Kunstner på storskjerm i klasserommet.

Seminar: «Trylle på ekte» – digitale kunstnarmøte

Sjå opptak frå seminaret 20. mai 2020.

Koronapandemien har utfordra oss til å bruke digitale, smittefrie former for kunstformidling. Men korleis fungerer DKS-besøket i praksis når elevar og kunstnar ikkje er i same rom?

Allereie i 2018 sette DKS Aust-Agder i gang eit utviklingsarbeid i samarbeid med Kulturtanken for å teste ut kunstmøte på videosamtalar. «Trylle på ekte» består av to gjennomførte pilotar på to ulike skular, og er ein del av prosjektet Formidlingsmodellar og ny teknologi (FoNT). Deltakarane ønskjer å dele erfaringane med videosamtale som formidlingsmodell.

Korleis har læraren, kunstnaren og DKS-verksemda opplevd «Trylle på ekte» frå perspektiva sine? På seminaret vil konseptet presenterast, og vi får høyre om den praktiske gjennomføringa. Deltagerne Vigdis Blaker (DKS), Bettina Hystad (kunstnar), Tone Einarsen (lærer) og Oddbjørn Nordlinder Osmundsen (rektor) diskuterer kva som er nyttige erfaringar for andre som no utviklar digitale alternativ til DKS.

Sjå òg: 11 tips til digitale kunstnarmøte