En elev på besøk på Nordnorsk Kunstmuseum. I bakgrunnen ses et maleri.

Fem millionar til inkludering i kulturlivet

31 prosjekt får til saman fem millionar frå tilskotsordninga Inkludering i kulturliv.

"Hær e Æ" fekk i fjor støtte frå tilskotsordninga. Deltakarane fekk mellom anna omvisning på Nordnorsk Kunstmuseum på morsmålet sitt. Foto: Jamie Michael Bivard

– Dessverre har ikkje alle barn og unge dei same høva til å oppleve, skape og dele kunst og kultur. Vi i regjeringa vil at alle barn og unge skal kunne erfare glede og meistring gjennom kunst og kultur. Denne tilskotsordninga er eit viktig bidrag for å nå dette målet, seier kultur- og likestillingsminister Abid Raja.

Kulturtanken har ansvar for tilskotsordning for inkludering av barn og unge i kulturlivet. Ordninga er på fem millionar kroner per år. Det overordna målet med tilskotsordninga er å gi barn og unge høve til å delta i felles kulturaktivitetar på tvers av mellom anna kjønn, etnisitet, funksjonsevne, sosial- og økonomisk bakgrunn og bustad.

Ved utløpet av søknadsfristen var det komme inn 56 søknader med ein samla søknadssum på nærmare 13 millionar.

– Inntrykket vårt er at arbeid med mangfald og inkludering har blitt vanskelegare under koronaperioden, på grunn av generell nedstigning av fritidstilbod til barn og færre rekrutteringsarenaer, seier Kulturtankens direktør Øystein Strand.

Strand poengterer at det heldigvis går rett veg.

– Vi ser fram til ein haust med meir aktivitet for barn og unge. Vi må ha auka merksemd på mangfald og inkludering når aktivitetane kjem i gang igjen. 

Han legg til at søknadene som kom inn var veldig sterke, og at fleire har arbeidd godt med brei forankring av prosjekta sine.

– Vi veit at samarbeid mellom ulike aktørar er ein god måte å nå ut breiare på. Fleire av søknadene er prosjekt som gjer nettopp dette, og skaper gode moglegheiter for at kulturaktivitetar kan vere eit nav i inkluderingsarbeidet i lokalsamfunn rundt om i landet.

Oversikt over dei 31 prosjekta som får tilskot i 2021:  

(Lenkje til Excel-dokument) (Lenkje til PDF)

Fakta om tilskotsordninga Inkludering i kulturliv

  • Ordninga er på fem millionar kroner per år.
  • Kulturtanken har ansvar for ordninga på vegner av Kulturdepartementet.
  • Ordninga er del av arbeidet med auka mangfald i kulturlivet og frivilligheita
  • Målgruppene for ordninga er barn og unge frå låginntektsfamiliar, med minoritetsbakgrunn, nasjonale minoritetar eller med funksjonsnedsetjingar.
  • Kulturtankens Ungdomsråd har ei rettleiande rolle i søknadsbehandlingsprosessen.

Relaterte artiklar

Dialogmøte om tilskuddsordningen

Gikk du glipp av møtet 15. april eller ønsker mer info? Her er opptak, presentasjoner, svar på spørsmål og noen viktige huskepunkter.

Fem jenter i fargerike hettegensere ler

Møt Kulturhjerte

Teater og dans bygger broer og varige bånd i Lillehammer.

Stortingsmeldinga «Oppleve, skape, dele – Kunst og kultur for, med og av barn og unge»

Oppleve, skape, dele

Den første stortingsmeldinga i historia om barne- og ungdomskultur er lagt fram.