Open utlysing: DKS-LAB for dans i Trondheim

Open utlysing: DKS-LAB for dans i Trondheim

DKS i Innlandet, Møre og Romsdal, Trondheim og Trøndelag inviterer til eit laboratorium for utvikling av danseproduksjonar for barn og unge i grunnskulen og i vidaregåande skule.

Bilde: Kompani TO viser "Fritt Fram" under Markedet for Scenekunst 2021. Foto: Erik Brandsborg/Kulturtanken

Er du profesjonell dansekunstnar med base i Innlandet, Møre og Romsdal eller Trøndelag, og ønskjer å utvikle eit nytt formidlingsopplegg for turné i Den kulturelle skulesekken? Sitter du med ein spennande formidlingsidé og søker ein arena for utforsking og rettleiing, eller ønskjer du å spisse din kompetanse innan formidling av dans for barn og ungdom?

Søk DanseLab, 6. -8. oktober 2025 i Trondheim!

Vi er på utkikk etter dansekunstnare som

  • synes det er spennande å formidle dans i møte med barn og unge
  • har ein kunstnarisk idé og ønskjer å utforske den vidare
  • har ei ferdigstilla produksjon og ønskjer å vidareutvikle den spesielt for barn eller ungdom
  • ønskjer å lage ei førestilling, ein danseverkstad eller ein kombinasjon av begge
  • ønskjer innspel og ideutveksling samen med erfarne fagfolk og dansekolleger

Informasjon om søknadsprosess

Søknadsskjema

Søknadsfrist 15. juni 2025

Krav til søknad

  • Profesjonell dansekunstnar med regional tilknyting til enten Innlandet, Møre og Romsdal eller Trøndelag.
  • Kunstnarisk CV og video frå eige kunstnarisk virke.
  • Ei kort beskriving (ca. 200 ord) av idé til formidlingsopplegg og kvifor du søker.
  • Ein kort video (1–3 minutt) der du fortel kven du er og om dine tankar rundt ditt formidlingsprosjekt.

Utvalde deltakarar vil bli kontakta seinast i veke 27, 2025.

Spørsmål?

Spørsmål rundt utlysing og DKS DanseLab kan rettast til Guri Krog Dodig (produsent DKS Trondheim): guri.dodig@ou.trondheim.kommune.no, tlf. 97072745.

Om DKS DanseLab

DKS DanseLab er ein utviklingsarena for danseformidling i Den kulturelle skulesekken. I løpet av 3 dagar får du moglegheit til å vidareutvikle eit prosjekt til ordninga.

Med utgangspunkt i ein idé, eller eit prosjekt du allereie har, får du hjelp frå erfarne rettleiarar frå dans- og scenekunstfeltet med å tydeleggjere din idé og metodeval for dette formatet. DKS DanseLab er open for prosjekt for alle trinn (1. – 10. trinn  og vidaregåande).

Du får hjelp til å utvikle prosjektet vidare ved å diskutere og prøve ut med kollegaer og erfarne rettleiarar, som deltek som føredragshaldarar og samtalepartnarar. Om du ønsker kan du òg få testa ut idéar i møte med din målgruppe. Du får lære om moglegheiter og rammer i Den kulturelle skulesekken, spisse idear, velje metodar og utvikle formidlinga tilpassa målgrupper. Du får tilgang til eit eige dansestudio alle tre dagane i felles lokalar.

Målet er at du føler deg trygg på å kunne levere eit forslag til DKS-portalen. Alle deltakarar får dekt reise, diett og overnatting.

  • Alle deltakarar blir honorerte med eit dagshonorar på kr 4 500 for dagane vi jobbar saman i Trondheim, til saman kr 13 500.
  • Om det er behov for ytterlegare arbeid med produksjonen i etterkant, vil det òg bli honorert med inntil 10 arbeidstimar.

Informasjonsmøte 27. mai 2025

Har du spørsmål før du melder deg på? Vi inviterer til et opent info møte på nett, tirsdag 27. mai kl. 12:00 – 12:30.

Har du ikkje moglegheit til å delta på møtet? Send en e-post til pialar@trondelagfylke.no, så sender vi deg et opptak.