Lena Skjerdal synger under en konsert på Marked for Muikk

Ny produksjon i DKS: Konrad Kråkebolle og andre fjærefantar

DKS Vestland og ein gjeng talentfulle kråkebollar tar oss med til fjæra der alle slags dyr og musikksjangrar bur.

Lena Skjerdal og Erik Halvorsen under konserten på Marked for Musikk 2020.

– Eg held på å dekorere heile kontoret mitt med måleri, for eg har jo ikkje hjarte til å kasta nokon av desse dyra!

Lena Skjerdal held opp eit par kunstverk som ho har fått av elevar på turné i Den kulturelle skulesekken, som førestiller ulike sjødyr i full fargeprakt. Jazzsongaren synest dette er noko av det beste med jobben, og elskar å aktivisere borna ho møter.

Det vesle orkesteret Kråkebollane består av Skjerdal, Erik Halvorsen og Knut Lothe. Saman har dei reist land og strand rundt med ein gjeng uforlikelege karakterar frå diktboka «Konrad Kråkebolle og andre fjærefantar», som er skriven av Lisbeth Dreyer og illustrert av Per Ragnar Møkleby. Trioen har laga musikk til dikta, og heile den musikalske verktøykassa er teken i bruk for å gjere små og store dyr i vasskanten levande for sitt unge publikum.

Kråkebollane i aksjon under årets Marked for Musikk i Larvik.

Tango-maneter og funky krabbar

Reaksjonen var spontan då Lena Skjerdal leste diktboka til Lisbeth Dreyer: desse dikta ville ho lage musikk til! Forfattaren var med frå første stund.

– Ho hadde alltid hatt lyst til å ha musikk til dikta, og syntest det var spennande å sjå det universet ho hadde laga få utvikla seg vidare, seier Skjerdal.

Gjennom fantasifulle sjangerhopp dyrkar musikarane den leikne tonen i boka. Ein brennmanet svevar inn til smektande tangotangentar, og Karelius Krabbe får eit funky lydbilete som svarer til den listige naturen hans.

– Vi har laga ein musikalsk karikatur til kvar av dei, og har hatt det morosamt med å leike oss fram, seier pianist Erik Halvorsen, som saman med kollegaene sine har ei brei erfaring innan rytmisk musikk og formidling til born. Inspirasjon frå mellom anna reggae, norsk folkemusikk og vest-afrikansk call-and-response er å spore i songane. Ein av dei blir sendt ut til skulane før konserten, slik at elevane kan synge med av full hals.

Her ser du Per Ragnars Møklebys illustrasjonar av Konrad Kråkebolle, Bella Blåskjell og Rikarda Reke, saman med skuleelevanes eigne kunstverk:

Illistrasjon av ei kråkebolle frå boka Konrad Kråkebolle
Illustrasjon av eit blåskjell
Illustrasjon av ei reke
Ein barnetegning av sjødyr
Ein barnetegning av ei kråkebolle
Ei barnetegning av ein brennmanet

Berekraftig leik

Øyvind Lyslo, seniorrådgjevar i DKS Vestland. Foto: Vegard Fimland
Øyvind Lyslo, seniorrådgjevar i DKS Vestland. Foto: Vegard Fimland

Å få jobbe saman med musikarar med så brei og solid erfaring er både inspirerande og lærerikt. Då ligg det godt til rette for kreative og konstruktive prosessar, seier Øyvind Lyslo, musikkprodusent i DKS Vestland.

Han får gode tilbakemeldingar frå musikarane for fridomen og tilliten dei fekk i utviklinga av konseptet. Sjølv meiner han det er blitt ein glimrande musikkproduksjon for ei yngre målgruppe.

– Tekstane er på nynorsk og musikken er innom ei rekkje stilartar som er svært godt framført. Når dette blir krydra med dramaturgiske element og Per Ragnar Møkleby sin illustrasjon som bakteppe, trur vi at elevane vil tenkje på både Konrad Kråkebolle, Sabine Strandsnigel og Rikarda Reke neste gong dei går på tur langs fjæresteinane.

