Utsnitt av bokomslag, som viser barn på en fotballbane

Sju gullbillettar til nynorsken!

Over sytti søknader i den eine bunken, sju gullbillettar i den andre. Etter lang tautrekking, både i fagpanelet og i juryen, kan vi presentere vinnarane av Kulturtanken si aller første nynorsk-utlysing.

Utsnitt av bokomslaget til Geir Egil Eiksunds «Kampen». Omslaget er laga av Laila Myrseth Tryggeset.

Teksten er skriven av Janne Karin Støylen, litteraturformidlar og medlem av juryen i nynorsk-ordninga.

Sandra Kolstad - portrett
Sandra Kolstad. Foto: Anne Valeur

– Det å sitja og sjå på eit fjell gjer meg godt, skriv Jon Fosse i diktet Snøsong. Jon Fosse sin diktekunst er mellom juvelane i den nynorske skrift-skattekista, men kista er godt gøymd for fleirtalet av unge, norske lesarar. Musikar og komponist Sandra Kolstad får den første gullbilletten for å opne denne skattkista for elevane.

På plata Elv på himmelen breier ho dikta ut i eit elektronisk og harmonisk lydlandskap, lett som snø og fast som fjell. – Eg vil lage ein konsertproduksjon som har ein underliggande bodskap til kvar enkelt elev: Det kan vere vondt å vere menneske, men det er verdt det, og somme tider er det fantastisk! seier Kolstad i søknaden sin. Det å lytte til Sandra Kolstad sine tonesettingar av Jon Fosse sine dikt,  vil gjere elevane godt. Det er både fagpanelet og juryen overtydde om.

– Eg vil lage ein konsertproduksjon som har ein underliggande bodskap til kvar enkelt elev: Det kan vere vondt å vere menneske, men det er verdt det, og somme tider er det fantastisk!

Sandra Kolstad

Sjangerbreidde og sjangermiks

En gitarist spiller på scenen for barn
Good Time Charlie speler på Svalbard i 2018. Foto: Freddy Toresen

Jubelblues! Heile tre barneplater med nye, nynorske tekstar til vaskeekte blues av beste merke ligg i bordet når Good Time Charlie får den andre gullbilletten. Mange års røynsle med ungar og songar, tekstskaping og språkleik like så.

– Kva har nynorsk og hiphop til felles, spør dansaren Belinda Braza retorisk i sin søknad. Ingenting? Alt, held ho fram, og overtyder juryen om å støtte hennar idè til ein produksjon som kombinerer samtidsdans, hiphop og slam med fellesnemnarane kamp, motstand og løvetann-filosofi. Lang fartstid i den kulturelle skulesekken og eineståande tilbakemeldingar frå elevane, er ei tunge på vektskåla når den tredje gullbilletten får sitt namnetrekk.

Læring og livsmestring

Bokomslag til Ørn av Martine Grande
Martine Grandes bok «Ørn» er utgangspunktet for animasjonsteater og workshop.

Også ein debutant som aldri har reist i skulesekken tidlegare, er mellom dei heldige sju. Geir Egil Eiksund debuterer denne våren med oppvekstskildringa Kampen: Det er sommarferie. Andreas gler seg til lange dagar med fotball og fri. Så flyttar ein ny gut til bygda, med United-caps og eit veldig fint smil.

– Eg har skrive ei bok eg sjølv ville hatt god nytte av å lese som 11-åring, då eg skjønte at eg var homofil. Draumen er å lage ein DKS-produksjon som ikkje berre eg, men heile klassen min hadde hatt godt av å sjå, seier Eiksund.

Dordi Strøm - portrett
Dordi Strøm. Foto: Tom Gustavsen

Livsmestring og frigjering er også tema i Martine Grande si nye, vakre biletbok Ørn. Animasjonsteater, workshop og kreativitet er stikkord i prosjektskildringa som får gullbillett nummer fem.

Scenografi og kostymedesign står på menyen når Dordi Strøm kjem til Seanse i Volda for å utvikle den sjette av sju produksjonar. At alt vi ser på scena ein gong starta med teikning og modellering, er lærdomar elevane får innsikt i gjennom prosjektet «I dag er du kostymedesignar!»


