Øystein Strand - portrett

Saman om sekken

– Den kulturelle skolesekken bidreg positivt til at skulen oppfyller samfunnsoppdraget sitt , skriv Kulturtankens direktør Øystein Strand.

Dette innlegget blei først publisert i Ballade.

Sanna Sarromaa ønskjer å provosere, og er flink til det. Kanskje må ein spisse bodskapen for å synast i medielandskapet, men eg er nok samd med Eldar Skjørten i at sakleg debatt er å føretrekkje framfor nedlatande karakteristikkar eller spydigheiter. Eg har ikkje behov for å kommentere Sarromaas ytringar denne gongen utover å vise til tilsvaret mitt til henne i ein kronikk i VG frå november i fjor med tittelen Kunsten å pakke sekken, som og er publisert på Kulturtankens nettsider. Eg synest dessutan at Sarromaa har fått svært gode tilsvar både frå fylkesordførar i Innlandet, Even Aleksander Hagen og frå leiar i Musikk i Innlandet, Solbjørg Tveiten. Lærar ved Kvaløysletta ungdomsskule i Tromsø Lisa Eidesen set skapet på plass i eit innlegg i Utdanningsnytt med tittelen «Det er på tide at Sanna Sarromaa setter seg inn i læreplanen». 

Eit sentralt poeng i denne debatten er at han synleggjer betydninga av at Den kulturelle skolesekken får til samarbeidet med skulen og at ordninga bidreg positivt til at skulen oppfyller samfunnsoppdraget sitt. Når DKS fungerer på sitt beste så finst det potensial til å skape magiske kunstmøte i skulekvardagen, og samtidig bidra til måloppnåing i både skule- og kultursektor. Det vere seg overordna del av læreplanverket i skulen, tverrfaglege tema i fagfornyinga, og meir konkrete læringsmål i dei enkelte faga.  I kulturpolitikken er det ein klar ambisjon å nå ut til fleire. Og DKS er det einaste kulturpolitiske tiltaket som faktisk når alle barn og unge i heile landet uavhengig av bustad og sosiokulturell bakgrunn - det er rett og slett fantastisk!

"Når DKS fungerer på sitt beste så finst det potensial til å skape magiske kunstmøte i skulekvardagen, og samtidig bidra til måloppnåing i både skule- og kultursektor."

Æra for dette har tusenvis av profesjonelle kunstnarar med stort engasjement for å formidle kunst av ypparste kvalitet til barn og unge i kvar minste krik og krok i det langstrekte landet vårt, men også dedikerte og kompetente kommunale og fylkeskommunale byråkratar (for meg er byråkrat eit honnørord og ikkje eit skjellsord), og dei som jobbar i skulen.

Sjølv har eg bakgrunn som pedagog, produsent og musikar. Men dei siste 25 åra har eg vore byråkrat og hatt leiarstillingar i kommune, fylkeskommune og i departement. I alle desse leiarrollene har eg hatt overordna ansvar for oppfølging av DKS. Og på alle forvaltningsnivåa har eg erfart utfordringar med å få til eit godt samspel og ein felles eigarskap i begge sektorar.

Derfor er eg veldig glad for det gode samarbeidet vi no har etablert med Utdanningsdirektoratet og med KS. Eit hovudmål for Kulturtanken, som er uttrykt i oppdraget vårt frå både Kulturdepartementet og Kunnskapsdepartementet, er at vi skal arbeide for betre samarbeid mellom kultur- og utdanningssektor om innhald og kvalitet i Den kulturelle skolesekken. Det er ein uttalt politisk ambisjon i Hurdalsplattforma om å styrkje DKS, og eit ønske om å skape felles eigarskap til dette gullet av ei ordning.

Det er faktisk heilt nytt at Utdanningsdirektoratet no har DKS som ein del av det formelle oppdraget sitt frå Kunnskapsdepartementet, og det er både nytt og inspirerande at vi no ser eit genuint engasjement både frå Udir og frå KS for å bidra til å styrkje DKS og til å lykkast med å skape eigarskap til ordninga òg i skulesektoren. Eg har skikkeleg trua på dette samarbeidet, og heldigvis så opplever eg ikkje Sanna Sarromaa som ei representativ stemme frå skulesektoren. Snarare tvert imot, vi ser eit stort engasjement og ein stadig større eigarskap til DKS òg i skulen.

Eg er glad for engasjementet for DKS som blir vist i denne debatten. Det er viktig at alle gode krefter trekkjer i same retning, og bidreg til å styrkje den beste ordninga i verda for kunst- og kulturformidling til barn og unge.

Meir om DKS

tre kvinnelige studenter lener seg over et ark, en av dem tegner med en fargeblyant

Den kulturelle skolesekken inn i lærerutdanningen

Lærere trenger kunnskap og kompetanse om hvordan å møte kunst og kultur i skolehverdagen. Fire utdanningsinstitusjoner går i bresjen for å gi fremtidens lærere nettopp dette.

En barnehånd strekker seg mot en fiskedukke med lysende øyne.

DKS Årsrapport 2021

En oppsummering av DKS-året 2021, hvor vi kunne feire at DKS har vært en landsdekkende ordning i 20 år.

en mann viser hvordan to jenter i hijab skal bokse

Når elever viser vei

Kan en etnisk norsk, voksen utøver fortelle historien om Muhammad Alis liv til ungdom på en troverdig og relevant måte? Ja, hvis han kobler på elever som veileder og utfordrer.