Skip to main content
Nynorsk i DKS

Nynorsk i DKS

Ordninga «Meir nynorsk i DKS» var eit samarbeid på tvers av fleire fylke og organisasjonar, med eit felles mål om å auka talet på gode nynorskproduksjonar i Den kulturelle skulesekken.

Ordninga har teke form av ei utlysing, der utvalde produksjonar fekk økonomisk tilskot og kunstnarleg rettleiing våren og sommaren 2021. Nøkkelorda for juryarbeidet har vore høg kunstnarleg kvalitet, godt språk og relevans for bruk i skulen. Her kan du lese meir om bakgrunnen for ordninga, fagpanel, jury, og ikkje minst – dei utvalde produksjonane i 2021.

Om ordninga

For skuleåret 2021 blei 207 nynorske produksjonar sendt inn som forslag til DKS, av 2430 produksjonar totalt. Dette ville vi endre på. Noreg har to likestilte språkformer og Kulturtanken ynskjer at dette skal synast i DKS-programmet.

Målet med ordninga var å auke mengda prosjekt der nynorsk vert opplevd som relevant, representativt og for alle elevar, både dei som har nynorsk som hovudmål og dei som har det som sidemål. 

Prosjektet var eit samarbeid mellom Kulturtanken, Vestland fylkeskommune, Vestfold og Telemark fylkeskommune, Møre og Romsdal fylkeskommune og Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa.  

Les om ein av produksjonane i 2021:

Fire dansere på en scene, to kvinner holder rundt hverandre mens to menn bøyer seg mot gulvet

Å finne andre ved å finne seg sjølv

Eit språk som er strengt og samlande, utfordrande og banebrytande; nynorsk rommar mykje og er eit viktig satsingsområde i Den kulturelle skulesekken. Men kan du bli både kompis og fiende med Ivar Aasen?

Konferanse: Den mangfaldige nynorsken

I april 2022 inviterte vi til nettverkssamling og konferanse om rolla til det nynorske språket si rolle i Den kulturelle skulesekken spesielt, og i kunst- og kulturformidling til barn og unge meir generelt. 

Fleire av produksjonane frå ordninga Meir nynorsk i DKS vart presentert på konferansen.

Les meir og sjå opptak:

Opptak frå Den mangfaldige nynorsken

Sjå konferansen Den mangfaldige nynorsken frå 28. april 2022 i opptak.