– Eg har skrive ei bok eg sjølv ville hatt god nytte av å lese då eg skjønte at eg var homofil. Draumen er å lage ein DKS-produksjon som heile klassen min hadde hatt godt av å sjå.
Geir Egil Eiksund

Opplysing og oppleving

Skit eller kanel? Informasjons-samfunnet lyg og bedrar. Falske nyheiter florerer. På oppdrag frå Nynorsk kultursentrum har forfattaren Anders Totland skrive eit overtydande manus som hentar fram hendingar frå nyheitsbiletet dei siste åra, ser på dei med kritisk blikk og inviterer elevane til å tenkje sjølve: Kronprinsen rette fram handa, men den unge kvinne la si eiga hand mot hjartet og bøygde hovudet. Kva var det eigentleg som hende?

Collage: portretter av Anders Totland og Richard Olsen, og logoen til Nynorsk Kultursentrum
Forfattar Anders Totland, Nynorsk kultursentrum og skodespelar Richard Olsen samarbeider om produksjonen «Skit eller kanel».

Den generelle delen av læreplanen understrekar at opplæringa skal legge til rette for elevane sin framgang gjennom fornuft og opplysing, - dertil gjennom å gje kvar enkelt elev høve til å utvikle evna til å skape, oppleve og formidle. Med den sjuande og siste gullbilletten på veg til produksjonen «Skit eller kanel» er nynorsk-prosjektet rigga for å kunne levere på alle punkt: I høve til læreplanen, i høve til ulike uttrykksformer, i alle sjangrar og til alle aldersgrupper. Vi syng ein snøsong for dei sju vinnarane, og for alle barn og unge som har vedunderlege, nynorske kunst- og kulturopplevingar i vente. Gratulerer!

SNØSONG
Ulike bilder av ansiktstrekk er satt sammen i en collage.
Illustrasjonsbilete til produksjonen «Hybrid/Sample-mennesket», av Belinda Braza og Charlotte Korrell.

det å sitja og sjå på eit fjell
gjer meg godt
hjarta blir roleg
og snøen på eit fjell
lyfter andletet mitt mot ein stad
inne i den skimrande snøen
og snøen
i lyset
seier meg
det er deg det gjeld
og då trur eg
at det finns ein stad
som også eg skal finna
der vinden snakkar lågt
og der kjærleik andar
i si lyse stille
av himmel og av jord
og er ein stad for kvile
i ei sky som driv forbi

– Jon Fosse


Fellesskap og forankring: info om ordninga

  • Nøkkelorda for fag – og juryarbeidet i ordninga Meir nynorsk i DKS har vore høg kunstnarleg kvalitet, godt språk og relevans for bruk i skulen.
  • Kvaliteten og mangfaldet i søknadsmassen har resultert i stor breidde i det endelege utvalet:
    Dei sju bidraga representerer produksjonar innanfor musikk, visuell kunst, scenekunst, litteratur og film, og når målgrupper i heile skoleløpet, frå første klasse til vidaregåande skule.
  • Vinnarane får eit økonomisk tilskot til produksjonsmidlar og eit kunstnarleg opphald på Seanse i veke 32.
  • I forkant av opphaldet vert utøvarane inviterte til ei rekkje arbeidsseminar og nettverksmøter for å sikre dei eit godt fagleg innhald over tid og høve til å bli kjende med kvarandre. Opplegget blir organisert av Kulturtanken i samarbeid med Seanse og Nynorsksenteret, og vil gi rettleiing i god språkbruk, ulike formidlingsmetoder og forankring i fagfornyinga.
  • Målet med ordninga har vore, og held fram med å vere, å auka talet på gode nynorskproduksjonar i Den kulturelle skulesekken. Prosjektgruppa, fagpanelet og juryen oppmodar resten av søkarane og andre til å sende inn sine forslag til neste skuleår når DKS-portalen opnar 15. august.

Meir om ordninga

Tre personer i dyremasker poserer i en skog

Eit fagpanel som vil inspirere

Kva er eigentleg god nynorsk kulturformidling? Kvifor er det så viktig for barn og unge? Og korleis skal ein unngå å berre vere klein? Vi har tatt ein prat med fagpanelet for nynorskproduksjonar.

Bilde fra produksjonen Forelska

Bli kjend med vår nynorsk-jury!

Ein lidenskapeleg og ressurssterk gjeng har slått seg saman for å velja ut kva produksjonar som får vere med ordninga som skal styrka nynorsken i DKS. Dei ser framfor alt etter kvalitet til borna og kjærleik til språket.

Camara Lundestad Joof (halvtotal). Ser i kamera.

– Nynorsk er maktkritikk

21 år gamal blei Camara Lundestad Joof frelst. Av nynorsk. Eit språk ho før hadde opponert mot at skulle vere ein del av livet hennar opna seg opp for ho og viste seg fullt av kraft, kamp og opprør.