Den mangfaldige nynorsken

Den mangfaldige nynorsken

Velkomen til konferanse og samtalar om nynorsk i kunst- og kulturformidlinga til barn og unge, med framsyning av fleire nynorske nyproduksjonar!

Ordninga Meir nynorsk i DKS er eit samarbeid på tvers av fleire fylke og organisasjonar, med eit felles mål om å auke talet på gode nynorskproduksjonar i Den kulturelle skulesekken. Initiativet tok form i 2021, då sju utvalde produksjonar fekk vidareutvikle innhald og nynorsk formidling under eit kunstnaropphald ved Seanse – senter for kunstproduksjon i Volda.  

I april 2022 inviterte vi til nettverkssamling og konferanse om rolla til det nynorske språket si rolle i Den kulturelle skulesekken spesielt, og i kunst- og kulturformidling til barn og unge meir generelt. 

Kulturtanken er arrangør i samarbeid med Nynorsksenteret og dei tre fylkeskommunane Møre og Romsdal, Vestfold og Telemark og Vestland. 

Opptak

Tider:

00:25 / Øystein Strand (Kulturtanken)
04:40 / Frida Pernille Mikkelsen (Norsk Målungdom)
14:00 / Øyvind Høstaker (DKS Vestland)
25:00 / Kampen (Geir Egil Eiksund & Henrik Koppen)
43:00 / Guro Kristin Gjøsdal (Nynorsksenteret)
1:01:00 / Even Melheim Mulelid (Fjell ungdomsskule)
1:15:40 / Skit eller kanel (Richard Olsen & Jon Erik Myre)
2:40:30 / Åse Wetås (Språkrådet)
2:52:40 / Jubelblues (Arle Hjelmeland & Morten Skage)
3:04:50 /
Inger Johanne Sæterbakk (Det norske teatret)
3:07:40 /
Hege Myklebust (Falturiltu)
3:19:00 /
Panelsamtale - Om formidling av nynorsk kunst og kultur til barn og unge
4:45:30
/ Panelsamtale - Nynorsk: ein del av mangfaldssamfunnet

Bilder

slider
slider
slider
slider
slider
slider
slider
slider
slider
slider
slider
slider
slider
slider
slider
slider

Program

Konferansier: Svein Sæter, forfattar, kåsør, dramatikar, omsettar og journalist.

10:00 Kaffi og registrering
11:00 Elv på himmelen

Sandra Kolstad framfører songar frå Elv på himmelen, med tekstar av Jon Fosse. 

11:15 Velkomen

ved Øystein Strand, direktør i Kulturtanken.

11:20 Møte med nynorsken

Opningsinnlegg ved Frida Pernille Mikkelsen, leiar i Norsk Målungdom.

11:30 Introduksjon til satsinga Meir nynorsk i DKS

ved prosjektleiar og seniorrådgjevar Øyvind Sunde Høstaker, DKS Vestland.

11:45 Kampen

Geir Egil Eiksund og Henrik Koppen les og speler eit utdrag frå boka Kampen

12:00 Med nynorsk i heile landet: Skuleperspektivet

Innlegg ved Guro Kristin Gjøsdal, høgskulelektor ved Nynorsksenteret, og Even Melheim Mulelid, lærar og kulturkontakt ved Fjell ungdomsskule.

12:30 Skit eller kanel

Richard Olsen og Jon Erik Myre framfører utdrag frå produksjonen Skit eller kanel, om bruk og misbruk av sosiale medium, falske nyhende, trollfabrikkar og manipulasjon. Produsert av Nynorsk Kultursentrum.

12:45 Lunsj
13:45 Om nynorsk som del av eit språkmangfald

Innlegg ved Åse Wetås, direktør i Språkrådet.

14:00 Jubelblues

Arle Hjelmeland og Morten Skage frå Good Time Charlie framfører låtar frå produksjonen Jubelblues – energisk rhythm & blues for barnetrinnet!

14:15 Om formidling av nynorsk kunst og kultur til barn og unge

Samtale leia av Inger Johanne Sæterbakk, språkkonsulent ved Det Norske Teatret, med Hege Myklebust, programrådsmedlem for Falturiltu-festivalen, Geir Egil Eiksund, lærar og forfattar av Kampen, og Arle Hjelmeland, Good Time Charlie. 

15:00 Kaffi
15:30 Hybrid/Sample-mennesket

Belinda Braza Crew framfører danseframsyninga Hybrid/Sample-mennesket.

16:00 Nynorsk: Ein del av mangfaldssamfunnet

Panelsamtale leia av Svein Sæter, med Jon Werede Hope, dagleg leiar i Den mangfaldige scenen, Nana Rise-Lynum, redaktør for Norsk Barneblad, Sigmund Løvåsen, prosjektleiar for Forfattarskulen for skrivande med minoritetserfaring (Samlaget/Minotenk), og Albin Lindén, utøvar i Hybrid/Sample-mennesket.

17:00 Tapas og småprat i foajeen
18:30 Slutt

Les om nynorsksatsinga i DKS

Nynorsk i DKS

Ordninga «Meir nynorsk i DKS» er eit samarbeid på tvers av fleire fylke og organisasjonar, med eit felles mål om å auka talet på gode nynorskproduksjonar i Den kulturelle skulesekken.

Relevante artiklar

Å finne andre ved å finne seg sjølv

Eit språk som er strengt og samlande, utfordrande og banebrytande; nynorsk rommar mykje og er eit viktig satsingsområde i Den kulturelle skulesekken. Men kan du bli både kompis og fiende med Ivar Aasen?

Sju gullbillettar til nynorsken!

Over sytti søknader i den eine bunken, sju gullbillettar i den andre. Etter lang tautrekking, både i fagpanelet og i juryen, kan vi presentere vinnarane av Kulturtanken si aller første nynorsk-utlysing.

Eit fagpanel som vil inspirere

Kva er eigentleg god nynorsk kulturformidling? Kvifor er det så viktig for barn og unge? Og korleis skal ein unngå å berre vere klein? Vi har tatt ein prat med fagpanelet for nynorskproduksjonar.

– Nynorsk er maktkritikk

21 år gamal blei Camara Lundestad Joof frelst. Av nynorsk. Eit språk ho før hadde opponert mot at skulle vere ein del av livet hennar opna seg opp for ho og viste seg fullt av kraft, kamp og opprør.

Bli kjend med vår nynorsk-jury!

Ein lidenskapeleg og ressurssterk gjeng har slått seg saman for å velja ut kva produksjonar som får vere med ordninga som skal styrka nynorsken i DKS. Dei ser framfor alt etter kvalitet til borna og kjærleik til språket.