Ny søknadsfrist
Fristen for å søkje tilskot til barne- og ungdomskultur i kommunal planlegging blir utvida til 11. oktober.
Det er i tillegg noko endra ordlyd i «korleis søkje» for å få på plass politiske vedtak:
«Politisk vedtak eller stadfesting frå rådmannen dersom søknaden gjeld utarbeiding/rullering av plan med barne- og ungdomskultur inkludert.»
– Vi jobbar no med å formidle dette til alle samarbeidspartnarane våre og håpar på flest mogleg søkjarar. Ordninga er viktig fordi det er viktig å inkludere barne- og ungdomskultur i lokale planprosessar og finne gode måtar å gjere dette på, seier June Mariann Breivik, direktør for Avdeling for skule og barne- og ungdomskultur i Kulturtanken.