Øystein Strand smiler til kamera, står ved en bygning ute

Ja, digitale kunstnarmøte kan fungere!

– Periskop spør om digitale kunstnarmøte fungerer. Svaret mitt er; ja, men ikkje utan atterhald, skriv Kulturtankens direktør Øystein Strand.

Kulturtankens direktør, Øystein Strand. Foto: Erik Brandsborg/Kulturtanken

Denne kronikken blei først publisert på periskop.no.

I Periskop 26. oktober stiller artikkelforfattar Kjartan Helleve spørsmålet «fungerer digitale kunstnarmøte?» Svaret mitt er; ja, men ikkje utan atterhald.

La meg først vere klokkeklar – pandemien er ei reell krise for kulturlivet! Og ho er dessverre ikkje over på langt nær. Men kriser kan òg innehalde ein kime til noko positivt. Vi blir tvinga til å tenkje nytt og til å ta i bruk nye løysingar og ny teknologi. Slik er det med utvikling av digitale kunstmøte i DKS.

Opplevinga til elevane er målet

Eg er glad for at staten, fylkeskommunane og kommunane var samde om å betale honorar til DKS-utøvarar trass i avlyst aktivitet i den første tida etter 12. mars då landet stengde ned. Eg er òg glad for at det er mogleg å halde oppe DKS-aktivitet no når skulane er opne igjen, sjølv om rammene rundt aktivitetane er utfordrande. DKS gir viktige oppdrag for svært mange kunstnarar i ei krevjande tid.

Samtidig vil eg understreke at det er kunst- og kulturopplevingane til elevane som er målet med DKS. Vi må stadig setje spørsmålsteikn ved korleis tilbodet fungerer, både analogt og digitalt. Det er veldig bra at Periskop set søkjelys på kvaliteten i digitalt DKS-tilbod. Det gjer vi i Kulturtanken òg.

Det er veldig bra at Periskop set søkjelys på kvaliteten i digitalt DKS-tilbod. Det gjer vi i Kulturtanken òg.

Øystein Strand

Det blir gjort ein strålande innsats over heile landet no med å finne gode løysingar for å vareta dette viktige tilbodet til skulelevra i alle landet – samtidig som dei gjeldande smittevernomsyna blir varetekne. Men vi veit lite om korleis dei nye digitale DKS-tilboda faktisk har fungert. Derfor har vi engasjert Telemarksforsking til å gjennomføre ei erfaringsinnhenting for å gi oss nokre svar på dette.

Dei personlege møta er kjernen

Det personlege møtet mellom kunstnar og publikum er for meg kjernen i all kunst – det er der magien skjer. Eg er bekymra for at dette som eg meiner er så enormt verdifullt for oss som menneske og samfunn skal forsvinne i ei digital verd. Verdien av møta mellom publikum, kunstverket og kunstnaren kan ikkje målast, men dei gir oss nye perspektiv og djupare innsikt.

Derfor brenn eg for Den kulturelle skulesekken (DKS), som gir alle skuleelevar i Noreg kunstopplevingar og personlege møte med profesjonelle formidlarar og kunstnarar. Dette skal halde fram, både no under Covid-19 med sprit på hendene og i gymsalar med tapemarkeringar på golvet for å behalde nødvendig avstand og smittevernreglane – og i framtida når epidemien er over.

Utøvere formidler foran barna. Tatt fra siden.
Endeleg tilbake i manesjen: – Vi har blitt veldig gode på å teipe opp golv og vaske, seier Silje Onstad Hålie, som er på Oslo-turné med «Danse, sa fela». (Klikk på biletet for å lese artikkelen.)

Det digitale før og etter Covid-19

2020 har lært oss at vi er nøydde til å tenkje digitalt i tillegg til det analoge på ein heilt ny måte. Medan vi tidlegare kunne diskutere fordelar og ulemper med digitale kunstmøte, er vi no tvinga til å finne ut korleis vi på best mogleg måte kan utvikle, samarbeide, leggje til rette og tilpasse desse slik at vi kan tilby moderne, gode produksjonar som gir meirverdi for elevar, kunstnarar og for skulen.

