Camara Lundestad Joof (halvtotal). Ser i kamera.

– Nynorsk er maktkritikk

21 år gamal blei Camara Lundestad Joof frelst. Av nynorsk. Eit språk ho før hadde opponert mot at skulle vere ein del av livet hennar opna seg opp for ho og viste seg fullt av kraft, kamp og opprør.

Camara Lundestad Joof ønsker seg meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken. (Foto: Maria Gossè / Samlaget)

Nå håpar ho det kan komme fleire nynorske prosjekt i Den kulturelle skulesekken slik at andre unge kan få same openbaringa som ho.

Camara Lundestad Joof er forfattar og dramatikar og for tida aktuell som nyutnemnd husdramatikar ved Nationaltheatret. Ho er for mange kjent for boka Eg snakkar om det heile tida, som vart gitt ut på Det Norske Samlaget i 2018. I tillegg sit ho i Kulturrådet og er leiar for scenekunstutvalet. Og ho brenn for meir nynorsk til barn og unge.

– Eg er oppvaksen i Sandefjord, som ikkje er ein veldig sterk nynorskkommune, fortel ho.

– På ungdomsskulen var eg ein av dei elevane som slengde den gule ordlista på pulten og sa «vis meg når eg får bruk for det her, så skal eg lære det».

Nynorsk verka holt

Omslagsfoto: Nynorsk ordliste (gul bok).
Den gule ordlista fekk eit hardt møte med pulten til Camara på ungdomsskulen. (Omslagsfoto: Samlaget)

På ungdomsskulen var det vanskeleg for Camara å forstå poenget med å ha nynorsk på pensum. Kvifor skulle eit «ekstra» skriftspråk dra ned standpunktkarakteren hennar?

– Det gav meg rett og slett litt mark. Det skulle liksom vere så estetisk og vakkert, men eg har aldri likt at noko er vent for venleikens skuld. Nynorsk verka holt for meg, seier ho.

Sjølv om motstanden mot den gule ordlista var sterk i ungdommen, har Camara no omfamna nynorsk og bruker det i kunsten. Ho målber ein moderne og oppdatert nynorsk og brenn for at fleire unge skal få opp auga for det ho meiner er eit skriftspråk fylt med identitet, maktkritikk og opprør. Ho trur at fleire unge kan opne seg for nynorsken dersom dei blir eksponerte for han på ein riktig måte.

– Eg hadde nok lærarar som heller ikkje var så veldig entusiastiske for språket, og som hadde ei litt passiv haldning. Litt sånn: «Dette må vi berre gjennom. Dette er pensum. Ta dykk saman.» Og ei sånn haldning kan smitte, meiner ho.

Språket som maktkritikk

For Camara snudde synet på nynorsk då ho starta arbeidet med å etablere Den mangfaldige scena – eit barneteater i Oslo der unge mellom 6 og 26 får uttrykke seg, lære og skape teater. Her bruker dei nynorsk som skriftspråk.

–– Eg ville jo ikkje vere dårleg på jobb, så då måtte eg ta tak i språket mitt.

Nynorsk er laga for å vise fingeren til Danmark.
Camara Lundestad Joof (nær)
Camara Lundestad Joof

Så Camara byrja å lese seg opp. Mellom anna las ho mykje av Jon Fosse. Og då ho forstod at nynorsk òg var eit politisk prosjekt vart ho heiltent og tok det til seg.

– Då eg byrja å skrive mine eigne tekstar og jobba med å finne mitt eige kunstnariske og politiske utrykk, så hadde eg lyst til å drive med maktkritikk. Eg hadde lyst å drive med politisk revolusjon, fortel ho.

– Eg innsåg at me har eit politisk og revolusjonært språk som er konstruert her i Noreg. Laga for å vise fingeren til Danmark, for å vere i opposisjon til makta. Då fall eg pladask, og nynorsk vart viktig for meg. Eg forstod kvifor vi hadde det. At dette språket er maktkritikk.

Nynorsk er meir enn pynt

Etter denne openberringa har Camara forkynt nynorsk både gjennom kunsten og gjennom møta sine med barn og unge. Ho har reist mykje rundt både med «Eg snakkar om det heile tida» og med Den kulturelle skulesekken.

– Det er jo alltid spørsmål om kvifor eg skriv på nynorsk. Og då leverer eg den politiske revolusjonstalen, ler ho.

– Og då blir ungdommen overraska, for det er ofte ikkje den tilnærminga læraren bruker. Det treffer godt hos ungdommen. At nynorsk ikkje berre er fint og kultur, men at det er kamp og identitet. Eit språk som er ditt. Som nokon har kjempa for at du skal ha.

Camara Lundestad Joof med mikrofon i hånda
Camara Lundestad Joof var på turné i Den kulturelle skulesekken med førestillinga “Pavlovs Tispe” i 2017. (Foto: Lars Opstad / Kulturtanken)

Det mest demokratiserande prosjektet i Noreg

At det no er lansert ei ny støtteordning for å få fleire nynorske forslag inn i Den kulturelle skulesekken, meiner Camara er veldig bra, og veldig viktig.

– Den kulturelle skulesekken gir barn og unge moglegheit til å kultivere sin eigen smak og finne ut kva dei liker og ikkje liker, seier ho. Det er ei ordning som gir deg ein rett til å bli eksponert for kunst og kultur. Uavhengig av kvar du bur, kva slags klassebakgrunn du har og kven foreldra dine er. Det er eit av dei mest demokratiserande prosjekta i Noreg.

– DKS gjer at barn og unge blir eksponerte for språk og kultur dei kanskje ikkje ville ha valt sjølve. Og ved å ta med nynorsk inn her gir vi dei moglegheit til å bli kjent med noko som kan bli ein stor del av den nasjonale identiteten deira, held ho fram.

 – Nynorsken er ei folkeleg rørsle og eit folkeleg fenomen – i korleis han høyrest ut, korleis han er konstruert, og det at sjølv om ein kjem frå ulike delar av Noreg, kan ein finne aspekt av seg sjølv i språket. Det finst mange moglegheiter for barn og unge til å kjenne seg heime i nynorsken.

 – Så ja:  Meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken!

Les meir om den nye ordninga for å få fleire forslag på nynorsk i Den kulturelle skulesekken – og send inn ditt forslag innan 15. desember!