Rikskonsertanes historie
I år er det 50 år sidan Rikskonsertane starta opp. Denne sommaren blir dei siste oppgåvene fasa som høyrde til den statlege kunst- og kulturprodusenten ut, og Rikskonsertane går over i historia. No er boka som fortel utdrag av historia lansert.
Bokprosjektet blei sett i gang i Rikskonsertane i 2013, som eit bidrag til det kommande 50-årsjubileet. Rikskonsertane fekk likevel eit nytt mandat i august 2015, og musikkinstitusjonen endra namn, kurs og rolle, og blei Kulturtanken – Den kulturelle skulesekken Noreg. Den nye situasjonen førte til at bokprosjektet tok opp to sentrale område: Utviklinga av skulekonsertane, det fleirkulturelle musikkarbeidet og av det internasjonale samarbeidet.
Boka «for barn og unge». Utdrag av Rikskonsertanes historie inneheld intervju og historier frå ei rekkje musikarar, kulturleiarar og forvaltarar rundt om i landet, og bilete frå konsertar i gymsalar, skulebibliotek og kulturhus. Boka er skrive av tidlegare medarbeidarar med brei innsikt i Rikskonsertanes verksemd. Tidlegare spesialrådgivar i Rikskonsertane, Tone Vandvik, har vore redaktør for utgivinga.
Gjennom 50 år har Rikskonsertanes skulekonsertar vore med på å forme generasjonar av befolkninga i landet, heile landet rundt. Nokon hugsar skulekonsertane som noko sært, rart og vanskeleg, andre skjønte at det var akkurat musikk dei sjølv skulle drive med og leve av i vaksen alder.
Ein ting er sikkert: Musikken set spor, same kvar ein er og kvar eller korleis ein opplever han. Rikskonsertane er historie, men skulekonsertane held fram som ein del av Den kulturelle skulesekken ute i fylka i landet.
Fakta om Kulturtanken
Les òg saka frå då vi var i Hammerfest 4. januar 2018, nøyaktig 50 år etter Rikskonsertanes opningskonsert, 4. januar 1968.