
Open utlysing: DKS Littlab 2026 i Trondheim
Har du ein litterær idé eller eit opplegg du ønsker å utvikle for Den kulturelle skulesekken? Då kan du søkje om å bli deltakar på DKS Littlab i Trondheim.
DKS i Innlandet, Møre og Romsdal, Trondheim og Trøndelag inviterer til ei samling for utvikling av litteraturproduksjonar for Den kulturelle skulesekken. Deltakarane må setje av tre heile arbeidsdagar, 27.-29. april 2026. Desse tre dagane skal vi jobbe saman i Trondheim.
Deltakarane vil få hjelp til å spisse idear, velje metodar, utvikle formidlinga, beskrive prosjekta og komme langt på veg mot ein ferdig DKS-produksjon. I Littlab blir du del av ein utviklingsprosess der du vekslar mellom sjølvstendig arbeid og arbeid i gruppe, der du både får og gir tilbakemeldingar. Mot slutten av samlinga testar vi heile eller deler av produksjonane på elevar i aktuelle aldersgrupper.
Vi ønskjer søknader frå forfattarar, formidlarar og andre utøvarar. Litteraturproduksjonar kan ta utgangspunkt i bøker, forfattarskap, forteljingar, illustrasjonar, biletbøker og teikneseriar, eller kanskje noko anna? Det kan vere både din eigen eller andre sin litteratur. Og både helt nye idéar eller produksjonar de vil vidareutvikle. Formidlinga kan ha mange former, òg på kryss av andre kunstformer.
Vi legg opp til at produksjonane vi arbeidar med på Littlab, kan bli melde inn i DKS-portalen hausten 2026.
Praktisk informasjon
Alle deltakarar får dekt reise, diett og overnatting.
Alle deltakarar blir honorerte med DKS-dagshonorar (kr 6 073) for dagane vi jobbar saman i Trondheim, til saman kr 18 219 for tre dagar.
Om det er behov for ytterlegare arbeid med produksjonen i etterkant, vil det òg bli honorert med inntil 10 arbeidstimar.
Søk om å delta
Søknadsfrist: 1. mars 2026
Utvalde deltakarar vil bli kontakta seinast i veke 12, 2026.
Dette må du ha med i søknaden
- Ei beskriving av idéen din til formidlingsopplegg.
- Kvifor du søkjer – kva ønskjer du å få ut av Littlab?
- Korleis ønskjer du å utvikle deg som formidlar?
- Kva slags målgruppe/aldersgruppe ønskjer du å nå - og kvifor?
- Relevant CV
Vi oppmodar deg til å leggje ved ein kort video der du presenterer deg sjølv og prosjektet ditt.
Du må ha regional tilknyting til anten Innlandet, Møre og Romsdal eller Trøndelag for å bli med på Littlab i Trondheim.
