ungdommer og unge voksne står i to grupper. Den ene gruppen har ryggen vendt mot den andre.

Med DKS på timeplanen

Endres lærarstudentars syn på Den kulturelle skulesekken dersom tilbodet er ein del av studiet? Dette skuleåret kjem fire DKS-produksjonar på besøk til USN Campus Notodden.

Lærarstudentar og elevar frå Notodden ungdomsskule viser fram eit tablå, som del av piloten.

Ein muskuløs mann i kvit T-skjorte ligg krokbøygd på golvet. Over han står ein niandeklassing og hevar beinet som til eit spark. To elevar ser ut til å filme det heile.

Nei, vi er ikkje midt i ein litt underleg slåstkamp. Vi er på Universitetet i Søraust-Noreg (USN) Campus Notodden der ei gruppe lærarstudentar og niandeklassingar øver inn eit tablå. Begge gruppene har sett DKS-framsyninga Viral, og no jobbar dei med opplevinga.

Lærarstudentane er andreklassingar på grunnskulelærarutdanninga trinn 5.-10 og deltek i piloten «DKS + lærarutdanninga = sant?!». Skuleåret 2022/23 skal opplegg kopla til fire DKS-produksjonar vere ein del av undervisninga for ulike grupper av  lærarstudentar.

- Framsyninga treffer ein nerve og er farleg relevant. Rolla til læraren i for- og etterkant er ekstra viktig i ei framsyning som denne, noterer utøvar Simen Tranulis.

Skreddarsydde opplegg

Estetiske læringsprosessar er eit av fem tverrfaglege tema som er programfesta i nasjonale retningslinjer for grunnskulelærarutdanningane.

Temaet skal mellom anna gi studentane kunnskap og erfaring om korleis slike prosessar kan bidra til læring og utvikling av elevars sjølvtillit og identitet. USN har utvikla temaverkstad for fleire av dei tverrfaglege temaa der faglærarar og praksislærarar planlegg og gjennomfører undervisning saman. Undervisninga blir derfor reelt tverrfagleg og praksisnær.

Sidan DKS-framsyninga Viral kom til Notodden akkurat då temaverkstad for estetiske læreprosessar skulle gjennomførast for grunnskulelærarar i sitt tredje semester, passa dette perfekt.

DKS og piloten blei ein del av den  obligatorisk tverrfaglege temaverkstaden om estetiske læringsprosessar. Forma på dei fire delprosjekta knytt til DKS-produksjonane vil variere etter faget i studentgruppa.

Dagens gruppe har faga pedagogikk og elevkunnskap og matematikk eller norsk.

Tone Cronblad Krosshus i samtale med utøver Simen Tranulis.

– Kvart enkelt kunstmøte og læringsutbyttar frå faget til studenten, pluss konteksten avgjer opplegget, fortel Tone Cronblad Krosshus, som er prosjektleiar og fagleg ansvarleg ved USN.

Piloten utforskar altså ulike tilnærmingar til innhald, form og organisering av eit slikt tilbod.

–Vi kuraterer ikkje. Til liks med kva som skjer ute i skulen, så «tek vi det vi får», altså produksjonar som faktisk er på DKS-turné på Notodden. Når dei er ute i jobb skal studentane kunne handtere alle DKS-besøk best mogleg. 

Skremmande aktuell framsyning

Medan skodespelarane riggar ned, arbeider studentane individuelt med førsteopplevingane sine. Dette skal bli materiale som dei skal ta med seg inn i gruppearbeid med ungdomsskuleelevar neste dag. Men først skal dei ha ettersnakk med  utøvarane Simen Tranulis og Jon Todal Sæbø, og dessutan teknikar Magnus Bechmann.

Dei sit på svarte plaststolar vis-à-vis studentane inne i black boxen og svarer på spørsmål. «Kva tilbakemeldingar frå målgruppa har de fått?». «Forstår dei bodskapen?». «Reiser de rundt i landet med framsyninga?», er blant spørsmåla studentane stiller.

Fleire lærarar har gitt tilbakemelding om at dei står midt i ein slik situasjon på skulen sin, altså ulovleg deling av bilete

Simen Tranulis

Viral er ei førestilling om krafta i sosiale medium, mobbing og konsekvensar av jag etter blir likte og følgjarar. I løpet av 45 minutt er skodespelarane innom 27 karakterar. Alle scenene i framsyninga er basert på ekte hendingar – sjølv den kvar ei død kvinne blir avfotografert og biletet blir delt i sosiale medium.

