Fem ungdommer sitter rundt et bord. Det ligger et stort ark på bordet. Ungdommene diskuterer og skriver på arket

Nær 1,3 millionar til integrering av barne- og ungdomskultur i kommunal planlegging 

Seks kommunar får til saman 1, 269 millionar kroner til pilotprosjekt. 

Illustrasjonsbilde: Edvin Johansson/Unsplash

I budsjettet for 2022 er det avsett fire millionar til pilotprosjekt som skal utvikle modellar for inkludering av barne- og ungdomskultur i kommunal planlegging, jf. Prop. 1S (2020-2021) og Meld. St. 18 (2020-2021) Oppleve, skape, dele. Kunst og kultur for, med og av barn og unge.

Ordninga blir forvalta av Kulturtanken som samarbeider med KS, Norsk kulturforum og Norsk Kulturskoleråd.  Kommunane som har fått tilskot i denne omgangen er Stord, Ørland, Arendal, Frogn, Tromsø og Froland. Tildelte midlar varierer frå 119 000 kroner til 300 000 kroner.  Målet med ordninga er å bidra til ein betre koordinert lokal kultursektor ved auka samarbeid mellom ulike aktørar, og utvikling av gode møteplassar for deltaking og inkludering. I tillegg er lokale og regionale planar ein viktig og sentral del av dei nasjonale føringane og prioriteringane på kulturfeltet.

Oversikt over tildelinga (PDF)

Fakta om tilskotsordninga

  • Ordninga skal gi tilskot til kommunar som ønskjer å utvikle modellar for samarbeid og samskaping der barne- og ungdomskultur inngår i kommunal planlegging.
  • I Meld. St. 18 (2020–2021) Oppleve, skape, dele — Kunst og kultur for, med og av barn og unge blir spesielt trekt kulturskulen fram som ein viktig aktør i dette arbeidet.
  • Kunnskapsutvikling og erfaringsdeling er viktig i pilotprosjektet. Modellar og erfaringar frå arbeidet i kommunane i piloten, konkrete planar som blir laga og dei prosessane som leiar fram til dette må dokumenterast og kunne delast med andre. Dermed kjem resultat og erfaringar fleire til gode.
  • I løpet av prosjektperioden vil Kulturtanken i samarbeid med KS, NOKU og Norsk Kulturskoleråd leggje til rette for delings- og kompetansearenaer for tilskotsmottakarane.
  • Ein avsluttande delingsarena blir arrangert i 2023.

Les meir

Jente hopper over et paradis tegnet med kritt

Innretning av ordning for barne- og ungdomskultur i kommunal planlegging

Målet er en bedre koordinert lokal kultursektor.