Mikrofon. Uskarp artist synger i bakgrunnen

Handtering av avlyste DKS-oppdrag på bakgrunn av koronaviruset

Smittefaren knytt til koronaviruset og konsekvensar for arrangement i Den kulturelle skulesekken (DKS).

Marked for Musikk, 2018. Foto: Lars Opstad.

Er du utøvar i DKS og lurer på om du blir ramma av ei avlysing?

Ta kontakt med oppdragsgivaren din i fylkeskommunen eller kommunen som du har inngått oppdragsavtale med, for vurdering og avgjerd i kvart enkelt tilfelle. Det er oppdragsgivar som vil ha oppfølgingsansvar i tilfelle avlysingar.

Vi viser òg til informasjonen frå KS som skriv på nettsidene sine at «For kunstnarar i DKS som blir omfatta av Rammeavtale om vilkår for oppdragstakarar i Den kulturelle skulesekken i fylkeskommunar og kommunar, kan manglande gjennomføring av oppdraget som følgje av koronaviruset vere force majeure».

Viken fylkeskommune informerte onsdag om at dei avlyser alle turnear i fylkeskommunal regi fram til påske og at avtalte honorar til utøvarar i denne perioden blir dekte.

–Kulturtanken har overfor alle fylkeskommunar vore tydeleg på at vi ikkje har innvendingar til Vikens avgjerd, og at vi vil akseptere rapportering på bruk av spelemidlar til kostnader til planlagd aktivitet som ikkje er gjennomført på grunn av korona, i denne perioden fram til påske. Vi har òg gitt uttrykk for at det er ønskjeleg med lik praksis i alle fylke. Vi ser at fleire fylke no følgjer Vikens praksis: Troms og Finnmark, Vestfold og Telemark, Oslo, Agder, Møre og Romsdal, Innlandet, Rogaland og Nordland - og det er bra, seier direktør i Kulturtanken, Øystein Strand.

Det er tilrådingane til helsestyresmaktene som må liggje til grunn for alle vurderingar og avgjerder.

Creo - forbundet for kunst og kultur ber om tiltak for å avhjelpe situasjonen med koronaviruset.

Kulturtanken er i kontakt med fylkeskommunane for å halde oppe fortløpande dialog om situasjonen.