barn og unge ha gode kulturtilbod til alle, uavhengig av betalingsevna til foreldra, lange avstandar, sosial og kulturell bakgrunn eller funksjonsevne. Dei vil i tillegg gjerne vere med og bestemme utforminga av kulturtilbod der dei er målgruppa.

Det kjem frami rapporten “Stemmene til barn og unge – kunst og kultur” (BUSK, Kulturtanken 2019). Her har vi samla innspel frå over tusen barn og unge mellom 3 – 19 år til tidenes første Stortingsmelding om barne- og ungdomskultur. Rapporten samanfattar innspela i 23 konkrete tiltak for å styrkje kunst- og kulturtilbodet til barn og unge. Tiltaka og ideane kjem frå dei unge sjølv.

Våren 2019 reiste Kulturtanken landet rundt, frå Tana i Nord til Kristiansand i sør, for å snakke nettopp med barn og unge på skular og i barnehagar, på festivalar og arrangement. Vi har samarbeidd med ei rekkje organisasjonar, etatar, fylke og kommunar for å sikre eit rikt mangfald av innspel frå ulike delar av barne- og ungdomsbefolkninga.

Kunst- og kulturopplevingane vi har fått beskrive, skjer både heime, på skulen, i frivillig regi, i offentlege og private kunst- og kulturinstitusjonar og på nett.

Sosiale felleskap for barn og unge i alle aldrar
“Det er bra å måle. Det er bra inni meg fordi hovudet mitt målar inni meg. Hjernen målar når eg målar” seier ein gut på 5 år. Det gjer inntrykk å høyre på barn og unge fortelje kor viktig kunst og kultur er i deira liv. Gjennom kunst og kultur opplever òg dei minste barna meistring og anerkjenning, sosiale felleskap og glede over å uttrykkje seg akkurat slik dei sjølv ønskjer.

Digitale plattformer blir beskrivne som viktige kjelder til opplevingar, skapande aktivitetar og sosiale møteplassar. "LAN er jo definisjonen på å samle folk, ein speler heile natta. LAN er for alle, alle kan komme” skriv gut 17, og viser til datatreff der dei unge speler, skaper, deler og chattar.

Det er viktig for barn og unge at vi vaksne byggjer opp kompetanse og anerkjenner dei nye kulturuttrykka deira. Dei er ein del av deira sosiale liv, identitet og eit viktig rom for ytring.

Økonomi og lange avstandar hindrar deltaking
Gjennom samtalar med barn og unge har vi òg kartlagt frustrasjonen deira rundt det som opplevast som barrierar for deltaking. Nokon kjenner seg ekskludert frå enkelte delar av kulturlivet, som regel på bakgrunn av forhold dei ikkje har høve til å påverke sjølv. Vi har mellom anna fått forteljingar om korleis nedsett funksjonsevne, den manglande betalingsevna til foreldra og lange geografiske avstandar kan forårsake at dei ikkje kan delta i kulturlivet på lik linje med andre.

Dei ekskluderingsmekanismane som her er i spel, er ofte del av større samfunnsstrukturar som ikkje kan sporase tilbake til kulturlivet åleine. Eit betre og billigare kollektivtilbod i distrikta, meir universell utforming og mindre barnefattigdom er det ingen enkle løysingar for, men det er definitivt perspektiv for politikkutforminga for framtida, også kulturpolitikken.

Nærmiljø viktig
“Eg vil berre minne om at barn ikkje er så glad i å reise langt for aktivitetar. Alle barn burde ha eit godt utval av ulike aktivitetar i nærmiljøet”, skriv ei jente på 11 år.

Trygge, gratis møteplassar i nærmiljøet er viktig for barn og unge. Ein ungdom skriv “Hugs å òg få til meir kulturtilbod på bygda. Bønder vil òg bli kunstnarar!” Det er klar melding frå dei unge sjølv om eit behov for å styrkje det lokale kulturtilbodet ei rekkje stader i landet.

Skulen som arena for kunst og kultur

Skulen er ein viktig fellesarena for barn og unge, den når ut til alle. Den kulturelle skulesekken (DKS) er eit tilbod mange set pris på og ønskjer meir av. Men dei vil òg gjerne påverke tilbodet og sikre at det treffer rett. “Vi vil at DKS skal tilpassast kva trinn som ser på”, skriv ein elev (12).

Kulturtanken har det nasjonale ansvaret for DKS-ordninga og skal bidra til at barn og unge får meir påverknad på tilbodet, mellom anna gjennom utvikling av nye tilbakemeldingsverktøy for elevane i skulen.

Vil delta og bestemme
«Vaksne liker å sjå på. Barn liker å gjere», seier jente 10 år. Omtrent alle vi har snakka med etterlyser meir medverknad og eigarskap til kulturtilbodet. Barn og unge vil i større grad bli spurt om kva dei liker å gjere og korleis kunst og kulturaktivitetar bør organiserast. Dei rettar ei klar oppmoding til vaksensamfunnet; gjer terskelen for medverknad og deltaking lågare og breidda på tilbodet større. Takk til alle de barn og ungdommar som har bidrege med viktige innspel. I desse dagar sender vi rapporten til store og små som har bidrege i arbeidet.

Barn og unge skal vere med å bestemme, lytt derfor til stemmene til barn og unge om kunst og kultur.

Fakta

Arbeidet med innspela til BUSK-rapporten er gjord i samarbeid med ei rekkje lokale, regionale og nasjonale aktørar.

BUSK-rapporten er utarbeidd av Kulturtanken på oppdrag frå Kulturdepartementet, og skal inngå i stortingsmelding om barne- og ungdomskultur som kjem hausten 2020.

Her kan du lese heile rapporten med 23 tiltak foreslått av barn og unge

Kronikken har stått på trykk i Dagsavisen, Rogalands avis, Romsdals budstikke og Folkebladet.