Etter nedstenginga i mars, då alle oppdrag og turnear med DKS blei avlyst, mobiliserte fylkeskommunar, kommunar, kunstnarar og organisasjonane deira, saman med skulane og lærarar, for å utvikle nye digitale løysingar tilpassa ei ny verkelegheit. Mange digitaliserte dei eksisterande DKS-prosjekta sine, andre utvikla nye digitaliserte formidlingsopplegg. Dei har gjort fantastisk jobb i ei vanskeleg og usikker krisetid. DKS-feltet har respondert på krisa med å vise stor evne til omstilling, nyskaping og læring.

DKS-feltet har respondert på krisa med å vise stor evne til omstilling, nyskaping og læring.
Øystein Strand-portrett
Øystein Strand

Treng oversikt for å vidareutvikle

Medan digitale formidlingsmodellar tidlegare har vore lite utbreidd i DKS, er det som respons på unntakstilstanden blitt utvikla digitale formidlingsinitiativ over heile landet. Kulturtanken ønskjer at erfaringane med utvikling og oppleving av digitale formidlingstilbod i DKS våren og hausten 2020 skal synleggjerast, blir delt og bidra til læring. Arbeidet med erfaringsinnhenting av det digitale DKS-tilbodet som Telemarksforsking gjennomfører no skal leggjast fram på årskonferansen vår i mars 2021.

Rapporten skal gi innsikt i elevars og lærarars bruk og oppleving av digitale DKS-tilbod, samle inn erfaringar knytt til produksjon av desse under koronapandemien og løfte fram læringspunkt som kan bidreg til vidare arbeid med å styrkje kvaliteten på digitale formidlingstilbod i DKS.

Hallvard Heide, landets siste bygger av såkalte geitbåter, i kulturarvproduksjonen «Geitbåten». Det tas opptak.
Proaktivitet i tida av koronaen: DKS Trøndelag og nye digitale produksjonar. (Klikk på biletet for å lese artikkelen.)

Dei unge er klare

Det er viktig fordi det er skapt behov for digitale produksjonar og digital beredskap slik at skuleelevar blir sikra kunst- og kulturopplevingar i framtida. Både på grunn av uvissa omkring framtidige smittevernomsyn som har påverka planlegging av DKS-tilbodet, og fordi det unge publikummet vårt allereie bevegar seg saumlaust mellom digitale og analoge arenaer og felleskap.

Eg meiner at det digitale må komme i tillegg til – ikkje i staden. Men pandemien har tvinga oss til å i større grad jobbe digitalt ein periode. La oss sameine krefter i å utvikle kvalitet og nye uttrykk ved på å ta i bruk moglegheitene som ny teknologi gir.

Eg meiner at det digitale må komme i tillegg til – ikkje i staden.

Øystein Strand

Teknologi på sitt beste har òg ein inkluderande og demokratiserande effekt. Det kan bidra til at fleire får oppleve kunst og kultur frå stader dei ikkje har høve til å besøkje, eller at vi kan oppleve historiske hendingar med nyutvikla digitalisert materiale.

Det går føre seg mykje spennande utviklingsarbeid på dette området no, og Kulturtanken er involvert i fleire prosjekt som testar ut moglegheitene som ny teknologi kan gi oss både i formidling av kunst og kultur, men også i utvikling av nye kunstuttrykk. Eg håpar vi klarer å utnytte momentet som pandemien gir for å vidareutvikle og fornye, samtidig som vi byggjer kjerneverdiane og kvaliteten i kunstformidlinga til barn og unge.

Elever med hvite frakker i et klasserom. Alle jubler og løfter hendene, kvinne på skjerm i bakgrunn. Elevene ser mot kvinnen på skjermen. Hun vinker og smiler.
11 tips til digitale kunstnarmøte: Korleis fungerer DKS-besøket i praksis når elevar og kunstnar ikkje er i same rom? (Klikk på biletet for å lese artikkelen.)

Les meir om digital formidling: