En gutt med høretelefoner ser på en skjerm

2,5 millionar til å styrkje det digitale kulturtilbodet til barn og unge

Fem prosjekt får støtte.

llustrasjonsbilde: NTB

Som oppfølging av Meld. St. 18 (2020-2021), Oppleve, skape, dele. Kunst og kultur for, med og av barn og unge, lyste Kulturtanken ut såkornmidlar til utviklingsarbeid som skal bidra til ny kunnskap og kompetanse og som skal styrkje det digitale kulturtilbodet til barn og unge.

– Regjeringa vil styrkje det digitale kulturtilbodet til barn og unge og bidra til at fleire får høve til å både oppleve og skape digital kunst og kultur på eigne premissar. Med såkornmidlane får fleire dyktige offentlege, private og frivillige aktørar rundt om i landet høve til å teste ut nye metodar for å nå og engasjere fleire barn og unge, seier kulturminister Anette Trettebergstuen.    

Til søknadsfristen 9. november fekk Kulturtanken 32 søknader frå frivillige organisasjonar, kulturskular, kommunar og fylkeskommunar og private aktørar om nærmare 14 millionar kroner.

– Det var stor interesse og mange gode søknader. Vi er glade for at vi kan tildele 2,5 mill. kr til fem prosjekt. Og for dei som ikkje nådde opp i denne runden, så kjem det kanskje nye moglegheiter neste år, då såkornmidlane er foreslått ført vidare i forslaget til statsbudsjett for 2022, seier direktør i Kulturtanken Øystein Strand.

Med såkornmidlane får fleire dyktige offentlege, private og frivillige aktørar rundt om i landet høve til å teste ut nye metodar for å nå og engasjere fleire barn og unge.

Kulturminister Anette Trettebergstuen

Nærmare informasjon om dei tildelte prosjekta

Ung Kultur Møtes (UKM Norge) har fått tildelt 1 mill. kr til Kulturnett 3.0. Dei skal gjennomføre seks pilotprosjekt som omhandlar musikkundervisning og samspel på nett via ein ny fiberbasert infrastruktur utan forseinkingar eller kvalitetstap, etter modell av liknande forsøk gjennomført i Sverige og Finland. Pilotprosjekta vil gjennomførast i samarbeid med Høgskolen i innlandet, NTNU Institutt for musikk, Remote North, Uninett og Norsk kulturskuleråd, og dessutan kulturskulane i Sel, Lillehammer, Hamar og Trondheim.

Norsk Teknisk Museum har fått 400 000 kr til prosjektet 1/0 til Design. Dei skal vidareutvikle eit datakulturtilbod og gi fleire barn og unge i alderen 14-18 år høve til å lære koding med design som metode. Prosjektet vil òg koplast til utstillinga I/O som skal opnast våren 2022, som vil vise korleis programmeringa til datamaskina kan lærast med estetikk og kunst som utgangspunkt.

Tromsø kommune via Tvibit har fått 200 000 kr til å vidareutvikle Kreativ Teknologi-programmet og gjennomføre tre delprosjekt; Last Stop & NUFF Digital Hubs, ei digital festivaloppleving, versus@Tvibit, eit livestreama program om dataspelkultur av og for ungdom og My Arctic Life Multimedia, eit digitalt utstillingsrom for unge fotografar.      

Sarpsborg kommune har via samarbeidsprosjektet KRED, fått 500 000,- til prosjektet Studio 2. Dei skal vidareutvikle fleire streamingprosjekter av og med ungdommar, under dette mellom anna Cafe UK og streamingstudio for e-sport. Prosjektet omhandlar etablering av studiofasilitetar for å kunne nå og engasjere fleire barn og unge.

Landsforeningen Ungdom og fritid har fått tildelt 400 000,- til prosjektet Inkluderende datakultur. Dei skal utvikle og ta i bruk ein ny medverknadsbasert metode som skal gi fleire barn og unge høvet til å oppleve datakultur på eigne premissar, i samarbeid med KRED ved Sarpsborg kommune og NOVA ved Trondheim kommune. Prosjektet skal styrkje det digitale ungdomsarbeidet og metoden skal kunne brukast av andre tilretteleggere innan kultur og fritid for barn og unge.