–Framsyninga er skremmande aktuell. Fleire lærarar har gitt tilbakemelding om at dei står midt i ein slik situasjon på skulen sin, altså ulovleg deling av bilete, fortel Tranulis.

Han påpeikar at dei som utøvarar leverer frå seg det han kallar «ei bombe av ei framsyning», for så å forlate skulen.

– Framsyninga opnar dører og stiller spørsmål, men gir ingen svar. Noko som kanskje er kunst og kultur samfunnsoppdraget sitt? noterer utøvar Simen Tranulis.

–Dermed er ansvaret til det læraren å ha verktøy for å diskutere han med elevane. Redd Barna har hjelpt oss å skrive ei lærarrettleiing med forslag til for- og etterarbeid, det er vi glade for.

Skodespelaren fortel at elevar reagerer svært ulikt på framsyninga. Nokon roper eller buar, og ein gut blei så vidt forhindra frå å kaste ein sko - i forbanning over ein av karakterane og det som gjekk føre seg på scena.

Utøvarane i samtale med studentane etter framsyninga.

Gruppedynamikk

Neste dag: 20 niandeklassingar frå Notodden ungdomsskule går inn i black boxen kvar studentane ventar. Oppvarmingsøvingar som Zip Zap Boing tiner den litt keitete stemninga. Som i skulekvardagen er dette ei elevgruppe med ulike personlegdommar. Nokon er ekstroverte og kastar seg inn i samspel med studentane, andre seier så vidt namnet sitt eller melder seg litt ut.

Oppvarmingsøvinga Zip Zap Boing.

Studentane prøver ulike innfallsvinklar for å få elevane aktivt med i samtale om kva dei eigentleg såg i går, og kva dei meiner stykket handla om.

I timane som følgjer er det tydeleg at dagens opplegg ikkje berre styrkar kunnskapen til studentane om estetiske læringsprosessar og Den kulturelle skulesekken. Også auka forståing av gruppedynamikk og korleis leie ein samtale om ei kulturoppleving, peikar ut seg.

Kor stor rolle skal du som vaksenperson ta i ein samtale? Korleis får du elevar som ikkje kjem med forslag på banen? Korleis skaper du eit trygt rom som gjer at ungdom tør å fortelje kva dei eigentleg meiner? Dette og og mykje anna får lærarstudentane bryne seg på i møte med niandeklassingane.

Ord og tablå

På eit tidspunkt står gruppene og ser ned på ein haug kvite ark med påtrykte ord på. Kvar gruppe må bestemme seg for eitt ord som dei meiner beskriv handlinga i Viral. Ein tatovert student plukkar opp eit ark. «Sjokkfaktor» står det. Han legg det tilbake, plukkar opp eit nytt ark og diskuterer lågt med resten av gruppa.

Meld deg på vårt nyhetsbrev, og hold deg oppdatert om Den kulturelle skulesekken og kunst og kultur for barn og unge.

Stemninga stig betrakteleg då frasen som gruppene har valt, skal knytast til eitt punkt i ei scene frå framsyninga, som så skal attskapast som tablå. Same tablå blir utført i to versjonar. Dermed får tilskodarane to perspektiv på same hending.

«Er det nokon som melder seg til å vere mobbar?» spør ein student resten av gruppa. Dei einest seg imellom og går ut på gangen for å øve».

Kvar gruppe vel eitt ord som dei meiner beskriv handlinga i framsyninga.

Refleksjon over prosessen

Etter visninga forlèt elevane universitetet.

For studentane er det tid for refleksjon over dagen, leidd av universitetslektor Barbro Børli Løkken.

Universitetslektor Barbro Børli Løkken

– De har vore i prosess med elevar. De har opplevd eit kunstutrykk, de har jobba med ulike tematikkar, assosiasjon og dissasosiasjon, og så utforska dette gjennom estetiske uttrykk og arbeidsformer. Det å gå frå inntrykk via refleksjon til uttrykk, håpar eg gir meir meining etter denne dagen. Undervegs i ein slik prosess skjer det ganske mykje både for elevane og for dykk som kommande lærarar.

