Utenforfloken
Ein må tenkje stort og utradisjonelt for å løyse komplekse samfunnsutfordringar. Kulturtanken deltek i innovasjonsprosjektet Utenforfloken, som vil forhindre utanforskap blant barn og unge.
I 2002 vedtok Stortinget ein visjon om ingen drepte eller hardt skadde i vegtrafikken, ein såkalla nullvisjon. I dag døyr halvparten så mange som den gong. Dette viser at det er mogleg å oppnå store ting viss ein set seg hårete mål og saman jobbar for å oppnå dei.
På same måte har ei rekkje aktørar på tvers av sektorar og arenaer, inkludert Kulturtanken, nyleg lansert ein nullvisjon for utanforskap blant barn og unge; Null unge utanfor.
Firmaet Æra har leia innovasjonsprosessen. Då deltakarane møttest for første gong, peika prosjektleiar Mads Bruun Høy på artisten Musti som eit døme på ein som fall utanfor, men fann seg sjølv og ein måte å uttrykkje seg på gjennom musikken. Nyleg fekk ho to Spellemannspriser; årets Hiphop og årets nykommar. Ho er rappar frå Tøyen, ho er jente og ho kom, ifølgje meldarane, «ut av intet».
Kulturtanken har delteke i innovasjonsprosessen Utenforfloken fordi vi veit at kunst og kultur kan forløyse talent og kreativitet og skape nye vegar for barn og unge som fell utanfor. Men samtidig er koden for å skape dei gode felles løysingane på korleis vi gjer det, ikkje knekt.
Vi veit at det er forskjell i deltakinga til barn og unge, at deltaking i kulturen er mykje mindre enn i idretten og at representasjonen frå nokre grupper i kunsten og kulturen er låg. Det er ikkje mange av Musti, ho er ein av svært få.
Kulturen på dagsordenen
19 aktørar har brukt seks månader på Utenforfloken. Deltakarane har representert idrett, frivilligheit, offentleg sektor og det private næringslivet. Saman har vi delteke i ein prosess der vi har delt kunnskap, gjort undersøkingar og jobba fram idear og konsept som kan bidra til å løyse Utenforfloken.
– For Kulturtanken har det vore viktig å setje kulturen på dagsordenen i Utenforfloken. Derfor var det vesentleg for oss at aktørar som Kulturskolerådet og UKM òg deltok.
Vi ser tidvis rolla til kulturen i arbeid med utanforskapar blir marginaliserte, og at bidraget til sektoren blir dårleg kommunisert, samtidig som aktørar som Musti representerer nettopp potensialet til kulturen, seier Kulturtankens direktør Øystein Strand.
Deltakarane i Utenforfloken kom fram til 13 konsept. Disse og nullvisjonen Null unge utanfor blei lansert 27. april. Fleire av konsepta tek utgangspunkt i å skape arenaer for barn og unge innan kunst og kultur.
Dører til kulturlivet
Kulturtanken har vore særleg involvert i konseptet Mellomrom, som skal opne dørene til kulturlivet for alle som ikkje har funne sin stad. Mellomrom skal fylle rommet etter skuledagen og fram til foreldre kjem heim, med aktivitetstilbod basert på barna og unge sine eigne interesser knytt til kunst og kultur.
SFO og AKS er berre eit tilbod for dei fire første klassetrinna. Faktum er at etter skuletid står skulane tomme, men fulle av potensiale. Tanken er å bruke skulebygg til å tilby 10-12-åringar nye opplevingar innan kunst og kultur.
Kulturtanken har jobba saman med Den Norske Opera & Ballett, OBOS og Norsk kulturskuleråd om konseptet.
– Ein viktig dimensjon av prosjekta er at dei krev samarbeid mellom sektorar og aktørar, ofte mellom skule, frivilligheit og kultur. Å byggje bruer har dessutan ein eigenverdi som kan komme til nytte i andre samanhengar, påpeikar Strand.
Ein viktig dimensjon av prosjekta er at dei krev samarbeid mellom sektorar og aktørar.