Det du kan noko om, det vernar du om. Det vil du ta vare på.

Lena Skjerdal

Musikarane håpar òg at borna vil tenkje på dyra etter at dei har reist, og meiner det heng saman med forfattaren sitt bodskap.

– Dreyer skriv denne boka fordi ho trur at det du kan noko om, det vernar du òg om. Det vil du ta vare på, seier Skjerdal som i tillegg til å drive med musikk er lektor på Høgskulen på Vestlandet. Ho underviser i kunstfag på lærarutdanninga, og trur det er mykje å hente i produksjonen for skulane. Til dømes ved å tilby noko nytt og moderne til nynorsk-repertoaret, med tematikk frå vår samtid som blir fortalt på born sine eigne premissar.

– Dette med berekraftige bidrag har fleire sider. Det handlar om å skape musikalske opplevingar og arenaer for ungar, men òg at dei lærer noko om å ta vare på naturen og spesielt livet i havet. Sånn sett så tangerer vi fleire av FNs berekraftsmål.

Musikerne Lena Skjerdal og Erik Halvorsen fremfører konsert under Marked for musikk
Musiker Knut Lothe gjør ablegøyer under konsert på Marked for Musikk
Musiker Lena Skjerdal leder skoleelever i sang under Marked for Musikk

Trioen sit ikkje mykje i ro når dei er på turné. Ein gong kom heile skulen, sjølv dei største borna, hugsar Lena Skjerdal. Eg har aldri vore så sveitt som eg var då!

Den magiske musikken

Rett før jul kjem alle songane ut på plate, og heile boka med alle dikta og illustrasjonane er med i albumomslaget. Då er Kråkebollane òg klare til å dra ut på vegen igjen. Dei kan melde om topp stemning på DKS-turneen i vår, og trur ikkje framsyninga blir noko dårlegare av korona-restriksjonane.

– Det at ein skaper magi og opplevingar gjennom interaksjon og kommunikasjon med elevane blir sjølvsagt forsterka av at ein kan nærme seg dei. Men ein kan òg jobbe meir for å skapa den forma for kontakt utan å vere over den siste meteren, meiner Skjerdal.

Det nære møtet med born i konsertsamanheng, når du ser at jobben din verkar der og då - det er veldig stas, og veldig viktig.

Knut Lothe

– Det er det fantastiske med musikk. Han rører og kan skapa ei veldig intim form for kommunikasjon utan at ein treng å vere nær kvarandre, så lenge ein fysisk er i same rom.

Knut Lothe seier seg hjartans einig:

– Eg har sagt det mange gonger: Eg synest eg har ein dritviktig jobb! Det nære møtet med born i konsertsamanheng, når du ser at jobben din verkar der og då - det er veldig stas, og veldig viktig.

  • Konrad Kråkebolle og andre fjærefantar er eit samarbeid mellom DKS Vestland, Høgskulen på Vestlandet og Kulturtanken
  • Produksjonen er basert på boka med same namn som er skriven av Lisbeth Dreyer. Den ble utgjeven på Skald forlag i 2014, og er illustrert av Per Ragnar Møkleby
  • Idé/ opplegg: Lena Skjerdal i samarbeid med Knut Lothe og Erik Halvorsen
  • Produsent: Øyvind Lyslo/DKS Vestland
  • Uttrykksform: Musikk, litteratur
  • Alderssteg: 1. til 4. klasse
  • På turné i veke 50 (2020) og veke 5, 6 og 23 (2021)
  • Eit musikkalbum basert på songane i produksjonen blir utgjeven i slutten av 2020. Følg med på Kråkebollanes Facebook-side
  • Meir info: https://skulesekken.no/produksjon/1467808

LES OM FLEIRE AV ÅRETS NYE PRODUKSJONAR:

DKS Oslo om Tigerstadteaterets Jungelen

DKS Nordland om Timimie Märaks Biejvvelådde – fra jukselapp til sommerfugl