Ho ber studentane reflektere over kva perspektiv som kom fram om Viral og sjølve gjennomføringa av dei praktiske og estetiske oppgåvene. Og så tenkje over eiga rolle undervegs.

- Det at Campus Notodden får besøk av utvalde DKS-produksjonar som er på skuleturné i fylket, gjer det praksisnært og ekte, poengterer Tone Cronblad Krosshus, prosjektleiar og fagleg ansvarleg ved USN.

Potensialet til kunsten i skulen

Kvar gruppe deler sine tankar om møtet med elevane. Eksempelvis kva knappar dei trykte på for å få ungdommen til å dele sine tankar, refleksjonar og meiningar, om oppdaginga av at tausheit kan vere lettare enn å seie noko feil, og at dei som både er ukjende og mykje eldre, sikkert påverka det heile.

– Å leike med idear om kva elevar har fått med seg eller ikkje fått med seg i noko dei opplever, er ei nyttig øving. Det gjer ein medvite på prosessar, noterer Løkken.

I løpet av samtalen poengterer ho bruken til studentane av didaktisk relasjonsmodell, rettleiarfunksjonen og gruppedynamikk.

–Leit etter potensialet i kunstopplevinga! Dersom de berre ramlar inn og ut igjen, er timen bortkasta. Det å ramme inn ei oppleving er utruleg viktig. Tenk korleis ho kan relaterast til skulen og innhaldet i skulen, oppmodar ho til slutt.

- De er historiske. De er dei første studentane her som får ei DKS-framsyning som ein del av lærarutdanninga, noterer Barbro Børli Løkken, som er universitetslektor ved Institutt for estetiske fag.

Sjå bilete frå piloten

Mennesker sitter i et mørkt rom og ser på noe. Mannen i midten smiler.
En gruppe mennesker sitter på rekke. En dame i blå genser forteller noe
En gruppe mennesker sitte rpå rekke. De ser på noe utenfor bildet
Ungdommer og unge voksne er i et mørkt rom. På gulvet ligger en dame som ser ut som om hun er død. En mann peker opp i lufta og noen andre ser ned på mobilen sin.
To elever sitter halvbøyd og ler. Tre andre ser tilsynelatende på noe på en mobil med åpen munn.
En mann ligger på et gulv og ser opp på noen som ser ned på ham. Han smiler.
en dame i blå genser står midt i et rom med sorte vegger. Bak henne står unge voksne på rekke.
Seks mennesker står i en halvsirkel og snakker sammen
En gruppe mennesker sitter og snakker med tre som vi ser ryggen til.
En ung kvinne bruker gulvet som skrivebord. Hun skriver noe. En mann sitter med bøyde ben og skriver noe han også.
en ung mann bruker en søyle som bord. Han skriver på et ark.
Mennesker sitter i et mørkt rom og ser på noe

Opplegget rundt produksjonen Viral

  • Studentane såg framsyninga dagen før, elevane same dag.
  • Studentane og elevane fekk skriftlege oppgåver knytt til framsyninga. Svara danna grunnlag for ord som kvar gruppe skulle velje éin av.
  • Kvar gruppe valde éi scene frå produksjonen som dei meinte samsvarte med sitt valde ord. Så skapte dei to tablå (steriliserte scener) basert på han.
  • Alle presenterte tablåa sine, dei andre gruppene skulle gjette kva ord og scene som blei illustrert.
  • Til slutt reflekterte studentane over prosessen.
  • I ettertid sende studentane inn ei evaluering av temaverkstaden.

Les meir

tre kvinnelige studenter lener seg over et ark, en av dem tegner med en fargeblyant

Den kulturelle skolesekken inn i lærerutdanningen

Lærere trenger kunnskap og kompetanse om hvordan å møte kunst og kultur i skolehverdagen. Fire utdanningsinstitusjoner går i bresjen for å gi fremtidens lærere nettopp dette.

Øystein Strand - portrett

Saman om sekken

– Den kulturelle skolesekken bidreg positivt til at skulen oppfyller samfunnsoppdraget sitt , skriv Kulturtankens direktør Øystein Strand.

Illustrasjon av Undre og skjermdump fra første del av elev-spørreskjema.

«Chatbot» samler inn elevenes meninger om DKS-tilbudet

Elever over hele landet får dette skoleåret mulighet til å dele synspunkter om sine DKS-opplevelser med den sjarmerende «roboten» Undre.