Øystein Strand
Oppdag kultur, fellesskap og identitet
Ei særleg innsikt frå Utenforskapsfloken er at kunst og kultur ofte er arenaer for mange som ikkje får til skulekvardagen eller for dei som ikkje har eit idrettstalent.
– Vi veit at idretten er gode på å plukke opp unge som står i fare for utanforskap og gi dei ein arena, men ikkje alle passar inn der, seier Strand.
Ei undersøking viser at deltakelse i kunst og kultur er lav samanlikna med idretten, og at potensialet til kulturen som samlande og inkluderande arena er underbrukt. Dette blir òg reflektert i kulturpolitikken, som både i Kulturmeldingen og Barne- og ungdomskulturmeldinga peikar på visjonen om å skape tilgang til og deltaking for alle barn og unge i kulturen.
– Vi må styrkje moglegheita for barn og unge til å oppdage kulturen og i det oppdage fellesskap og identitet. Utenforfloken kan bidra til dette, seier Kulturtankens direktør.
Framover vil Kulturtanken halde fram med å jobbe med initiativ som kan bidra til eit inkluderande og ope kulturliv, gjerne saman med andre aktørar.
Meir om to av konsepta:
Mellomrom
Konseptet Mellomrom er utarbeidd av Norsk kulturskuleråd, OBOS, Kulturtanken og Den Norske Opera & Ballett. Det blir slik beskrive: «Fleire barn og unge har etter fjerde klasse ikkje tilgang til AKS/SFO.
Mellomrom fyller rommet etter skuledagen og fram til foreldre kjem heim, med aktivitetstilbod basert på barna og unge sine eigne interesser knytt til kunst og kultur. Fleire barn og unge uttrykkjer eit ønske om fritidstilbod utan prestasjonspress.
Etter fjerde klasse mistar òg mange tilgang til AKS/SFO og dei tilhøyrande aktivitetstilboda. Mellomrom fyller tidsrommet rett etter skuleslutt, før foreldre kjem heim frå jobb, med aktivitetstilbod innan kunst og kultur. Innhaldet blir skapt i samarbeid med lokale kulturtilbydarar og barn og unge sjølv – slik blir innhaldet utforma etter lokalt behov og kunnskap.
Ved å bruke skulen og nærmiljøet rundt som arena, sørgjer Mellomrom for ein relevant, lokal møteplass som senkar den økonomiske og sosiale terskelen for deltaking. Eldre elevar med kredibilitet hos målgruppa kan vere med å skape og leie tilbodet, og bidreg dermed som naturlege rollemodellar.»
Gnister
Konseptet Gnister er utarbeidd av Norsk kulturskuleråd, Kulturtanken og GjensidigeStiftelsen. Det blir beskrive slik:
«Gnisterer" ein digital arena der barn og unge kan dele hobbyane sine, aktivitetar og prosjekt på tvers av interesseområde og geografi. Ved å dele aktivitetar kan dei som er på Gnister både gi og henta idéer frå kvarandre.
Gnister er ei nasjonal oversikt som viser mangfaldet i aktivitetstilbodet som eksisterer i landet, både organisert og uorganisert aktivitet. Gnister synleggjer aktivitetane, koplar unge menneske saman med kvarandre og inspirerer til skiping av fleire tilbod. Gnister bidreg òg til at det blir enklare for barn og unge å komme i kontakt med andre som er interesserte i liknande aktivitetar som dei sjølv. Dei som driv lokale initiativ og aktivitetar kan sjølv melde desse initiativa inn til plattforma. Aktørar som er interesserte i å støtte eksisterande initiativ og hjelpe med oppskalering, kan bruke Gnister for å få ei god oversikt over kva som finst.
Eit viktig poeng i Gnister er å vise aktivitet, skape ny aktivitet, opprette kontakt mellom menneske, bidra til vennskap og å skape tilhøyrsel!
Les meir: utenforfloken.org og nullungeutenfor.no