Illustrasjonsbilde med rapportforside.

Kulturbarn – sluttrapport 2021

Kunst, kultur, kreativitet og kompetanse i arbeidet med barn i aldersgruppa null til åtte år 2018-2020.

Kulturbarn 0-8 er eit samarbeid mellom Norsk kulturskoleråd, Kulturtanken og Nasjonalt senter for kunst og kultur i opplæringa som starta i 2018.

Sluttrapporten for prosjektet blei lansert digitalt 24. mars 2021. Sjå opptak frå lanseringa her.

Les rapporten

Oppsummering

Kulturbarn har i prosjektperioden 2018–2020 bestått av:

  • To konferansar som hadde som mål å vere ein fagleg arena og møteplass som kunne gi personalet som jobbar med aldersgruppa 0–8 år, inspirasjon og fagleg påfyll i arbeidet med kunst, kultur og kreativitet. Til saman har over 350 deltakarar frå heile landet delteke på våre to Kulturbarn- konferansar. Eit aukande antal deltakarar frå 2018 til 2020 og breidd i deltakinga frå ulike målgrupper fortel oss at det er behov for ein møteplass og fagleg arena for målgruppa.
  • Eit utviklingsprosjekt i seks kommunar som skal bidra til å finne ulike samarbeidsmodellar i kommunane. Målet er å bidra til både auka kvalitet på og omfang av barns møte med kunst og kultur, og å leie personalet som jobbar med aldersgruppa, på vegen mot kompetanseheving.

Kulturbarn-kommunane består av både små og store kommunar frå ulike delar av landet. Samarbeida i kvar kommune består av ulike målgrupper som har gitt prosjektet eit breitt og variert innhald, til dømes dans og rørsle med toåringar, visuell kunst, folkemusikk og lokal kulturarv, generasjonssong med barn og eldre og korps i SFO, for å nemne noko. Nye nettverk for erfaringsdeling har oppstått på tvers av både kommunane og etatar og kompetanseområde internt i eigen kommune.

Les meir om Kulturbarn 0-8