Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen taler

Kulturtanken offisielt opna: Ein ny æra for Den kulturelle skulesekken

– Den norske skulen har like stort ansvar for å danne elevane som å utdanne dei, sa kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen under den offisielle opninga av Kulturtanken, den nasjonale etaten for Den kulturelle skulesekken.

Alle foto: Lars Opstad/Kulturtanken

Onsdag opna kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen offisielt den nasjonale etaten for Den kulturelle skulesekken (DKS), Kulturtanken – DKS Norge. Han vekte begeistring for bodskapen om at kunst og kultur i skulen er ein heilt sentral del av grunnutdanninga og av samfunnsoppdraga til skulen.

- Vi treng ein styrkt kulturell skulesekk, for alle barn og unge skal ha tilgang på ein skulesekk av høg kvalitet, sa han.
- Skulen har eit dobbelt samfunnsoppdrag; han skal sikre både utdanninga og danninga. Alle fag i skulen er også danningsfag. Kunst og kultur er ein viktig del av grunnutdanninga til elevane våre, og ein sentral del av kva den norske skulen skal gjere. Den kulturelle skulesekken bidreg til nettopp dette. Møta og opplevingane som kjem gjennom tilboda i Den kulturelle skulesekken er ikkje berre eit avbrekk eller eit pustehol. Det er ein del av utdanningsoppdraget til skulane – og danningsoppdraget til skulen.

Kunnskapsministeren var oppteken av at ein av Kulturtankens oppgåver nettopp er å sørgje for tettare band og betre samspel mellom kunst, kultur og skule. Røe Isaksen poengterte at politisk nivå og embetsverk skulle bidra til at Kulturtanken skulle lykkast med det:
- Vi skal gjere det så enkelt som mogleg for de i DKS å komme inn i skulane, vi skal bidra til god dialog med skulane og til at det er forståing for det viktige oppdraget de har. Vi skal framsnakke DKS-ordninga, og bidra til at skulen ikkje ser på seg sjølv som passive mottakarar, men som aktive medeigarar av Den kulturelle skulesekken. 

Direktør i Kulturtanken, Lin Marie Holvik, var også tydeleg på at Kulturtanken var klar til å ta ansvar for å sørgje for at elevar i skulen får tilgang til kunst og kultur av høg kvalitet, og var svært fornøgd etter opninga: - Dette lovar verkeleg godt for Den kulturelle skulesekken.

Kulturtankens direktør, Lin Marie Holvik på scenen
Kulturtankens direktør, Lin Marie Holvik

Heile opninga vart strøymd, og opptaket kan du sjå her

Fakta om Kulturtanken – DKS Norge:

Kulturtanken er resultatet av ei samanslåing av Rikskonsertane og DKS-sekretariatet (som låg i Kulturrådet). Etaten er eigd av Kulturdepartementet, i tett samarbeid med Kunnskapsdepartementet. Dei viktigaste oppgåvene til etaten er å styrkje den kunstnariske og formidlingsmessige kvaliteten innan alle kunstretningar, og sikre eit tettare samarbeid mellom skule, kunst- og kulturfeltet. Kulturtanken skal også sørgje for at det er eit betre samspel mellom innhaldet i DKS-ordninga og læreplanane i skulen.

Torbjørn Roe Isaksen snakker på scenen under åpningen av Kulturtanken
Forskjellige mennesker snakker på scenen under åpningen av Kulturtanken

FB_Aapning_Kulturtanken_2017_LarsOpstad_154